torsdag 3. september 2009

75) Hebr. 9, 27-28.

Noko sikkert!
Hebr. 9, 27-28.

Det er mykje usikkert i denne verda. Mykje kan endrast, både i oss og av oss menneske. Livet kan vera variabelt og forskjellig. Det er så ulikt det me opplever og må gjennom.
Likevel - noko står ennå fast, og det merkelege er at det vil folk flest helst gløyma! Så djupt er fallet og så øydelagd er vår natur.

1. Døden.
Den er sikker. Den er vår lodd og del. Det er så bestemt at alle må døy. Det er ein ufråvikeleg regel i menneskelivet om ein trur på Gud eller ikkje. Livet tar slutt ein gong, og dødens engel kjem til alle hus. Det er som Paulus seier: Syndens løn er døden, Rom. 6, 23.
Og døden er ei fylgje av synda, den kom resultat av syndefallet i Eden. 1. Mos. 3. Difor gjeld den alle menneske.
Det står om Jesus i påsken: Han er skuldig til å døy (Mat. 26,66. Jesus var det avdi han tok vår syndeskyld. Men det er og sant om oss. Me er skuldige til å døy, som menneske og som syndarar. Og i Mar. 14, 64 står det: alle fann han skuldige til å døy. Det var ingen tvil hjå folket. Det var ikkje Pilatus soms a det eller yppersteprestane. Folket var med på det.
Og slik er det med oss. Gud skal finna oss skuldige i døden. Men ein dag vil folk flest sjå sanninga i det: me er ikkje betre. me må den vegen.
Nå skjer noko merkeleg: folk flest gjer døden ufarleg. Nå blir det sagt: Det er ein naturleg del av livet. me er ikkje red døden, men lidinga ved døden, seier dei.
Kva snakk er dette? Døden er ikkje naturleg! Me er skapt til livet, og døden er mot alt som heiter liv. Døden er ei fylgje av synda, eit resultat av synda og som ei førebels straff over synda.
Paulus skriv: og døden kom inn på grunn av synda, avdi dei synda alle. Rom. 5, 12.
Det er døden sitt alvor: det er eit punktum, ein slutt, den set eit skilje. Og det er eit forvarsel om eit endeleg evig skilje. Job seier: Om noen få år skal jeg vandre den vei som jeg ikke vender tilbake. Han visste det rette: Døden er den endelege slutten på dette livet.
For mange år sida kom det ut ei bok om dei sister tider sett frå ikkje-religiøs synsstad, med tittelen: Ingen går fri. Og nett slik vil det bli: ingen går fri - kristen og hedning, høg og låg, alle må inn gjennom denne porten. Det seier ordet oss i dag.

2. Dom.
Det andre som er sikkert er at døden ikkje er slutten. Og deretter dom, står det. Når me står ved ei grav skal me vita: denne personen skal ein gong kom attende, stå opp. Det er klår tale i Bibelen.
På nestsiste blad i Bibelen har me det: eg såg dei døde stå for Gud, små og store. det tyder alle, også barna skal stå til reknskap for Gud. Det blir et veldig møte. Ingen kan stikka seg vekk der. Også dei kremerte er der, dei som strødde oska ut over fjella vert samla til dommen. Gravenme skal opnast.
Jesus sa det sjølv i Joh. 5, 28f.: Den time kommer da alle de som er i gravene skal høre hans røst. Og de skal komme ut - til liv eller til dom. Det skjer kanskje ikkjje på same dag, men det vil skje. Og det er alvoret og poenget.
Då står det, skal dei dømast etter sine liv og gjerningar. Det ytre livet viser det indre i mennesket.Ingen ting er gløymt hos Gud.
Likninga i Mat. 25, 14 om talentane viser og det: han med den eine talenten brukte ikkje sin anledning om han var liten. Difor vart kan kasta ut.
Dette er ein ubehageleg tanke for menneska. Men det er nødvendig å stansa for det i vår tid som har gløymt dommen. Og i Åp. 20, 15 står det klart: Berre dei som var oppskrivne i livens bok slapp fri. Og der kjem berre dei truande. Det er ikkje nok at du ein gong vart døypt eller ein gong var med. Det er spørsmål etter om du lever i trua og Guds nåde nå.
Dette skal me forkynna, seier Bibelen. I Apg. 10, 42: Han bød oss å forkynne for folket og vitne at han er den som Gud har sett til domar over levande og døde. Så det er ei plikt for prests og prediaknt å forkynna klårt og sant om dommen. Gjer me det nå?
Ofte har me eit feil bilde av Gud, og det kjem oftast frå forkynning og kristne bøker. I ein radioandakt nyleg vart det sagt: Gud er ikkje ein politimann som ser etter feil hos folk.
Jo, det og. Han er mykje, men og den som ser alt og som vil straffa folk for alt.
I Salmane har me eit par fine ord om dette: Salme 45,8 seier: Du hater ondskap - og det vonde er jo hjå menneska. Og i Salme 5, 8: Du hatar alle dei som gjer urett. Gud hatar ikkje berre sjølve handlinga og synda, men og han som gjer handlinga. Og han hatar dei fordi at dei gjer det dei gjer, altså for handlinga si skuld og ikkje noko personleg. Men person og handling heng nøye saman. Me gjer etter det som bur i oss. Det indre vil bryta ut i gjerning. Den somtenkjer vondt om andre menneske vil koma til å tala vondt om dei.
Ve dei som ikkje trur på Jesus og får rensa sitt indre og ytre liv.

