mandag 7. september 2009

108) Kol 2, 13-15; 2,18

Kol. 2,13-15. Skuldbrevet er borte.

I dette ordet blir me ført like opp til korset på Golgata. Paulus plasserar oss i påskeveka i Jerusalem. Men også dette avsnittet talar til oss om overgangen frå død til liv. Det er alltid det det gjeld.


Frelsa er ikkje lettvindt som har lite å seia. Det gjeld tvert om himmel eller helvete, frelse eller fortaping. For å ordna dette for oss, var alle krefter med: Gud og Satan. Gud har gjort alt for å frelsa oss, Satan gjer alt for å føra oss i fortapinga.


Gud gjer dette av di han elskar den tapte verda: ”Fordi du er kostesam i i mine augo, fordi du er akta høgt og eg elskar deg...” Jes. 43,4. Slik tenkjer Gud.


Her skriv Paulus noko viktig. Det er ein flott tekst for oss.


1. Kva var me? Det er det første, og det er naudsynleg å vita kva me er, for å skjøna kva Gud gjer.


a) Den første attesten er: Me er døde og difor udugande, v. 13. Synda drap gudslivet og vår natur vart øydelagt. Heile Bibelen fortel at synda har gjort dette med oss. Rom.3,23: Alle har synda og vantar æra for Gud. Rom.6,23: Synda si løn er døden. Esek.18,4: Den som syndar, skal døy.


Alle menneske er åndeleg døde, og dermed avskoren frå Guds rike og utan von for tilværet etter døden. Me er som ei avhogga grein utan kontakt med stammen og livssafta. Ja, ordet her seier faktisk me er som eit åndeleg lik. For død tyder at me er totalt hjelpelause i oss sjølve. Også Efes. 2 seier det: ”de som var døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar,” v.1, og: ”Kom i hug at de på den tid var utan Kristus, utestengde frå Israels borgarrett og framande for paktene med deira lovnad. De var utan von og utan Gud i verda,” v. 12.

Dette er vår naturlege situasjon og tilstand. Og det gjeld alle.


b) Me har eit skuldbrev, v. 14.

Romerbrevet kap. 1-3 strekar sterkt under at både jødar (som hadde lova) og heidningane (som var utan lova) var alle skuldige for Gud, kap. 2,12; 3,19. Skuldbrev heiter eigentleg ”handskrift” (cheirógrafon) der gjelda vart notert og den skuldige måtte skriva under på at det var slik. Dette ordet brukar Paulus her. Her er vårt liv skrive opp, våre gjerningar og tankar og motiv. Alt er gale er kjent av Gud, og alt det ugjorde i livet. Me har forbrote oss på alle punkt. Det er Bibelens tunge dom over heile slekta. Skuldbrevet er skrive med bod, står det - eit uttrykk for Guds krav og Guds vilje på alle punkt i livet vårt. Ordet for bod er ikkje det vanlege om dei ti boda (entolæ), men her er nytta ordet dogmasin som tyder lære, det som er rett. Her er det brukt ”om Guds morallov i alminnelighet” (Studiebibelen).


Og dette vitnar mot oss, står det, eller: det gjekk imot oss. Gud vil seia oss at me er skuldige, me har forbrote oss på alle punkt. Det vil også møta oss att ein gong, då alle skal måtta sjå at dei var syndarar for Gud. ”De skal vita at synda dykkar skal finna dykk att,” sa Moses (4.Mos. 32,23). Og då vil folket bli dømt og straffa for si synd. Det er den evige fortapinga. Gud vil gjera dette. Og dette er eit sterkt vitnemål mot oss.


