søndag 20. september 2009

127) 2. Kor. 13,11

FORMANING
2. Kor. 13, 11.


I dette verset er det fem formaningar til Guds born. Nå er ikkje formaning det folk likast best. Det ligg noko lovisk over det som dei fleste ryggar unna for. Ein ber seg lett fri alt som smakar av bod og styring av oss frå andre. Her seier Paulus dette: "Gled dykk; Ver fullkomne; Lat dykk formana; Ha same hug; Hald fred med kvarandre. Me kunne gjerne stansa litt ved kva av dei formaningane, dei er nyttige. Men legg merke til at ei formaning er at dei skal la seg formana! Dei skal altså ta imot formaning og retta seg etter den.I eldre nynorsk nyttar dei ordet: påminna. Og det er eit fint uttrykk.

Lat dykk formana! Den påminninga skal me ta med oss i dag. Fleire vers i Bibelen talar om formaning til dei kristne. Kvifor høyrer me då så lite om det? Det er god grunn til å sjå nærare på sjølve formaninga til å lytta til formaning.

I 1. Tes. 5, 11 skriver den same apostelen i det første brevet sitt: "Forman difor kvarandre." Det er altså ei oppgåve for alle til alle mellom oss kristne. Seinare skreiv han slik: "Han forkynner vi, i det vi formanar kvart menneske og lærer kvart menneske," Kol. 1, 28. Mot slutten av livet sitt skreiv han dette: "Legg vinn på ... formaninga og på læra," 1. Tim. 4, 13.

I eit anna brev i Bibelen står fleire slike formaningar ( Hebrearbrevet): "Men forman kvarandre kvar dag så lenge det er dag" (3, 13); "Lat oss kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg" (10, 25); "Tak vel imot dette formaningsordet!" (13, 22).

Eit ord for "formaning" på gresk er Parakaleå, som kan tyda både å trøysta, oppmuntra og formana og oppfordra. Her ligg altså fleire tankar med når me nemner formaninga.

Dinest litt om plasseringa av formaninga i brevene. Dette er ikke heilt konsekvent, men ein trend i fleire brev som me gjer vel i å merka oss.

Første hovuddel i nokre brev er evangeliet, læra om frelsa og den gode bodskapen. Deretter kjem så formaning til å leva eit nytt liv på grunnlag av frelsa. Avdi me er frelste av nåde, bør me og leva rett i dette livet.

Romarbrevet er eit godt døme på det: Dei tre første kapitla talar om synd. Frå kap. 3,21 til 8, 39 er det tale om frelse og helging. Kap. 9-11 handlar om Israel. Frå kap. 12 kjem så formaninga. Noko av det same har me i Efesarbrevet: Kap. 1 talar om velsigninga i Kristus, kap. 2-3 om frelsa av nåde, og frå kap. 4 kjem formaninga.

Me finn og avsnitt med formaning i Hebr. 13, Kol. 3 og Fil. 4. Men det kan og koma avsnitt med formaning midt inne i eit brev, t. d. i Rom. 6, 11ff, Fil. 2, 1-5; Hebr. 3, 12ff. - Denne inndelinga er nok meint skal gjelda i alle talar og artiklar. Men hovudsaka er klår nok: Først må folk få høyra evangeliet og tru seg frelst av nåde, dinest kan me ta imot nyttige råd for livet som ein kristen.

For formaninga er naudsynleg. Evangeliet er nok til frelse. Det er stjerneklårt i Skrifta. Men det tyder ikkje at me berre skal forkynna Kristus slik i forsamlinga år ettere år. Alt det som står i Bibelen (her meiner me i første rekke NT) er naudssynleg. Og formaninga har stor plass i Bibelen, større enn mykje anna. Me ser og at det er formanaing i "gode" brev som har djup forkynning om nåde og frelse, t. d. i Efesarbrevet, Romarbrevet og Hebrearbrevet.

Målet med formaninga er ikkje at folk skal bli frelste ved dei. Du vert ikkje betre framfor Gud ved å halda formaningsorda. I Kristus er du alt fullkomen og kan ikkje bli betre der. For Kristus lever i deg nå, Gal. 2, 20.

Nei, formaninga står i helginga si teneste. Det er tydeleg for kvar ein av oss når me er ærlege at me kan verta "betre" i livet mellom menneska. Der manglar me mykje.

Målet med livet vårt er fleirfaldig:
Me skal æra Gud med kvardagslivet vårt.
Me skal vitna om frelsa, og det må me setjast i stand til.
Me bør unngå å skjemma ut for evangeliet ved eit slurvent kristenliv.

Det kan me berre nå ved å leva etter Guds vilje og plan med livet vårt. Me treng formaning til å leva rett. Difor står dei i Bibelen. Var dei ikkje naudsynlege, hadde dei ikkje vore med i Dei heilage Skriftene.

me kan dela formaningane opp i fleire grupper:
- Der er generelle formaningar, som å leva som born av lyset, verdige vårt kall og slsik det sømer seg, t.d. i Ef. 4, 1, Fil. 2, 14 og 1, 20 og 27.
- Dinest er spesielle formaningar, t. d. mot synder, eller til dygder - som t.d. i Ef. 4, 22ff, Fil. 2, 3-5 og Kol. 3, 5ff og 12ff. I tillegg kjem formaningar mot vranglære, Rom. 16, 17 m. fl. st.
- I tillegg er det formaningar til folk i ulik alder, stand og teneste, som i "hustavlene". Alt er skrive for at me skal ha von om eveig liv, Rom. 15, 4. Og det klarar me ikkje på eiga hand. Difor skriv Paulus slik: "Han som har sett oss i stand til nett dette, er Gud." 2. Kor. 5, 5. Der må me vera heile tida: Hjå Gud og Frelsaren.
-