3. Jesu død og dom.
Slik me døyr ein gong og vert dømde, slik gjorde Jesus det og. Når Jesu død vert omtala her er det nett med tanke på det som alt er sagt. På grunn av synda er me dømde til å døy både lekamleg og evig og åndeleg. Dommen er nett den evige død i pine i helvete.
Difor måtte Jesus koma. Men Jesus død var noko anna enn vår. Me døyr på grunn av vår eiga og slekta si synd. Jesu død var eit offer og soning nettopp for sletta verda si synd. Gud handla i Jesu død. Noko stort hende.
Nå er me altså på Golgata. Der skulle Jesus ta bort vedra si synd då han vart ofra. Mange si synd, står det. I realiteten er det alle si synd avdi me er så mange. Denne synda var betalt, sona, straffa. Gud ordna opp med alt i Jesus død langfredag.
Og hovudpoenget her er at dette skal ikkje gjentakast. Slik me berre kan døy ein gong og dømast ein gong, slik skulle Jesus berre døy den eine gongen. Det han gjorde skal ikkje og kan ikkje gjentakast eller forbetrast.
Dette kjem att i kap. 10 vers 12 og 14 og 18. Jesus har bore fram eit einaste offer for synder. Då var det ferdig. Då sette han seg, hans teneste var slutt. Med det eine offeret har han for alltid gjort oss fullkomne. Det mangla ikkje noko i offeret. Så veldig var Jesu død. Ja, det står rett ut: då trengst det ikkje meir noko offer. I Jesu død er det alt forlating for all synd. Og der det er forlating der er mennesket frelst.
Så står det eit ord i Joh. 1, 12 som må vera med for at biletet skal verta rett: Alle dei som tok imot han fekk retten til å vera Guds barn. Alt var ordna for lenge sidan. Men dette store må bli mitt. Eg må på sett og vis få tak i det.
Det skjer altså ved å ta imot Jesus som sin personlege frelsar. I den stunda får eg alt det Jesus er og har gjort. Heile hans frelse og rettferd blit mi. Då er eg fri dommen. Det var jo min dom han tok på krossen.
- Ein gut stod saman med far på slottsplassen ein 17. mai. Barnetoget kom oppover Karl Johan og guten stirde opp mot slottsbalkongen og var uroleg. Kjem han ikkje snart? Med eitt vart barnet stille. Guten berre ser og ser. Og rister i den vesle kroppen. For nå lyfter kongen handa til lua si og helsar, vinkar til folket. Og guten ser: han såg meg, helste på meg. - Guten ser på far: Far, nå går me!
Kvifor? Han hadde sett kongen, og det var nok. Han trong ikkje meir.
Den som har sett Jesus har og fått alt. Han treng ikkje meir. Då er han fri, har opplevd det største på denne jord. Edin Holme seier i eit dikt: Den som ham har sett, kan intet friste, ringe synes alt han siden ser. Den som eier ham kan alting miste, han begjærer siden intet mer.
Og då - då skjer endå ein ting: Han gleder seg til

4. Jesus gjenkomst.
Denne Jesus skal kom endå ein gong og openberra seg. Då er der nokre som ventar på han, er ferdig, frelst. Og då hentar han dei heim til sin salige himmel. Evig borte og fri frå alt vondt og synd.
Hvor salig da den som når alt farer hen, har Jesus og himlen igjen.