mandag 7. september 2009

113) Fil 1, 6.

Fil. 1, 6. Den gode gjerning i oss.

Fil. er kalla brevet om gleda. me finn ordet i ei eller fleire former heile 15. Det var i denne byen evangeliet vart forkynt for første gong i Europa. Paulus tala med kvinna Lydia ein sabbat på bønestaden ved elva. Apg. 16,12 ff. Ho høyrde på han og Herren opna hjarta hennar, står det. Og det er det me treng nå. Hjarta vårt er så stengt for Guds ord og hans vilje at Ånda må opna det slik at me forstår. Men det var her i Filippi at han vart fengsla, men opplevde at dørene opna seg og fangevaktaren vart frelst. Her fekk han oppleva underet frå Gud.


Paulus byrjar dette brevet med å ynskja dei nåde og fred - den vanlege helsinga han har. Her skal me og få byrja vårt liv - og halda fram så lenge me lever: I Guds store og rike nåde og eiga fred med Gud her på jord. Det er velsigna godt.


Og så takkar han Gud for desse kristne. Så ofte han tenkjer på dei, kjem takken. Då ber han for dei med glede. Kunne me alle hatt det slik at me fekk gleda oss over kvarandre som kristne! Innhaldet i dette brevet viser kvifor det kan vera slik mellom truande. Her er verkeleg nokre grunnsanningar i kristentrua.


I v. 6 kjem så eit sterkt vers. Det er noko Paulus er fullt viss om, der var det ikkje noka tvil og uvisse: Det Gud hadde byrja i dei ville han fullføra! Gud gjer aldri eit halvveges arbeid. Det står fast like til dagen då Jesus kjem att og me er i himlen.


Og det var ei god gjerning. Me kan ikkje gjera noko godt sjølv, me har ingen gode gjerningar i våre liv. Alt er smitta og tilskitna av synda. Det er vår attest. Sangb. 352. Me må få alle gode gjerningar som gåve frå Gud.


Kva tenkjer så Paulus på her! Kva er den gode gjerninga som Gud har teke til? Først av alt kan me seia det er sjølve kristentrua, slik dansken Marius Jørgensen skriv i den fine kommentaren til brevet. For trua vår er Guds gjerning og ikkje vår. Me kan ikkje tru rett, men me kan få alt av Gud. - Men då vil me nemna nokre sider ved trua og det Paulus kan ha tenkt på når han skreiv. I alle høve er det sant for oss som vil til himmelen: Alt er av Gud.

1. Tilgjeving for synda.

Dette er byrjinga til frelse i våre liv. Det er sjølve frelsa å få tru at livet er blitt nytt, heile synderegisteret er sletta ut. Gud har gløymt mitt gamle og stygge liv. Noko heilt nytt er kome til.


- Alle treng denne tilgjevinga, for me har alle synda. Rom. 3,23. Det finst ikkje ein einaste på denne jorda som er utan synd. Det var berre Jesus. Du har og ei evig sjel, og du kan gå fortapt. Alle som lever i si synd er fortapt. Ingen ting kan oppvega det av alt du fekk og åtte på jord. "Om jeg eidde alt, men ikke Jesus, å, hva vinning var det for din sjel?"


- Bibelen seier klårt at berre Jesus kan dette. Og han gir det ikkje utan vidare - det skjer ved erkjenning og vedkjenning av vår synd. Der nede på kne der me legg alt framfor han og seier: eg er fortapt utan frelse og nåde. 1.Joh. 1,9. Han kan tilgi og frelsa avdi han har betalt med sitt eige blod. Han ber oss berre å koma med vår synd. Det er omvending, sa haugianarane. Då gir han av nåde - og det tyder som gave. Når synda er tilgjeven tek eit nytt liv til for oss. Livet med Gud. Og her i tilgjevinga skal me få leva alle våre dagar. Me kan kom att gong etter gong og dagleg ta imot ny forlating. Jesus har lova det: han som tok til og tilgav første gong - han vil halda fram, med stadig ny tilgjeving. Tilgjevne synder vert vårt kristendom like fram til Jesu Kristi dag.

