fredag 4. september 2009

90) 2. Tim. 2, 8


2. Tim. 2, 8. Kom Jesus Kristus i hug.

Det er Paulus ’ siste brev. han vil minna den unge Timoteus om noko viktig, ja, det beste han veit: Jesus! han må ikkje gløyma han. Me skal hugsa mykje i dag. Kunnskapen er verkeleg stor, Dan. 12.

Og me kan spørja: kunne ikkje Timoteus alt om Jesus? Og me? Treng me ei slik påminning? Kva manglar hjå oss?

Djevelen har evne til å gjera dei beste og viktigaste sanningar dunkle. Det gjer han ofte ved å få oss opptekne av andre ting, gjerne småting.

Kva er desse sanningane?

1. Jul.

Kva gjer folk med den? Det ser me alle i desember kvart år og gjerne før. Jul er blitt gaver, snø, nissar og endelaust med mat. Det blir ei avveksling i kvardagen utan tanke på kva jula ER.

Kva ser den eigentleg? Og kva seier Bibelen om det?

Englesongen utafor Betlehem seier igrunnen alt: Ein frelsar er fødd. I GT var det mange lovnader om at han skulle koma. Og i rett tid var han her: Då tida var fullkomen, kom han. Gal. 4, 4. Jul er difor Guds frelsesbodskap. Mat. 1, 21. Det har ingen ting med sosial velferd eller politisk omvelting å gjera.

Det handlar om synd hjå oss og vegen bort frå den. Ein rett og guddommeleg veg. Det er berre Jesus. Joh. 14, 6. Han er vår regningsmann. T. Bjerkrheim song med rette: Du kjem ikkje utanom Jesus.

Frelse er å få det rett med Gud. Har du det? Me treng ein ny billett til himmelen. Me er alle fødde utafor himmelporten, og ingen har betaling god nok. Me kan heller ikkje arbeida oss fram til ein stol der oppe.

Jula seier: Gud sende sonen for å ordna alt dette. Kom i hug Jesus Kristus.

2. På tollbua.

Tollaren Matteus møtte Jesus der han sat med vekslepengane sine. Han var ein syndar som alle andre. Han hadde truleg bedrege folk og vart rekna for ein landssvikar då han gjekk i teneste for okkupasjonsmakta.

Jesus sa berre til han: Kom og fylg meg. Mat. 9, 9. Kristendommen må bli så personleg at det vert berre han og meg. Jesus og Matteus.

Men dette er ikkje teori eller ei ny lære. Det er tilhøvet til Gud det gjeld. Og vårt eige liv. Jesus vil ha tak i samvitet vårt og seier: Du må gjera opp synda. Somme seier då: Skal me grava fram grums frå fortida, er det ikkje betre å gløyma alt det?

Svar: Du får aldri fred i hjarta og rett med Gud om du gøymer og gløymer di synd. Mykje vondt mellom folk har sin grunn i desse ”gravhaugane” der folk skjuler noko. Ta det fram i lyset. Du skal ikkje stå på ein talarstol og fortelja om alle syndene dine, og heller ikkje fortelja det til alle og einkvar.

Men gå til Gud – og til den du har synda imot. Gjer opp di synd. Har du teke 100 kroner frå ein person, betal det attende. Er det fleire nullar etter, gjer det same. Har du sverta nokon med baktale, erkjenn di synd og bed vedkomande om tilgjeving. Det er då freden og velsigninga kjem.

Kom Jesus Kristus i hug – og fylg han.

3. Påske.

Jul og påske heng saman. I Getsemane bad han og sleit og sveitten var som blod. Djevelen var uhyggeleg nær. Men Jesus sa i bøna: Som du vil, Far. Gud sigra. Då bad Jesus for deg. Og eit viktig steg på frelsesvegen var teke.

På krossen hang han og heldt but ei ufatteleg liding. Naglane og tornekorna og spotten var ein ting. Det var tungt nok for eit reint menneske. Verre var di og mi synd. Dei var der, og han kjende tyngsla og smerte ved det. Det var på grunn av dette han ropte: Min far, kvifor har du forlate meg? For nå skulle han betala syndeskulda og lida den ufattelege dom som ei evig fortaping er for alle slekter.

Kjære deg: Gløym ikkje det! Kom i hug Jesus på krossen. Han gjorde det for deg.

Og oppstoda: Jesus reiste seg frå grava. Då viste han at han sjølv var uskyldig, og difor sigra han der også. Og då viste han for all verda at frelsa var gyldig. Vegen var opna – for deg og alle andre. Amen

Gløym ikkje Jesus – og det han gjorde.