torsdag 3. september 2009

56) 1. Pet 2, 13-25

1. Pet. 2, 21-25 (13-25). Jesu liv og gjerning.

I dette avsnittet talar Peter vidare om Jesu stordom, og det me skal forkynna og vitna om. Her ligg noko av hovudsaka i kristen tru.

Han skriv om Kristus, kven han er og kva han har gjort for oss – og om oss og vårt tilhøve til Jesus. Han viser at Jesu liv og gjerning får innverknad på oss. Peter hadde møtt Jesus og hadde levd saman med han i 3 ½ år. Han hadde vore i lag med Frelsaren i fall og nederlag og gode tider. Og me veit at Peter vart eit nytt menneske ved å få full oppreising. Det viser seg særleg etter pinsedag. Kva skriv han her:

1. Jesu person. Vers 22-23.

Det er eit vakkert og mektig bilete av Jesus, av ein kjentmann. I kap. 2, 4 har han sagt: Kom til han, den levande steinen. Det er Jesus, som er fullkomen i alt og levde utan synd.

a) Han gjorde ikkje synd – i gjerning, korkje ytre eller skjulte synder hadde han.

b) Det var ikkje svik i munnen hans. Talen er noko me seinast lærer å kontrollera. Jakob skriv kraftige ord om det: Gudsdyrkinga var er til fånytte om me ikkje tøymer tunga, kap. 1, 26. Og den som ikkje snåvar i tale, er fullkomen, kap. 3,2. Tunga er ein liten lem, men ein eld som er sett i brann av helvete, kap. 3, 5-6. Tunga er så utsyrleg at ikkje noko menneske kan temja henne, ho er full av drepande gift, skriv han, kap. 3, 8.

Men Jesus klarte det! Han sa aldri eit sårande ord eller urett kritikk. Og han meinte alltid det han sa, difor var det ikkje svik hjå han.

c) Konkrete døme på tunga sine synder viser han nå: Han skjelte ikkje att og truga ikkje i lidinga. Me ser det motsette: Då klagene hagla over han, tagde han stille. Det er ofte ei god løysing. Skal me forklara og gjera oss rettferdige, kan me lett gå over streken.

d) Då ha Peter ein god utveg som eg sjølv har fått brukt fleire gonger: Han overlet saka til Gud, for han dømer rett i alt. Med ein slik advokat, kan me vera stille og rolege. I rett tid vil retten koma fram.

2. Jesu gjerning.

Det er hovudsaka i kristendomen og vår tru. Difor er det grunn til å stansa ofte og lenge ved den. Me lærer dette aldri godt nok og fullt ut. Her er store djupner å granska og prøva å skjøna noko av – gjennom heile Det gamle testamentet og det nye. Berre litt minner han lesarane om nå:

a) Jesus bar syndene våre. Døyparen sa han skulle det: Sjå, der er Guds lam som ber verda si synd, Joh. 1, 29. Då minner han dei om langfredag då Jesus hang på krossen, og dermed om soningsunderet. Alle synder i heile verda var samla då. Det er rett som songaren syng: ”Å byrede som på deg ble kast, all verdens skam og last.” Det tyder at Jesus tok ansvaret og bar dommen og straffa for synda. Det gjorde han i vår plass, han var vår ”stedfortredar” eller ”vikar”. Det gjorde han for alle, for Hitler og Stalin og andre syndarar.

Og det gjorde han med blodet sitt. Kap. 1, 19 og 3, 18.

Men då er me fri, så snart me tek imot dette i tru. Då vert det vår personlege eigedom. Me får tru det store underet: Han er ei soning for mine synder, 1. Joh. 2, 2. Og me ser litt inn i det djup som profeten ana litt av: Han er såra for våre brot, knust for våre synder. Jes. 53, 5. Me syng med tårer: ”Det knustes et hjerte av sorg og ve, Guds lam tok min brøde på seg.” Det er ein stor dag å sjå det. Det skjer når me vender om, seier Peter, v. 25. Vegen er å vedkjenna seg synda, be om nåde og frelse. Då er Jesus på di sida.

b) Det står ein ting til om Jesus her: Han er hyrde og tilsynsmann for sjelene våre, v. 25. Jesus er vår biskop (det tyder ordet tilsynsmann), og han overhyrden, kap. 5, 4. Denne hyrdingen sette livet sitt til for oss, Joh. 10, 11. Det er langfredag og krossen.

Men han lever likevel! For han stod opp frå døden og for heim til himmelen. Der sit han nå og passar på sine. Han ser oss alltid og sender ein engel i rett tid.

Men han vi òg koma på visitas, granska og ranska oss. Korleis står det til i dag? Finn han alt i orden? Nå kjem han….

3. Kva verknad har Jesus på oss?

”Kan det merkes du vandrer med ham,” er spørsmålet nå. Peter skriv at Jesus bar synda vår for at me skulle døy bort frå syndene våre og leva for han. Objektivt sett er det rett: I og med at me tok imot Jesus, tok me imot hans død for oss og me døydde med Jesus og dermed bort fr på synda. Som kristne lever me for Gud. Det ligg i sjølve trua. Me er lys og salt, me skal ikkje prøva å bli det. Me vart det i frelsa.

Spørsmålet er nå: Kor klårt lyser eg og kor tydeleg er vitnemålet mitt?

Som kristne har me byrja på eit liv i etterfylging av Jesus. Og ettersom me har den gamle natura, kjøtet, vil freistinga alltid liggja ved døra og lokka oss til fall. Me skal rekna oss som døde for synda, men me vert aldri fri freistinga til synd. Å tru det er dårskap og me lurer oss sjølv.

Bibelen minner oss stadig om dette. Formaningane (også i dette brevet) er tilskundingar og vegleiing til å leva rett som kristne. Dersom alt dette gjekk automatisk for oss, kvifor har Bibelen då så utruleg mange slike oppmodingar? Og det er nett oss truande djevelen kjem til med sine sløge og listige åtak, Ef. 6, 11.

Erfaringa viser oss at kristne prøver å leva i synder, dei gjer urett mot andre utan å gjera opp i mange år, dei gjer urett i pengesaker, syndar med tunga som me alt har nemnd, og tankelivet vårt stemmer ikkje med Guds vilje. Der er mykje grums hjå alle menneske, dersom me er ærlege og vil sanna det.

Songaren har eit stort poeng: ”Gå varsomt, o sjel, og gi akt på din gang…” I kap. 2, 1 sa han: legg det av.

Leva for Jesus – det er livet i oppstoda med all den kraft Gud har for oss. Det er ikkje i vår kraft eller ved eigne resursar det skjer. Me får leva i ”krafta av oppstoda hans” (Fil. 3, 10). Og den ligg i bodskapen om krossen og blodet og nåden – der alt er for Jesus skuld.

Der får me leva. Og når det ikkje lukkast, får me koma att og be om ny nåde, og høyra at blodet reinsar frå all synd – også svik og svikt og nederlag i kristenlivet.

Me syng igjen: Av nåde alt eg får hos Gud fra først til sist…