onsdag 2. september 2009

48) 2. Pet 1, 3-5

61-2.Peters brev

2. Pet. 1, 3-5.

Peter skriv om den same dyre tru. Alle kristne har noko felles, så sant dei er sanne kristne. Ein professor på Universitetet sa ein gong i eit foredrag: Det er spørsmål om der er noko felles? Eg hugsar ikkje kva han sikta til, men det virka rart på meg då – for 30-40 år sidan. Lat oss sjå litt på dette:

1. Gud har gitt oss alt, v. 3.

Det er altså ei ferdig frelse me kjem til og eig som kristne. Er ikkje det felles? Det skal altså ikkje gjerast noko i tillegg. Ingen ting anna enn Jesus er naudsynleg til frelse.

Det hende noko radikalt nytt på Golgata. Då vart denne frelsa ferdig for alle menneske. Difor er krossen både misjonens og kristendommens utgangspunkt og sentrum Gud handla der, og alle var med i Guds plan då han ville skapa ei frelse for oss.

2. Han har gjeve oss kunnskap.

Hovudinnhaldet i denne kunnskapen er Jesus – han er Frelsar og bergingsmann. Han er meir verd enn alt anna på jorda. Fil. 3, 8. Difor er det ein umåteleg god og verdfull kunnskap. På misjonsmarka ser dei det klårt. Dette har dei aldri høyrt noko om. Det blir tent eit stort lys i syndarhjarto. Dei opplever at Jesus kan løysa dei frå syndekreftene og alt som bind.

Og det får dei og me ganske enkelt ved tilgjeving av synda vår. Gud forlet alt det vonde me har i oss. Det er klårt at det gir nytt mot til den fortvilte syndaren og kraft og fornying til trøytte kristne.

Men mange i vårt land er heilt framande for dette. Dei har høyrt noko og trur dei veit det – og finn ut at dei treng det ikkje. Feilen er ofte at dei veit ikkje det essensielle, det som gjer Jesus unik og frelsar. Den kunnskapen er det dei treng.

3. Gud gir oss løfter.

Heile Bibelen er full av løfter, også GT. Tenk berre på Jesaja og soga om Abraham.

Men me har fått dei største og dyraste løfter, både for dette livet og for æva. Og då gjeld det oss i den nye pakta. Ingen har nokon gong hatt så store løfter som me. For dei er knytte til Jesus, Guds Son.

Og desse løfter er dyre, kostbare og difor mykje verdfulle. ”Det kostet Jesu dyre blod å frelse meg en dag. Difor er dei kalla den ”dyre tru”. Det viser hendinga på krossen langfredag. Då betalte Guds Son frelsa vår med sitt liv og kostbare blod. Den var ferdig då Jesus ropte: Fullbrakt på Golgata. Johs 19, 30. jun.

4. Guddommeleg natur.

Alt blei nytt då me fekk tru oss frelste. Då hende også noko nytt inne i oss. V. 4. Me fekk ei ny natur. Me kjenner nok framleis på synda i oss, og me har den gamle medfødde natura som berre vil synda. Men i tillegg fekk me noko nytt. Og dette nye er underleg i høve til livet vårt før:

a) Nå elskar me Gud og hans folk på jord. Det gjorde me aldri før. Den gamle natura kallar me gjerne kjøtet, og den er ikkje i stand til å elska Gud. Den elskar berre seg sjølv. Kjøtet er ein egoist som berre lever for eige behag og det som passar best. Men Guds folk elskar Gud! Me har jo sett at han har gjort alt for oss, og då blir me takksame.

b) Me vil då leva for Gud. Det tyder også at me hatar synda og denne verda med alt det den kan gi oss. Me gjer slik som Jesus gjorde då Djevelen ville gi han heile verda hvis han tilbad Satan. Men då svara Jesus: Gud skal me tilbe!

Nei, det kristne livet er eit liv for Gud. Me vil tena han og gjerne leva til ære for han. Me klarar det aldri godt nok. Det sviktar for oss heile tida. Men trongen er der og me prøver. Når djevelen og dei verdslege menneska lokkar oss, er svaret NEI. Det er ikkje min plass. Me syng gjerne då: Jesus er livet for meg, lyset han er på min vei.

c) Dette får verknad utover i livet ikring oss. Alt blir nytt. Den som stal, stel ikkje lenger, seier Paulus. Den som dreiv hor, gjer ikkje det meir. Synda blir ei plage som me avskyr. Den beste vegen å gå er til Jesus. Han har svar på alt her.

- Då flyr me frå fordervinga i verda. Står det. Den nye natura vil altså det Gud vil. Og då vert all synd framand for oss. Rom. 7, 22. Efes. 2, 3. Det blir et ganske annet liv, syng salmisten. Det er ein viktig prøvestein for oss det.

- I tillegg legg me vind på å visa dyd, v. 5 og 8. Det nye livet vert aldri grunn for frelse, men det viser at me ER frelste. Me lever og viser oss som lys. Mat. 5, 16.

Folk merker at me trur på Gud og lever kvardagslivet vårt med Jesus. Men før har Peter skrive: ferdast i otte for Gud. 1. Pet. 1, 17. Det er ei viktig side ved kristenlivet i dag som før. Lat oss leggja vind på det!

---