mandag 7. september 2009

110) Fil 4, 4

Fil. 4,4. Gled dykk i Herren

Dette brevet er kalla "Brevet om gleda", og det er viktig i kristelivet. Ordet finn me 15 (17) gonger og viser at Paulus la stor vekt på det her. I dette brevet brukar han ordet glede meir enn i noko anna brev. Det blir ganske spesielt når me veit han skreiv det i fengsel. Til og med i lekkjer kunne han gleda seg. Det viset at den kristne trua er sterk, den kan vinna over alt.


I Neh. 8,10 er det sagt slik: Gleda i Herren er dykkar styrke. Og i Esra 6,22 les me: Gleda var stor, for Herren hadde gjort dei glade. Det syner nett grunnen til ei slik sterk glede som varer i alt som møter oss.


Denne gleda er fødd i oss, lagt ned i sjela av Gud sjølv då han frelste oss. Difor er gleda ei Andens frukt, Gal, 5,22. Me fekk det i fødselsgåve. Salme 4,8: Du har gjeve meg glede i mitt hjarta større enn den dei andre har. Ingen ting i denne verda kan fryda oss slik som frelsa, korkje rikdom, makt eller ære.


Ordet i salme 34,6 er fint: Dei såg opp til han og stråla av glede. Det er løyndomen til ei ekte og sann glede: å fylgja Jesus, sjå på han. Du veit ikkje kor mykje du taper hvis du vrakar det Jesus har gjort.


På same tid blir me oppmoda og formana til å gleda oss. Det gjer Paulus i dette brevet: Gled dykk, atter vil eg seia: gled dykk! Det tyder vel at det ikkje alltid er så lett å sjå gleda. Og mange ting vil røva den frå oss og ta den bort frå oss. Difor seier han det så sterkt: Ikkje gløym gleda i Gud.

Kva er så gleda i Herren? Kva har me eigentleg å gleda oss over? Kva kan me seia om det nå:

1. Først: eg er eit Guds barn.

Johannes skriv om det slik: "Sjå kor stor kjærleik Faderen har vist oss at me skal kallast Guds born, og det er me. 1.Joh. 3,1. Dei som trur og tar imot Frelsaren, er blitt barn av Gud. Så lenge me lever i samfunn med Gud og høyrer Herren til, er me det. Ein songar seier det slik: "Du som freden meg forkynner, du en frelser, jeg en synder, du med Amen, jeg med bønn, du med nåden jeg med skammen - å, hvor vi dog passer sammen, du Guds salvede Guds Sønn."

Ei anna salme seier det slik: "Det er da noe å være barn av Gud den evige Fader, og her på jorden ha ham til venn som aldri sine forlater." Det må vera god grunn til glede. Peter hadde opplevd dette og skriv til sine vener: "De frydar dykk med ei useieleg og herleggjord glede", 1.Pet.1,8.

2. Frelsesgrunnen er Guds verk, ikkje vårt.

I kap. 2 talar paulus som dette: Det Gud har gjort til frelse for oss i Kristus. Og i Rom. 8,3 skriv han: Det som var umogeleg for lova … det gjorde Gud.


Det kan me gleda oss over, for det er ikkje noko av det me er, som gjer oss kristne. Paulus skriv ofte om dette: Alt er av nåde, utan vår forteneste. Det viser ikkje minste dette brevet. Det er berre Guds gjerning i Kristus som gjer oss til kristne. me kan ikkje forstå alt av det, men me kan ana litt av kor stort det er: Eg kan ikkje gjera noko til frelse, han har gjort alt. "Hva Jesus har meg givet gjør meg for Gud så kjær."


Gud sende Sonen sin, Jesus Kristus, til jord for å frelsa syndarar. Han kjøpte oss fri på krossen, og betalte for all vår synd. Det var umogeleg for oss å frelsa oss sjølve. Gud måtte gripa inn. han strauk ut skuldbrevet mot oss - og tok det bort då han nagla det til krossen. Kol. 2,14.

Difor kan me gleda oss - for gjorde oss skikka til å få del i himlen, Kol. 1,12. Dersom me såg meir av kva dette tyder, ville nok gleda strøyma over og skapa takk og lovsong.

3. Namnet står i livsens bok.

Paulus nemner nokre av venene sine på namn og seier: Dei har namna sine skrivne i livsens bok, v. 3. Det tyder at dei var frelste, dei var Guds born. Paulus kjende dei godt og han var viss om at dei var det. Det er rett etter dette han skriv: Gled dykk!


Jesus sa det same til sine læresveinar ein dag: Gled dykk over at namnet er skrive i himmelen, Luk. 10,20. Dei skulle ikkje leggja slik vekt på at arbeidet lukkast og at dei hadde gjort noko for Gud. Slike ting kan og bli ein fåre for oss, difor var det så naudsynleg å seia: gled dykk ikkje over det, men… Ingen ting er så viktig for oss som å vita at me har fått ein plass i himmelriket. Me synest nok at mykje anna er viktig i livet.


Kor viktig det er, ser me i Åp. 20,15: Om nokon ikkje var oppskriven i Livsens bok, vart han kasta i eldsjøen. Då er det ikkje von lenger. Då er alle sjansar oppbrukte. Eit døme på alvoret finn me i Esras bok 2,62. Då jødane kom heim att frå Babel, var det nokre som ikkje kunne gjera greie for opphavet sitt eller om dei høyrde til israel. Dei leita etter ættelistene sine, men dei fanst ikkje oppskrivne nokon stad, står det. Difor vart dei utestengde. Slik vil det gå ein dag med alle som er utan frelsa i Kristus - både i vårt land og i misjonslanda.

4. Gleda er ikkje bunden av jordisk lukke og velstand.

Avdi gleda er av Gud, kan ho vara ved gjennom sorg og sakn av våre kjære. under forfylgjinga og like ved dødens port. Til og med når eg minnest syndene eg har gjort, kan eg gleda meg! For eg veit at dei er tilgjevne for Jesu skuld. Paulus skriv: Som sørgjande, men alltid glade. 2.Kor. 6,10.

Det er stort å høyra Jesus til! Har du opplevd det, og teke imot den ferdige frelsa i Kristus?