mandag 7. september 2009

116) Ef. 4, 1-6

Ef. 4, 1-3. FORMANING.
Denne formaningsdelen er altså tala til Guds folk og ikkje til verda. (Du får ikkje ein gris til å vera som eit menneske om du formanar han til det. Eit menneske kan derimot oppføra seg som eit menneske.)
Formaninga siktar (her) mot eit rett kristenliv og (indre) einskap mellom dei kristne.

I. Dei kristne sitt liv, v. 1-3.
Her skal me gå inn i nokre ord og omgrep i denne delen av brevet.
1) Eg formaner (eg legg dykk på hjarta). Det greske ordet er parakaleå, som tyder å trøysta, be, formane, tilkalla. Sjå og Rom. 12, 1. Ordet "altså" viser attende til kap. 1-3: formaninga bygger på og skjer på grunnlag av evangeliet om Guds nåde. I Rom. 12, 1 står det slik: Jeg formaner dere ved Guds miskunn.

2) Eg som er fange for Herrens skuld: Han ber ikkje om sympati for sin eigen del eller vil kalla fram følelsar om at han var i fengsel. - Men han visste kva det kosta å vere ein sann kristne, difor hadde han rett til å tala om dette. Ein som er blitt krøpling i trafikken, kan lettare formana dei unge trafikantane til varsemd og mindre fart. Paulus hadde sjølv levd eit verdig liv - difor vart han fengsla. Nå kan han seia: sjølv om det kostar så mykje, bør me leva det rette livet. Og det skal skje både for Guds skuld, og for at eit slik liv er prisen verd.

3) Hensikten med livet: leve verdig vårt kall. Ordet verdig er aksios som tyder: det som oppveg, som eit lodd på ei vekt - for at det skal balansere.
Mitt liv er i ei vektskål: kva balanserer det mot? Naboen, folkemeininga, det dei fleste seier? Dagbladet? - Kva bestemmer korleis du skal leve i kvardagen?
Kva tid lever du verdig? Vår standard (eller vektlodd) er Guds vilje, dvs. Gud sjølv. Kap. 5, 1: Bli Guds etterfølgere. Kap. 5, 25: Mennene skal elska konene slik Kristus elska oss. Det er eit høgt mål. Ordet etterfølger i v. 1 er mimætai som tyder å imitere, vere lik, leva slik som Gud lever! Og denne likhet finn me i Bibelens bodskap. Berre då er livet vårt verdig kallet - me er jo kalla til å vere Guds born. Bibelen slår aldri av på dette "kravet".

4) Einskapen er viktig, v. 3 og 6-7. Her er meint indre einskap mellom dei truande, ikkje ein ytre organisatorisk einskap. Den kjem ikkje av seg sjølv. Difor står det: legg vinn på. Det blir lett usemje, strid og skisme mellom menneske generelt avdi me er så ulike på alle måtar. Det skjer også mellom kristne. Me er fullt og heilt menneske sjølv om me er kristne. Årsaka er svært ofte: vårt eige kjøt får rom, dvs. eigeninteressen. Og det skjer ofte ved at me gir rom for sladder, baktalelse, løgn og uro. Nokre menneske er "flinke" til å skape uro om den minste ting utan å sjå perspektivet. Difor står her: Åndens enhet i fredens sambånd, eller Nyn.: Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman. Me har igrunnen så mykje felles med alle andre Guds born, v. 4-6. Dei konkrete formaningane i v. 2 siktar nett mot å halda på denne freden i Anden.

II. Fem store omgrep i kristenlivet - som kan bevara freden og visa at me lever eit sant Guds-liv. Dei fortel kva det er å leva verdig kallet. Her er noko av Guds standard, og difor noko å prøva seg på.