2. Eit liv i helging.

Helginga er kvardagslivet som kristen, eller "vandringa". Det er å leva rett for Gud og menneske i dei mange ting me møter til kvardags. Klarer me det? Mange strevar med denne sida av livet. Dei ser at livet ikkje er som det skulle, me feilar så ofte og gjer det me angrar sterkt på i mange år etter. Korleis kan eg då nå fram?


Me må alle vedgå at livet ikkje er lett. Her er altfor mange freistingar og fårar og fiendar. Og me er sjølve så svake og har lett for å feila. Kva gjer me då?


Først må me tenkja slik: Helginga er som alt anna i Gudslivet eit Jesu verk. Gjennom heile livet er det han som verkar oss både å vilje og å verka (kap. 2,13). Og i Kristi gjerning er me fullkomne frå første dag. For Gud står me kledd i Jesu rettferd - og der manglar ingen ting.


Dinest kap. 2,12: arbeid på dykkar frelse med otte og age. Det tyder m.a. at me ikkje er kobla ut. Alle formaningane i breva syner det. Det er smertefullt når pottemakaren skal gjera karet om til eit anna kar - avdi det vart mislukka. Jer. 18,4. Synda overlistar oss og me kjenner skamma over eit syndefall. Då kjem Anden igjen og viser oss til Kristus - med ny nåde og tilgjeving. Då ber han oss å halda vakt - over tankar, ord og det me gjer. Han ber oss vera varsam med dei me søkjer selskap og omgang med, 1.Kor. 15,34-35. Ordet er skarpt når det står slik: Alt de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, Kol. 3,17.


Denne påminninga vil Anden halda fram med til me er ved porten i himmelen. Han slepp oss ikkje.

3. Tenesta, v.5.

Filipparane hadde vore med i arbeidet i Guds rike, v. 5. Jesus fortalde om nokre som var ledige heile dagen, Mat. 20,6. Diverre er det mange nå og som er meir opptekne av sitt eige liv enn av Guds gjerning. Her må me understreka: All gjerning for Gud tek til som ein Guds gjerning i oss. Gud verkar på oss ved Anden, og det held fram heile livet. Dersom vår teneste ikkje har utspring i Guds gjerning med oss sjølve, vert det berre kjøt og menneskeverk. Det er meir til skade enn til gagn for Gud.


Det er og sant at me kom inn i denne tenesta då me vart frelste. Då byrja Gud å arbeida med oss som hans vitne. Ofte er dei nyfrelste mest ivrige her - dei fortelja andre kva Jesus har gjort for dei. Så sant det er Anden som har skapt denne trongen, vil den halda fram. Og Gud verkar på oss dagleg. Når me lever i Ordet og bøna og samfunnet, vil han gi oss velsigningar som me kan dela med andre. Me er skapt i Kristus til gode gjerningar, Ef. 2,10.


Likevel: Jesus bad sine apostlar om å gå ut til alle. Mat. 28,19. Det er eit direkte bod om misjon. Ikkje alle har den same oppgåva. Alle truande er levande steinar i Guds hus, men ikkje alle steinar er synlege. Alle er likevel naudsynlege.


Alt er Guds arbeid. Misjonen er ikkje vår misjon. Det er Jesu gjerning. Det skal gjera oss små og audmjuke kva stilling me så får i hans rike. Me er berre unyttige tenarar som gjer skyldnaden vår. Luk. 17,10. Marta streva det ho kunne, men Maria valde den gode delen. Luk. 10,42.


Dette skal hjelpa oss til å sjå at alt er Guds verk. Får me gjera noko, er det nåde. Om ingen ser det me gjer, er tenesta like stor nåde. For Gud har oversyn over alt. Alt er i grunnen hans gjerning i oss - og den vil han halda fram med til Kristi dag. Han vil fullføra det han tok til med - til målet er nådd!

.