mandag 7. september 2009

100) 2. Tes 1, 7-12

2. Tes 1, 7-12

Breva til tessalonikarane er dei første breva som Paulus skreiv. Og det var ei ei vekkingstid. Då ser me at han har omsut for venene sine og dei nye kristne. Difor skriv han brev. Slik liknar han Hans Nielsen Hauge, han gjorde og det.


Her talar han om framtida, og om alvoret ved det. Det er ikkje snillisme og falsk trøyst om at det går nok bra til slutt. Det er falsk lære som føra folk ut i uføret. Lat oss merka oss nokre sider ved forkynninga hans her:


1. Jesus kjem att, v. 7.

Dette er ein del av trua vår. Her er det nemnt fleire gonger, v. 7, 8 og 10. Men det er ikkje måten og tidspunktet han er oppteken av. Heller ikkje rekkefylgja av det som skjer.

Paulus vil understreka AT Jesus kjem att. Og det står mykje i Bibelen om det. Me har med andre ord mange lovnader om hans kome. Jesus sa sjølv: Eg kjem att, Joh. 14,3. Og engelen sa det i Apg. 1, 11: Han skal koma att på same måte. Og det siste ordet i Bibelen vår er Jesu tale slik: Ja, eg kjem snart. Op. 22, 20.


Jesu atterkome er som ei rame omkring livet vårt. Det er ein atmosfære me lever i: Det vil skje!


Her er nokre teikn på at det nærmar seg. Me har urolege tider, det er vanskar for mest alle folk på jorda – særleg dei kristne. Israel er eit politisk midtpunkt som alle har ei meining om. Misjonen er alt nå verdsomfatande.


Men ingen veit klokkeslettet – ikkje månaden ein gong. Bibelen er klår: Dagen kjem uventa, det vil verta eit sjokk for mange menneske. Var det sant likevel? Det dei kristne song og tala om. Ja, då vil folket sjå det. Og då er det for seint.

Kva kjem i desse aller siste tider, når alt det jordiske er over, og den siste dagen kjem i denne tida. Kva då?


2. Då kjem m.a. Guds dom.

Dommen kjem av di nokre ikkje er reide å møta Gud. Han kjem til frelse som somme – og til dom for andre. (Her talar me altså ikkje om rekkefylgje og tid.) I v. 88-9 er det sterke ord. Guds ord er forresten alltid sterke! Og det blir faktisk verre enn orda kan uttrykkja. Her er tale om eld, hemn, straff, liding, evig fortaping. Kven kan skjøna det reelle innhaldet i det? Språket har ikkje ord for kva Guds dom blir til sist.


Folk kan nekta å høyra eller tru det. Nokre vil bortforklara det og kalla det draum og fantasi.

Men: DAGEN KJEM like fullt. Det ser me av t.d. Op. 14,10-11 og 20,11-12. Og det kan du ikkje snakka deg bort frå. Dette er ikkje menneskelaga dogmer for å skrøma folk inn i kyrkja, som somme seier. Dette er realisme på sitt beste. Dagen kjem, og slik vert det.

Hovudsaka for alle dei som blir dømde er: fortapinga vert borte frå Herrens åsyn, herlegdom og makt. Det tyder at Gud ikkje når dei lenger! Aldri meir i alle ævor får dei høyra orda: Kom til meg, frå Jesus.


Det blir sant det filosofen Dante skreiv for mange år sidan. I boka Inferno i 3. songen seier han: ”Gi slepp på vona du som går inn her.” Slik stod det over ein port. Det må bli ei forskrekkeleg oppleving. Her er me vant til å endra syn og gjera nye val heile tida. Då er det slutt. Du blir der i helvete kva dag i alle ævor. Ser du ikkje alvoret?


3. Kven går då fortapt?

Det er eit viktig spørsmål. Ikkje alle går den vegen, Gud har funne nokon ”som trur”. ”For de trudde det vi vitna for dykk,” står det, v. 10. Dei kjem ikkje til dommen. Dei er frikjende i Jesu dyre blod og forsoning.


Men dei andre?

- Dei kjenner ikkje Gud, v. 8. Somme veit nok om han. Men her er det tale om eit nært kjennskap ved Jesus Kristus. Det er berre han som kan forklara Gud for oss. Og det evige liv er nett å kjenna han den ein sanne Gud og Jesus Kristus, Joh. 17, 3. Då har me vårt liv i han og lever dagleg med han. Det er å vera frelst av nåde, Ef. 2, ; Gal 2, 16.

Du som kjenner Gud slik, du ser at du er ingen ting i deg sjølv og kan aldri gjera noko som helst for å bli eit Guds barn. Du måtte kapitulera og gi deg over til Han.

- Dei andre? Dei var ulydige mot evangeliet. Bibelen legg altså eit ansvar på oss for å ta imot Guds frelse. Den er av nåde, og du får han berre ved tru. Ingen gjerning skal du gjera for å bli frelst. Å ta imot Jesus er inga gjerning i lovisk forstand. Det er å la Jesus få sleppa til. Det er ikkje snakk om å vera vellukka som kristen eller ha ei omvending. Det er å la døra vera open så Gud ved sin Ande får koma inn. Den som har Sonen, har livet, står det. 1. Joh. 5, 12. Det er den gode bodskapen.