1) Audmjuke. På gresk er det tapeinofrosynæ. Grekarane brukte det om slavefrykten, om å vere krypande og smiskande ovafor andre, dei som er over ein. I bibelsk tyding får det eit anna innhald - Bibelen fyller ofte gamle ord med nytt innhald. Den kristne udmykskap kjem fyrst av sjølverkjenning. St. Bernhard sa: det som gjer oss klår over at me er uverdige. Dinest kjem det av å samalikne oss med Kristus og Guds krav. Me vert ikkje alltid audmjuke av å samanlikne oss med andre menneske. Ein kan tru at ein er ein ganske bra pianist, til og med god! til ein møter ein verkeleg meister. Då høyrer me ofte skilnaden. - Å vere audmjuk er å tenkje lite eller ringt om seg sjølv og setje seg sjølv lågast. Fil. 2, 3-4: Det er ein sterk prøve på å vere audmjuk. Me vert formana til å leve audmjukt, ja med all audmykt (NN-30).
Paulus kunne vitna om det, Apg. 23,1: eg har til denne dag levt med alt godt samvit for Gud. 24, 16: Difor legg eg og sjølv vinn på allstødt å ha eit uskadt samvit for Gud og menneske. I Nn-78 står: reint samvit. Det er sterkt å kunne seie slik.

2) Mildhet eller spaklynde. NN-78 har: ta dykk ikkje til rettes. NO-30 har: saktmodighet. På gresk står praotes: dei som ikkje krev sin rett eller gjer seg sjølv gjeldande. Ordet er brukt om Jesus i Mat. 11, 29: eg er mild (saktmodig).

3) Langmod, i Nn-78: ver tolsame. Mot til å gå langsomt.
Det tyder å tåle mykje av andre menneske. Dei set oss ofte på prøve, og det spørs kor mykje me klarar å ta imot. Ei hovudsak er å ikkje slå eller ta igjen. Det tyder nærast tolmod: å tole trengsel, sjukdom og problem av andre. Rom. 12, 12: ver tolmodige i trengsla. Grunntydinga vert: å vere standhaftig og ikkje missa motet i alt som skjer, serleg ovafor medkristne. Her taper me kanskje lettast - og då vert freden broten.

4) Me skal bera over med kvarandre - avdi me er så ulike. Me har ulikt temperament, smak, vanar, planar for livet og arbeidsmåtar. Me må læra å tola andre - både i teologi og liv - når det ikkje går på det sentrale, det åndelege liv sitt grunnlag og hovudsak.
Det skal lite til for å øydeleggja: me vert uvenlege, sure, toler ikkje andre sine meiningar, me finn feil, vert utilfredse og irritable. Alt dette er med å øydelegg fredens sambånd.
5) Løysinga er: i kjærleik. Ordet er her agape som tyder den forpliktande kjærleiken som tek ansvar og er viljug til å ofra for andre. Ordet er brukt om Guds kjærleik i Kristus til menneska. Dette prinsippet skal styra alle våre reaksjonar mot andre! Og det er ein vanskeleg kunst.

III. Det me har felles, v. 4-6.
Trass i at me menneske er ulike på mest alle område, har me mykje felles som kristne. Og dette går på tvers av mest alle konfesjonar og kyrkjesamfunn. Dermed har me ikkje sagt at konfesjonar er likegyldige, men me finn altså eit minste felles multiplum hjå alle truande i alle land til alle tider i alle evangeliske kyrkjer. Men det er heller ikkje gjeve oss å skilja rett mellom alle ting som er rett i dei einskilde samfunn. Mykje må me overlata til den endelege domen. Men kan hende vil me verta overraska her.
Kyrkja er ein einskap avdi Gud er ein. På same tid er den mangfaldig ved at mange gåver er i verksemd, v. 7-10. Kva er felles her?

1) Me er ein lekam. Alle kristne tilhøyrer den eine lekamen, Kristus. Dette vert omtala meir i kap. 5, 23-32. Paulus kaller det eit mysterium, ein løyndom. Me kan aldri skapa ein synleg lekam, ei kyrkje, av alle kristne.

2) Me har ein Ande, Den Heilage Ande. Det er den same Anden som kallar oss til Gud medan me var syndarar, som føder oss på nytt og viser oss Kristus som einaste Frelsar. Ingen andre kan gjera dette.