2. Kva gjorde Gud då?

Gud vil alltid hjelpa. Her nede er hans evige armar, står det. 5.Mos. 33,27. Og i 2.Kor. 5, 19: Gud var i Kristus. Det er evangeliet. Guds evige armar er Kristus. Han kom ned til jord. Vår tekst talar sterkt om det.


a) Gud tilgir synd. Alt blir gløymt av Gud når me kjem og vender om. Tilgjevinga er liv og skaper nytt liv i den åndeleg døde. Det var ein stor dag då me opplevde det første gong og alle gonger seinare. ”Aldri den herlige dag kan jeg glemme...” Då blei me levande for Gud. Då strauk han ut alt som stod på skuldbrevet, som på ei tavle. Som når skodda kverv i solskinnet, Jes. 44, 22.


Men det skjer ved erkjenning og vedkjenning av synda. Salme 38,19 seier: ”Ja, eg sannar mi misgjerning, eg sørgjer over mi synd.” Det er den rette ånda hjå oss. Og i Salme 32,5 står det: ”Eg sa: Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren! - Og du tok bort mi syndeskuld.” Det er den rette måten. 1. Joh.1,9 talar og slik: ”Dersom vi sannar syndene våre... så tilgjev han syndene.”


Salomos ordtøke 28,13 er viktig her: ”Den som løyner brota sine, har inga lukke. Men den som sannar dei og vender seg frå dei, finn miskunn.” Då skjer det som Pontoppidan skriv i sp. 503 i si forklaring: ”Hva er rettferdiggjørelsen? Den består i at den treenige Gud av bare nåde frikjenner en botferdig og troende synder både fra synden og dens straff, og i stedet tilregner ham Kristi rettferdighet. Ja, anser ham i Kristus som om han aldri hadde syndet.” Det er sterke ord om ei stor frelse.

Kvifor kan Gud gjera det? Noko viktig må ha skjedd før.


b) Jesus tok det bort, v. 14. I denne teksten blir me også ført opp til Golgata der me får eit glimt av frelsesverket langfredag. Jesus døde, og då utsletta han skuldbrevet. Han tok det bort då han nagla det til krossen. Det var Jesus som vart nagla til krossen. Men han identifiserte seg slik med vårt skuldbrev og synd, at det vart teke bort då. Han betalte med sitt liv og fjerna synda då han bar dommen.


I svensk bibel frå 1981 står det her: han drog ein strek over skuldbrevet. Og i den danske Seidelin si omsetjing heiter det: han gjorde fordringen imot oss ugyldig.

Dette stemmer med t.d. Joh.1,29: Guds lam baar syndene våre. Peter skriv det same: Han bar syndene våre på lekamen sin opp på treet (korset). 1.Pet.2,24.


Då vart det som om synda aldri hadde eksistert. Og me vart fri. Det er ein trygg grunn for syndsforlatinga.


Eit betalt skuldbrev vart i gamal tid spikra opp på veggen. Alle skulle sjå at gjelda var betalt. Det var offentleg. Slik var det på Golgata. Gud viser det fram for alle og seier: Kven som helst kan bli frelst, som til Gud seg vender...


c) Jesus sigra over Djevelen, v. 15. Det er også viktig. Det hende både på krossen og i oppstoda.

Han avvæpna fienden. Djevelen vil klaga oss for synda vår, men Jesus tok bort synda. Då har Djevelen ingen rett til å klaga eller døma oss meir. Difor kan det heita i Salme 34,23: ”Ingen av dei som søkjer livd hjå han, dømest skuldig.” Me har rett til å visa Djevelen bort. Det gjorde Luther: Djevelen ville klaga han for synda, men Luther viste han til krossen og blodet - og få forsvann den vonde.


Han synte dei ope fram, eller stilte dei åpenlyst til skue. Djevelen er taparen og må bera skamma offentleg. Englane veit det - dei skjøna at Jesus hadde vunne krigen mot Satan. Alle som les i Skrifta veit det, og Satan sjølv er klår over det - han veit han har lita tid, Åp.12,12. I Bibelen Guds ord står det: Han vanæret dem offentlig.


Jesus var sigerherre, men på krossen viste han seg slik. I oppstoda vart det godkjent av Gud. Og den endelege sigeren vil visa seg for alle når han kjem att.

