mandag 21. september 2009

136) 2. Kor. 4, 1-6

Kvifor møte? 2. Kor. 4, 1-6.
Desse versa seier noko om kvifor me har møte. Her er vesentlege tankar om det, også i vår tid. Hovudsaka er at me vil samla folk om krossen og bodskapen om den. Det må ikkje først og fremst vera om eit kyrkjesamfunn eller ein organisasjon, men om Kristus.

Då må me leggja frå oss mange småting og ikkje la dei bli det vesentlege. Elles kan hovudsaka gå tapt. Det viktigaste er alltid det vesentlege. Her kjem også spørsmålet om pengar inn. Ein dårleg økonomi i eit arbeidslag (Kyrkje, organaisasjon etc.) kan lett ta fokus bort frå det aller største i arbeidet: Sjeler skal vinnast for Gud. Paulus srkiv i v. 2 at han har frigjort seg frå skammelege snikvegar og forfalskar ikkje Guds ord.

I møteverksemd og misjonsarbeid ute og heime er det ikkje me som skal vera i fokus. Det er Kristus. Når talaren seier mykje om seg sjølv og sitt kristenliv, er faren nær til sjølv å koma i sentrum. Det må ein kvar talar vera vaken for. I v. 5 seier t.d. Paulus: me forkynner ikkje oss sjølve.

Som kristne kan me nokre gonger missa motet og bli freista til å gi opp. Paulus seier at han misser ikkje motet, v. 1. Han har jo fått denne tenesta av Gud. Då veit han at Gud er med.

Skulle det så henda at folk ikkje vil høyra slik at dei går fortapt, er det ikkje hans skuld. v. 3. Han talar heile tida sanninga, og den må folk høyra om dei skal verta berga frå fortapinga.

Grunnen til at folk ikkje vil høyra og ta imot Guds ord, er djevelen sjølv. Han har ei veldig makt over folket. Han har blinda dei vantru sitt sinn slik at dei ikkje ser kva evangeliet er, v. 4. Av natur er me alle blinde og døde i høve til Gud. Difor må det eit under frå Gud til for å opna auge og øyre for Guds røyst. Og det me ber me stadig om. Lukkelege er kvar ein som Gud fekk tala til og visa evangeliet. Det er vår einaste von.
.