mandag 7. september 2009

107) Kol 3, 1-4

Kap. 3, 1-4.

Paulus ber oss om å løfta blikket mot himmelen. Der er Kristus nå. I han er aløt me treng og har for frelse. Difor er dette viktig.


1. Oppreising, v. 1f.

Det er synda som dreg oss ned og har øydelagt oss. Me kjem aldri bort frå at synda er det store stengsle, jfr. Jes. 59, 2. Synda fører med seg dom, død og fortaping. Me treng altså oppreising frå alt dette. Jesu verk her er:

a) Jesus døde på korset for oss. Han ordna opp med skuldbrevet, kap. 2, 14. Difor er Jesu død det sentrale i Jesu kome. Utan det, var alle fortapt.


b) Jesus stod opp att, og då tok han oss med. Han sigra, og det er vår siger. Han drog oss bort frå dom og evig død. Han vart oppreist til vår rettferdiggjering, Rom. 4, 25.


c) Me fekk alt av han. Me møtte han då han kalla oss. Då ga han oss alt han hadde.

Spørsmålet blir då: Har du møtt Jesus til frelse?

2. Vårt liv, v. 3-4.

Kristus er vårt liv. Me fekk også hans liv då me vart frelse, Rom 5, 10. Det er godt når me kjenner at vårt eige liv vert mislukka. Dette tyder:

a) Jesu liv på jorda er vårt liv.

Han levde fullkomment, det gjer ikkje me. Han sigra i alle freistingar. Hebr. 4, 15. Og det gjorde han ikkje for seg sjølv. Han var fullkomen som Guds heilage son. Han gjorde det heller ikkje for å visa at det går an å sigra om me kjempar hardt nok. Jesu liv er ikkje i første rekke ein inspirasjon for oss til å kjempa mot synda. – Han levde dette fullkomne livet for oss, i vår stad. Han visste at me aldri kunne leva det rett. Difor står det i Hebr. 12, 1-2: Me blir berre fri synda ved å festa blikket på Kristus. Og det er tru. Då skjønar me betre Rom. 5, 10: Når me er forlikte med Gud ved Jesu død, skal me så mykje meir verta frelst ved hans liv.

b. Jesu liv i himmelen nå. Jesus har ei presteleg teneste i himmelen nå. Hebr. 8, 1-2. Der er han vår talsmann, 1. Johs 2, 1f. Og der er han mellommannen vår for ei ny pakt, Hebr. 9, 15.

Og der i himmelen ber han for oss, slik han gjorde i Johs 17, og slik han gjorde for Peter: for at trua hans ikkje skulle svikta. Hebr. 7, 25. Jfr. Rom. 8, 27.