Kap. 2,18.Sigersprisen.

Dette er prisen me får når livet er over og me skal inn i æva. Ei omsetjing kallar det ”kampprisen”, avdi ingen vinn den utan åndeleg kamp. Du vil vel dit, same kva det kostar?


Men sume vil røva det frå oss. Den danske Seidelin omset slik: La ikke noen narre den fra dere. I kyrkja si soge har det alltid vore nokre som prøver på det. På Paulus si tid var det judaistar og gnostikarar som kom med ei tilleggslære til kristen tru. Judaistane var loviske kristne og gnostikarane kanskje meir filosofiske. Men begge kom med tilleggskrav til trua. Og då er alltid livet i fare.


Nå kan det vera andre ting også. I heile kyrkja si soge har det tider med sterk forfylgjing. I keisartida i Romerriket plar ein rekna med 10 store forfylgjingar frå heidningane. I katolsk tid seinare kom det fleire bylgjer med åtak på evangliske kristne frå dei katolske. I England forfylgde den etablerte kyrkja dei frie kristne - puritanarane - på 1600-talet. På misjonsmarkene har det vore fleire store forfylgjingar, t.d. på Madagaskar, i Kina, Etiopia osv. Kommunismen forfylgde dei kristne i Sovjet og Kina og heile Aust-Europa.


Ein annan motstand me finn i vår tid i mange land, er åtak på såkalla gamaltruande kristne. Dei vil ta Bibelen slik den er og tru og handla etter den sjølv om me ikkje alltid forstår alt. Her er det også den etablerte fleirtalskyrkja som står bak - men nå ofte saman med dei som har politisk makt. Ein kristen skule er døme her, kvinneprestsaka og abortsaka. Her går sume gonger kyrkja i spann med politikarar for å få sitt gjennom.


På det meir personlege plan ligg spørsmålet om å leva rett etter Bibelen. Det kan kosta - i familien, i skulemiljø og på arbeidsplass.


Felles for alle slike krefter er at de vil røva prisen frå oss eller narra oss. For alt som kjem mellom oss og Gud, er av det vonde. Det må me alltid vera redd. For det er avgudsdyrking. Johannes avsluttar sitt første brev slik: ”Mine born, vara dykk for avgudane.” 1. Joh. 5,21. Ordet tyder at me skal vera på vakt mot dei. Når avgudane kjem ope og rett fram, skjønar alle at det er galt. I vårt land vil truleg ingen tilbe og fylgja ei trestøtte eller ein stein. Men når avguden kjem under dekke av gudsfrykt, er han fårleg. Difor må du setja ut vaktpostar rundt livet ditt, som kan melda frå når noko mistenkeleg kjem.


Å vera ein kristen er som eit hinderløp med t.d. hest. Langt der framme er målet. Men på vegen dit, er det fleire ulike hinder som hesten må over. Nokre gonger står dei svært tett etter kvarandre. Andre gonger kan hesten ta ein halv runde før nye hinder dukkar opp. Ver på vakt.

Nokre slike konkrete hinder for oss kan vera dette:


1. Denne verda, v. 8: ”Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag, etter overleverte mennesketankar, etter barnelærdomen åt verda, og ikkje etter Kristus.”

Dette viser altså at dei første kristne var utsette for åtak frå verda.


Det høyrer til det som er på jorda, kap. 3,2. For oss er det å leva eit verdsleggjort liv. Mykje i denne verda kan vera nyttig og godt isolert sett. Men det kan hindra oss i gudslivet og eit inderleg liv med Jesus. Det kan vera arbeid, hobby, familieliv, pengar m.m.


Bibelen har difor sterke formaningar mot verdslegdom. I Luk. 14 fortel Jesus om den store nattverd. Alle tok til å unnskylda seg. Men ingen brukte synder som unnskyldning. Det var gode og lovlege ting som hindra dei. Og slik er det ofte. Mange fråfall kan ha det som årsak. Eit ordtak seier: ”Mennesket har alltid ein unnskyldning.”


