onsdag 2. september 2009

35) 1. Joh. 5, 13

Evig liv

1. Joh. 5, 13

.

Johannes skriv brev til sine venner – om ei evig ting. Bibelske brev er annleis enn våre ofte, for me skriv om livet her og nå, om borna, været og det me har opplevd. Brevskrivinga vår viser ofte kva me er opptekne av, utan at det i seg sjølv er galt. Men Johannes tenkjer på æva og frelsa. Det må me gjera nå.

.

1. Jesus kom for å gi evig liv.

Det var meininga med jul og heile Jesu liv. Gud ville me skulle bli frelst. Det seier han klårt i kap. 4, 14: Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. Heile Jesu liv og teneste er vitnemål om det. Han vi gi oss noko – det beste av alt: eit evig liv.

.

Det er ikkje å leva fullkome her i verda. Ingen har klart det, og det var aldri Guds meining. Han visste vel at ingen makta det, difor viste han ein annan veg.

.

Jesu frelse er heller ikkje ei ny lære, heilt ulik GT. For evangeliet ligg innbakt i Det gamle testamentet. Der er mange klåre profetiar og ord som peikar framover mot Jesus Kristus. Somme ser på Bergpreika (Mat 5-7) som ei slik ny lære. Det er fin tale, seier dei, den held me oss til. Russaren Leo Tolstoj sa t.d. at den skulle vera grunnlov i landet. Men ingen har makta å fylgja den heller.

.

Men Jesus kom heller ikkje for å fordøma oss for det me ikkje makta. I Joh 3, 17 står det klårt. Jesu kome er ikkje dom, men frelse for syndarar.

.

For me treng noko heilt anna enn reglar og bod og lovar som me skal halda. . Me treng liv og frelse frå synda og fortapinga. Me er døde i våre synder og har ikkje livskontakt med Gud. Ledningen er klypt av, og straumen når ikkje fram.

.

Då kom Jesus med ein ny ledningen. Forbindelsen vart i orden igjen. Eit menneske kan få evig liv her og nå.

.

Dette livet varer evig, heilt inn i himmelen. Er du med der? Det tek til her i livet, ved omvending og tru på Jesus. Då blir du ein himmelborgar, Fil. 3, 20: Vårt rike er i himmleen, sa Paulus der.

.

Dette livet er også heilt annleis enn det jordiske. Det har ein annan karakter. Først og fremst er det reint. Det kan jo ikkje vera noko anna, når Jesus har gjeve oss det.

.

2. Me får det ved tru.

Ved tru på Guds Sons namn, står det. Og det tyder alt det som ligg i hans namn og person. Eige strev og moral er for dårleg. Det ”beste” i oss er ureint. Tru er å sleppa vårt eige, kasta det frå oss og gå til Jesus med alt. Me får ta imot det han gjorde for oss.

.

Paulus skriv slik: Ved forkynninga sin dårskap skal han frelsa dei som trur, 1.Kor. 1, 21. Det tyder å høyra om Jesus og ta det til oss.

.

Tru er ikkje byggjeklossar der me legg gjerning oppå gjerning og trur at me får til eit hus for Gud. Han vil aldri godta det, for alt vårt er smitta av synd. Nei, trua er nøkkelen til Guds skattkammer. Der kan me gå inn og forsyna oss og ta til oss alt me vil og treng. Guds gaver ligg der for oss.

.

Og trua er ei opa hand som seier ja takk til kallet frå Gud. Det gjorde den fortapte sonen i Luk. 15. Han varet minna om farshuset, så reiste han seg og gjekk heim. Det er å svara ja. Difor var han ikkje lenger ein fortapt son, men ein heimkomen son.

.

3. Viss om frelse.

Så seier dette verset at me kan bli visse om frelsa. Me kan leva i vissa om at me er Guds born. ”Dette har eg skrive”, seier han. Vissa er ikkje kjensler og opplevingar i sjela. Den er bygt på det som står skrive, Skrifta, Bibelen. Sjå der, les kva Gud har sagt om frelse, ikkje ver oppteken av det du sjølv tenkjer om frelsa. Her gjeld berre Guds tankar. Guds ord er sterkt og fast som fjellet. Det er sikkert i alle stormar. Jfr. Joh. 20, 31; Rom. 10, 17.

.

Så kom frimodig, grip det evige liv, sa Paulus til den yngre Timoteus. 1. Tim. 6, 12. Og det livet er i Jesus. Amen.