torsdag 3. september 2009

81) Hebr. 3, 7-14

Kap. 3. Ver på vakt.

Hebr. 3,7-14
(+ 1; 4,1-3). Heb-3.).
Dei første lesarane var frelste jødar. Forfattaren veit at dei kan falla frå og gå tilbake til jødedommen. Det har me døme på i Israels vandring i øydemarka. Det var altså kjent stoff for dei. I 4.Mos.14: 10 les me om speidarane som Moses sende ut. Dei sa: Det nyttar ikkje, problema er for store. Folket fylgde dei. Difor måtte dei vera 40 år i øydemarka. Og det var på grunn av vantru, v. 19. Berre Josva og Kaleb trudde.
Dei var blenda av vanskar. Ønska ein lettare veg, til Egypt.
Herren harm, v. 10. Ikkje den ytre handling feil, at dei ville ha det godt. Det var hjarta som for vill. Og det er likt nå: Forfattaren formanar sine, 12-14. Her er noko viktig:


1. Sjå til, skriv han i vers 12. Dette gjeld dei: ver på vakt! Også me er i ei øydemark. Livet har mange freistingar, me er ikkje framme ennå.
"Begynt er ikke endt, det merk i tide, du som har Jesus kjent, bli ved å stride." (Brorson).
Hebr.12.15: Sjå til at ingen forspiller Guds nåde. Det er mogleg så lenge me er i denne verda.


2. Hjarteforholdet avgjer,v.10: De fer vilt i hjarto. Og i v.12: hjå dykk er eit vondt og vantru hjarta.
Det er menneske utan tillit til Gud. Dei ville ikkje fylgja han, dei var uviljuge å lida og kjempa som kristen.
Men om Kaleb står det: Det er ei anna ånd i han. Han hadde Guds Ånd, og han trudde på Gud og hans makt.
Dei må ikkje ha eit vondt hjarta. Det tyder ikkje alltid umoral, men eit hjarte utan tru på Gud. Elles fell dei frå sin Gud. Og fråfallet tek oftast til i vårt indre, i hjarta, i det små, gudslivet er sjukt.


3. Faren er synd, v. 13b. Me blir forherda ved syndens svik. Det skjer når synda bedrar oss og viser at det ikkje er farleg. Djevelen brukar list og lokkar oss til fall. Han gjer hjarta hardt mot Guds røyst.
Nå kan det skje ved at verda gjer oss opptekne med gode, jordiske ting. Men det blir lett eit bedrag: det gir oss ein truverdig grunn og god unnskyldning og dermed eit falsk håp om lukke og vinning. Djevelen innbillar oss at me gjer mykje godt, og då må det også gå oss godt!
Djevelen kan overrumpla oss dersom me ikkje er på vakt.
Hvis alle synder kom i sin sanne skapnad, ville få synda. Men nå kjem synda i kristelege klær, og det skjønar ikkje alle.


4. Hald fast. Åp. 3,11; 2,25.
Det er ei god formaning: me skal halda fast på Ordet - både til trøst og tilgjeving, til vegleiing, åtvaring og til å ta imot tukt.
For: me har fått del med Kristus, v. 14. Der ligg krafta og løysinga. Kristus er svaret. Han kan fornya og halda oss fast.

5. Forman kvarandre, v. 13. og set mot i kvarandre. Det er og ei nytting formaning. me blir formana til å formana. Me skal hjelpa kvarandre på vegen, ikkje døma og kritisera unødig. Me skal døma synda, men gå til dei privat og visa dei rett veg.

- Fylgde me Bibelen si vegleiing både her og andre stader, ville nok fleire få det betre i livet med Gud.

.