mandag 7. september 2009

98) 2. Tes 3, 1-2.

Bønn og formaning
2. Tes. 3, 1-2.

Paulus var ofte på reis, og då oppsøkte han Guds folk. Då vart det ofte bønnemøte, slik det var ved elvebredda i Filippi, Apg. 16, 13, og i Tyrus, Apg. 21, 3-6. Det er naturleg for dei truande. Me går saman med andre kristne til den levande Gud. Bøna er ikkje berre for oss sjølve reint privat, men me ber for andre, dei ufrelste i by og bygd og for heidningane.

Ein viktig del av forbøna vår er for kristne leiarar. Me skal be for predikantar, for dei unge og borna, for medlemer i forsamlinga m.m. Paulus ba faktisk om at dei kristne måtte be for han, Ef. 6, 19. Er det slik med nokre av oss at me synest me greier oss godt nok utan slik ekstra drahjelp? Då er me på vaklande grunn.

Kvar ber så Paulus om her?
Han kunne ha bedt om mykje anna: At han fekk meir framgang, vart fri motgang og trengsler og sjukdom, at han fekk litt meir ære for det han gjorde, og rikdom og kanskje fleire gode dagar. Men han gjorde ikkje det. Er våre bøner for egoistiske og sjølvopptekne? Er det difor me får så lite svar?

Her kan me kanskje læra litt om ei rett bøn. Kva skal me be om? Me kan berre nemna nokre få ting denne gongen.

1. Om å bli bevart.
I Getsemane sa Jesus til læresveinane: be om at de ikkje må koma i freisting, Luk. 22, 46. Det var søvnen som låg så nær. Og i Herrens bøn lærer Jesus oss å be slik: Lei oss ikkje inn i freisting. Mat. 6, 13. Det er ikkje sjølvsagt at me vil stå og sigra. Me må alltid rekna med at Satan kjem. Bøna er ei hjelp til å stå imot han.

Nokre andre bibelstader kan du gjerne slå opp og lesa: Salme 19, 13-14; Salme 25, 20; 2. Pet. 2, 9; 1. Kor 10, 13. Det siste er ein god lovnad til oss. Gud ser både kva me treng og kva me tåler.

Når me ber slik, lat oss nemna nokre på namn, slekta, naboar, predikantar me kjenner. Det skaper kjærleik til dei på ein spesiell måte. Når me ber for konkrete personar, stilnar kritikken mot dei om me ikkje synes om alt dei gjer.

2. Oppattnying.
I Salme 80, 19 står denne bøna: Gjer oss levande att. Me treng ofte ein ny kveik i kristenlivet. Det kan stilna av og døy. Det friske og nye vert liksom borte. Salmisten skriv slik i Salme 119, 25: Sjela mi er trykt ned i støvet - hald meg i live!

Og i Salme 85, 7 ber Korahs born: Vil du ikkje gjera oss levande att. Og det skal skje slik: Lat oss sjå di miskunn, v. 8. Det skjer ved Guds nåde som frelser oss og oppattnyar oss. Kjære deg, du må gå inn i bønerommet ditt og sjå lenge på det Gud har gjort i Kristus. Der finn du nåden. Og det kan be om for kvarandre.

3. Frimod.
Har motet svikta til å seia noko om Frelasren? Du hugsar så ofte før, det var godt å få seia noko om Jesus, anten det var heime, hjå vener eller på møta.

Bruk nå bøneretten til å be om nytt frimod, i kvardagen og hjå andre. Ei bøn finn me i Apg. 4, 29: Og nå, Herre. Hald auga med trugsmåla deira, og gjev tenararne dine å tala ditt ord med stort frimod. Læresveinane var ikkje betre enn me er slik. Dei trong å be om hjelp frå Gud når motstanden kom.

4. Arbeidet.
I teksta vår i dag er det arbeidet for Gud Paulus tenkjer på. Ikkje hans eigen situasjon. Ordet måtte ha framgang, og det tyder at nye måtte vinnast for himmelen. Han ba om vekking. Det var målet hans heile tida: Folk må bli frelst! Når han då ber om å bli fridd ut fra vonde menneske, er det ikkje hans eige liv som står i fokus. Det er dei mange som ikkje eig trua, v. 2. Nå vil han gjerne ut å vitna om frelsa, for å berga endå fleire. Ordet må ha fritt løp.

Skal dette få ny prioritet i våre liv, også i bøna vår. Då har faktisk fornyinga teke til!
Amen.