Likninga om såkornet er avslørande her: Tri evangelistar fortel den. Mellom hindringane var klunger. Matteus seier at det tyder: suta for det timelege og den svikefulle rikdomen som kjøver ordet.” Mat. 13,22. Markus legg til ein tredje ting: ”Sutene for det timelege, den svikefulle rikdomen og lyst til andre ting kjem inn.” Mark. 4,19. Lukas seier omlag det same. Mange vil seia at alt dette er godt.


I Luk.21,34 går det fram at dette blir kampen i den siste tid. ”Men tak dykk i vare, så ikkje hjarta dykkar tyngjest av rus og svir og verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk som ei snare.”


Det er altså viktig å ta seg i vare her. Det vanlege verdslege liv kan bli eit hinder for deg - så du ikkje når himlen. Og i vår tid ligg det verdslege så nær for oss. Me blir påverka på alle kantar. Då kan det lett bedra oss.


Og Johannes åtvarar oss mot det verdslege i brevet sitt: ”Elska ikkje verda, heller ikkje dei ting som er i verda.” 1.Joh. 2,15. Her ligg kanskje nøkkelen til å skjøna det. Spørsmålet vert: Kor er ditt hjarta? Kva heng det fast ved - Jesus eller dei jordiske sysler?


2. Ein annan fåre er sløvhet, liksælhet, lunkenhet og søvn. I v. 6 står det: ”Liksom det tok imto Jesus Kristus som Herren, så ferdast i han.” Vårt liv skulle altså vera underordna under Kristus, han er vår Herre og konge.


I likninga om jumfruene i Mat. 25, ser me dei var opptekne av det ytre. Alle var så like i det ytre, ein kunne ikkje sjå skilnad. Men korleis var det oppi oljekaret? Og om dei kristne i Laodikea vert det sagt dei var lunka. Jesus klagar dei ikkje for å vera syndige og umoralske. Dei hadde berre tapt gløden og skilde ikkje mellom rett og galt i det indre liv. Lunkenhet er snikande som gift og kjem sigande inn som skodde. Gudslivet blir ein vane og rutine. Alt blir så sjølvsagt.


Vane kan vera god, men den må fornyast. Du må få den friske våren att, slik at det spirer på nytt og blomar og frukt kjem inn i livet. Me er jo Kristi vellukt for Gud, både mellom frelste og ufrelste. 2.Kor. 2,15.


I Kol. 3,10 står det óg slik: som vert fornya til kunnskap etter hans bilete som skapte det. Til Korint skriv han om det indre menneske som vert fornya dag for dag. 2.Kor. 4,16.

Men den kjem ikkje automatisk av seg sjølv. me må søkja fornying slik me søkte frelse og omvending. Alle hadde alltid vore fornya om det gjekk av seg sjølv. Erfaringa viser at slik er det ikkje.


3. Ein annan fåre er at me gløymer hovudsaka. Grunnvollen blir ikkje lenger så viktig. Me er meir opptekne med vårt eige liv og korleis me får det til. Eller kanskje periferien er blitt større enn sentrum. Då er det heller ikkje så om å gjera at folk blir frelste, berre dei er snille og gode og litt religiøse. Har tanken på dei to utgangar av livet bleikna, er det fåre for fienden har gripe tak i deg.


Dette låg kanskje bak Paulus sine ord: Eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 1.Kor. 2,2. Mykje anna var naudsynleg og viktig, men hovudsaka var Golgata og Jesus død. Berre det frelser, og det må me aldri gløyma eller sjå lite på.


Fornyinga kjem ved Skrifta. Der går vegen. Der ser du synda, kor svart den er. Og der du Jesus, at det er nok med han. Der har du tilgjeving og evig liv. Det er alltid krafta og styrken mot dei som vil narra oss.


Så syng me frimodig: Få komme på ny, det er hva jeg trenger ved kveld og ved gry...