torsdag 3. september 2009

57) 1. Pet. 2, 5-12

1. Pet. 2, 5-12. Eit heilagt presteskap.

Me fekk koma til Jesus, og me kom med alt, både tvil og nederlag og vonde tankar. Synda i alle former fekk me bera fram for han. Då vart me nye menneske, fødde av Gud. Alt vart nytt. det skjedde noko med oss. Me vart noko. Det handlar teksten om.

1. Me er levande steinar, v. 5. Det er eit merkeleg bilete. For steinen er død i seg sjølv. Han kan ikkje veksa. Han må skapast om og bli levande.

Slik er me. Difor skal Gud ha all ære. Efe. 2,1. Det åndelege liv har me berre i Jesus, ved å få tilgjeving for synda på grunn av hans død.

Han er det levcande vatn, Joh. 4, 10, som gjev liv.

Kvar levande kristen er ein stein i Guds bygning. Guds rike består av frelste sjeler, ikkje hus eller organisasjon.

Biletet stein fortel oss fleire ting:

a) Ein steinmur har både ei innside og ei utside, noko synleg og noko usynleg. Innsida er lønnkammeret. Utsida er vedkjenninga og dagleglivet vårt. Begge er like viktige.

b) Muren kviler på grunnmuren, elles vil han vakla. Og det finst ikkje nokon annan grunnmur enn Kristus og hans død. 1. Kor. 1-2.

c) Resten av huset kviler på muren, steinar over oss, tak og loft. Det talar om at me har ansvar for kvarandre.

d) Lause steinar er unyttige i byggverket, og kan vera farlege. Dei ligg i vegen.

2. Me er eit presteskap. Det er heilagt, v. 5, og kongeleg, v. 9.

a) Det fører tanken til prestane i GT. Der var ei spesiell slekt utvalt til presteslekt, Levi stamme og Arons ætt. Dei vart automatisk fødde til tenarar for Gud. Ingen andre kunne verta det. All tanke på forteneste var dermed klar.

b) Korleis er det i NT? Der ser me at alle truande er prestar for Gud og dermed tenarar for han. Og me står alle i prinsippet likt for Gud. Som prest har me òg alle lik tilgang til Guds trona. me har same rett. Jesus var ikkje levitt, det viser at han står i ein heilt spesiell stilling, og at slektskap ikkje lenger tyder noko.

c) Som tenarar skal me gje åndelege offer, Rom. 12, 1. Det er ikkje ei ytre gudsteneste, ritual og ein fin fasade. Men det er å vigsla heile livet til Gud. Difor kan alle gjera det, med dei evner og krefter me har fått. Gud ser ikkje etter kor mykje me har og kjem med, men at me kjem med oss sjølve. Den katolske kyrkja er her utafor det Guds ord lærer.

3. Me er eit heilagt folk, eit folk som Gud eig, v. 9. Her må det både tyda den objektive helging der me får alt av Gud og står fullkomne inn for Gud i Kristus, - og den praktiske, daglege helginga. Den fyrste har me fått og eig ved trua.

Her kan me stansa litt ved den daglege helginga. Brevet skriv noko om det. Det går òg attende til GT, der Herren seier mange gonger: De skal vera heilage, for eg er heilag, kap. 1, 16. Jfr. 2. Mos. 19, 6.

Me har òg ei rettesnor i Skriftene. Kjøtet vårt vil gjera sin eigen vilje, og det tyder at synda får råd. For kjøtet er styrt av synda. Difor treng me ei rettesnor og eit lys på vegen for dagleglivet. Det kan berre Bibelen gje oss.

Det Bibelen seier, skal me ta nøye. For det er Guds vilje og veg med oss. Å vera heilag er å vera utskilja frå det verdslege, å vera annleis enn heidningane, v. 11-12.

4. Me har ei oppgåve – som prestar: Det er vårt vitnemål, v. 9. Me skal forkynna hans storverk eller stordom.

a) Me skal ikkje forkynna korkje våre synder eller gode gjerningar. Alt dette er berre ei skam. Me skal vedkjenna oss at me er syndarar, og det skal gjera oss audmjuke. Men me skal ikkje rosa oss av at me har vore syndarar – det kan vera ei freisting. Men ingen vert velsigna av våre udygder.

b) Nei, me skal han om Han! Og han har berre dygder og storverk. Og alt me har er av hans nåde. Difor skal æra vera hans. Me er berre reiskapar.

c) Me skal tala om hans storverk eller stordom. Det er Jesus død og siger, hans soning og oppstode. Det er vårt vitnemål. Misjon er å fortelja om Jesu gjerning.

- V. 12: Me bør leva godt mellom dei ufrelste. Dei talar vondt om oss, ofte bak ryggen vår. Nokre av dei tek ein dag imot kallet til frelse. Då prisar dei og takkar dei Gud for dykk. For de var med og viste dei vegen – ved eit rett liv. Slik må me skjøna det verset. Tr. Bjerkreim seier t.d.: Det er ”den tiden da han kommer dem særlig nær med sin kallende nåde”.

- Som meiner det talar om Jesu atterkome, t.d. ’omsetjinga’ ”En levende bok”. Men korleis kan heidningar og ufrelste prisa Gud på den dagen då tida for omvending er slutt?