Til slutt

Vers 11 seier Paulus at han vil be for dei. At Gud må akta dei verdige til kallet. Og det kan me berre bli i Jesus Kristus. Gøym deg der med alt du har. Men han bed også om at dei kristne må fyllast med lyst til det gode og med kraft til god gjerning. Det er kristenlivet han talar om. Livet vårt skulle vera til æra for Gud, v. 12. Ikkje la noko ved oss skjemma ut for Guds rike. Det må vera vår bøn og. Amen.



2. Tes. 1, 7-12.

Dette er Paulus sitt andre brev. Difor er det skrive i tidleg kristen tid, og det har fleire ting med om dei siste tider. Det viser at dei kristne var opptekne av Jesu kome heilt frå byrjinga.

1. Jesus kjem att, v. 7 og 10.
Ikkje alt om dette emnet står her eller på ein stad i Bibelen. Hans atterkome er omtala over 300 gonger i NT. Men det er ikkje tidspunktet eller rekkefylgja dei er opptekne av her. Og ingen kan rekna ut tida. Det har Jesus sagt klart. Det viktige er AT han kjem att. Og det står klart her. Det er mange teikn på hans kome, og dei skal me fylgja med i og vita at tida nærmar seg.

Her er det hans kome til dom og straff som blir understreka. Ein dag skal han samla alle ufrelste og heidningar som vert dømde til evig straff og pine. Det kjem ingen utanom. Folk kan diskutera seg bort frå mange ting. Men domedag kjem likevel.

Og då kjem han med logande eld og tek hemn, v. 8. Det er uttrykk for ein rettferdig dom over dei som var ulydige mot Guds vilje og ikkje kjenner Gud. Her ser du endelikta til dei verdslege og heidningane.

Den straffa dei lid vert ei evig fortaping borte frå Herrens åsyn, står det, v. 9. Dei får aldri meir høve til å venda om og ta imot den frie frelse Jesus kjøpte oss. Du som les dette, har du gjort opp di sak med Gud? Det er ennå nådetid på jorda. Bruk den, og kom nett nå. Bøy deg innfor Herren og sei du er ein syndar og ber om nåde og tilgjeving. Då får du den nåde og fred som står i v. 2.

2. Paulus ber for dei, v. 11.

Paulus levde i bøn Gong etter gong talar han om det. Men han gjer det ikkje for å visa seg fram som ein god kristen. han vil minna dei på alvoret i det han skriv her. Og bønelivet vårt er ofte viktig i krisetider. Her ber han om tre ting:


a) Dei må aktast verdige, v. 11. Det tyder å bli bevarte i trua, v. 5. Det er ikkje sjølvsagt. Det er mange fårar i livet i verda og mange freistingar. Men verdige blir me aldri i oss sjølve. Der er me uverdige på grunn av synda i livet vårt. Berre i Kristus er me fri og kan gå endetida i møte med frimod. Rom. 8, 1.

Og ingen sann kristen føler seg verdig nokon gong. Me har heller ikkje krav på noko i Guds rike. Men me har lært av Ordet at alt er av nåde. me får alt av Gud. Ef. 2, 8 og 10. Difor kan me synga: Ren og rettferdig, himmelen verdig... Berre i Jesus Kristus er me det. Det skal me aldri gløyma.

b) Vidare ber han om at dei må ha lyst til det gode. Det tyder eit rett og sant liv som kristen der me ikkje blandar oss med verda eller let oss lura inn i synda. Tvert om er det Guds plan og vilje at me skulle bruka livet for Gud, i teneste for Jesus i misjon og Guds rikes arbeid på ulike plan.

Må Gud fylla dykk med dette, skriv han, og med kraft til trua sine gjerningar. Paulus veit så vel at han sjølv og alle andre kristne er tomme for eiga kraft. Me må få alt av nåde. Teneste for Gud blir slavearbeid dersom me reknar med oss sjølve. -Og då må me stadig inn til Jesus i audmjuk bøn og takk.

c) Dinest ber han om at Jesu namn må bli æra, v. 12. Ein kristen er eit kar til ære for Gud. 2. Tim. 2, 21. Det er ikkje Paulus sitt namn som skal lysa for folk, og heller ikkje vårt. Men JESUS må bli stor. Og det kan skje ved ord og lovsong - men det må vera i stille og audmjuk takk, ikkje med brautande framferd. Då skjuler me lett for Jesus.

Livet vårt er eit godt middel til å æra Gud. Då er det i samsvar med Bibelens ord. Til Titus skriv Paulus om tenarane (slavar) at dei skal vera ein "pryd" for evangeliet. Tit. 2, 10. Skal det skje, må dei vera lydige og retta seg etter sine sjefar i alt og ikkje seia imot! Dei må heller ikkje stela eller vera utru i tenesta. Det er altså tale om eit praktisk kristent kvardagsliv, v. 9-10. Held me mål her? Guds vilje skal stå i sentrum for eit Guds barn.

Og sjølvsagt er ein rett misjon ein god måte å æra Gud på. Då blir fortapte sjeler berga for himmelen. "Korset å skue hvor avguden stod."

Mange er i dag opptekne av kultur og kunst og sosialt arbeid. Det er vel og bra på det menneskeleg plan. I misjonen skal me vera varsame med det, det vert lett eit sidespor der menneska tar den æra Gud må ha.