torsdag 3. september 2009

80) Hebr. 4, 9

Kap. 4. Guds himmel - og Guds ord.

Hebr. 4,9. Kvile.
Dette ordet kan eign skjøna på to måtar – om kvila me får i Gud alt her på jord, og om den endelege kvila i himmelen. Det siste skal me tala om nå.
Himlen. Det står mange stader i Bibelen. Åp.21-22.
Det er målet for livet, der ER noko etter dette livet. Ei sabbatshelg – det er kvile, slik Gud kvilte etter skapinga, 1:Mos.1-2.
Slik vil Gud oss kvile. Det er i den heilage staden, det nye Jersualem. Dette namnet skapet glede og lengt hjå Guds folk. Me er som ei brur pynta for sin brudgom. Ho gleder seg til han.
Me kan tenkja slik: Tenk om eg hadde vore der, og så kome att og fortalt: Slik er det hjå Gud!
Men nå har me fått ord fra eign som har vore der. Jesus kjenner himlen, han veit korleis det er. Og han seier:
1. Alt vondt er borte. Sjukdom, savn, krig og ulukker.Mange har lidd på jord, Hitler, Sovjet, Mao. Aølt dette er ukjent. Det vila ldri skje der. Gud har fullstendig kontroll.
2. Synda er ukjent. Det er mykje synd i verda – nå er den særleg synleg snart i alle land, også innan den offisielle kyrkja. Men den finst inne i oss alle. Den er det skaper så mykje vondt. Me har såre minner som gir oss uro i oss. Me fall i synd, me tenkte, sa og gjorde det me ikkje skulle, og så unnlet me å gjera det gode som me burde. Det gjer eign kristen vondt.
Då er dette for alltid borte! Åp. 21,27.
3. Herlegdomen er stor. Me kan ikkje forstå kor stor den er. Her er det også sant: Det auga ikkje såg og øyra ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i menneskehjarta – det er det Gud har gjort ferdig for oss som trur. Himlen er likna med ein by som stråla som ein edelstein, Åp. 21; 7,16. Den er av jaspis, smaragd og safir. Ingen ting kan samanliknast med den.
Men det støreste er å møte Jesus der. Han er vår frelsar og ven. ”Men Jesus vil jeg møte først av alt.”
Den er eign bygning av Gud, ikkje gjort med hender. 2.Kor. 5,1. Hebr. 4,11.

Kven kjem dit? Det er alvoret. Her står: For Guds folk, dei truande. Det er dei som har teke imot Jesus som sin personlege frelsar – og trur – til siste dag på jord.