3) Me har ei von som er den himmelske arven. Vona etter døden er svært viktig for dei kristne - og me finn den same lengselen hjå heidningane: korleis skal dei finna fred bak grava. Me fekk vona då me vart kalla - her i tydinga tok imot kallet.

4) Me har ein sams Herre, Jesus Kristus. Der han ikkje er herre, er det ingen einskap. Om dei ser ulikt på deler av den kristne trua, vil alle kristne ha Jesus felles- som einaste frelsar.
5) Ei tru er og felles, ikkje styrken på trua eller kor stor og klår den er i alt. Men trua sin gjenstand, objekt, kva me trur på og at me trur ikkje reknar med gjerningar. Me trur på Gud i Kristus og har slept alle eigne gjerningar.

6) Me har felles dåp. Her meinast ikkje dåpen si form og kanskje ikkje så mykje innhaldet heller, som kven me er døypt til. Alle kristne er døypte til Kristus etter dåpsbefalinga. Innhaldet i dåpen er viktig, men det er tvilsamt om det er meint her.

7) Me har ein Gud og nokon annan verkeleg Gud fins ikkje. Alle andre gudar er avgudar og dermed ikkje verkelege gudar. Han er far for alle - ikkje i meininga kristen far at alle menneske er kristne (jfr. 3, 15). Anten meiner Paulus at alle her tyder alle kristne, både av jødar og heidningar (som Dächsel), eller i tydinga skapar-og herskartanke slik framhaldet i verset tyder: han er over alle, gjennom og i alle. Den første tydinga er mest truleg ettersom alle dei andre likskapsteikna går ut på å syna kva dei truande har sams.

IV. Mangfaldet i kyrkja, v. 7-16. Nådegåver.
Trass i at me er ein lekam og har så mykje felles, er det og eit mangfald i den kristne kyrkja. Og det ser me i alle forsamlingar, meir eller mindre. Dette mangfaldet har med nådegåvene å gjera. Nådegåvene er gjeve oss for at me skal tena og ikkje for å visa dei fram. Dei er nådegåver avdi me får dei av nåde. Me kan ikkje kreva noko, berre be om gåver. Slik kan me heller ikkje kreva bestemte gåver eller tenester i Guds rike. Gud er suveren på denne måten også. V. 7.

I dette avsnittet finn me eit Messiasord som er vanskeleg å skjøna, v. 8 sitert frå Sal. 68, 19. Paulus siterer ikkje verset ordrett, og ved første augekast kan det valda vanskar. I salma står det at han (Kristus) mottok gåver mellom menneska, slik sigerherren fekk gåver som teikn på hylling (Dächsel). Slik har Kristus teke bytte frå fienden, altså fridom og frelse for syndarar. Paulus siterer dette slik at Kristus ga gåver til menneska. Her kan me skjøna det slik at han ga vidare til oss de frelsa han vann. Fjellstedt kallar denne salma "Kristi opphøying og kraft".

Som ei fylgje av dette, talar han om dei einskilde nådegåver. Det er han - Kristus - som gav gåver og sette dei einskilde tenestene i kyrkja.

1) Nokre er apostlar, v. 11. Her må vere meint dei 12 apostlane Jesus valde seg ut i byrjinga og som vart eit grunnlag for den vidare kyrkja, kap. 2, 20. Aposteltittelen er avgrensa til augnevitna slik det kjem fram i Apg. 1, 21-22. Sume vil og meine at alle som forkynner i nye områder (for dei unådde folk) kan kallast apostlar.
2) Dinest kjem evangelistane, det er dei omreisande predikantane som talar til vekkjing og frelse for uomvende.
3) Somme er hyrdingar - det er dei som skal hjelpa dei truande i kristenlivet, gje åndeleg mat. Dei talar til oppbygging.
4) Nokre er lærarar - ikkje lik folkeskulelærarar, men i åndelege spørsmål. Dei skal forklara den kristne trua og føra folk inn i Ordet.

Grunnen til at kyrkja treng fleire tenester er sagt klårt i v. 12f.: Me skal verta dugelege til teneste for Gud. Og me treng alle hjelp i åndeleg vekst, og me skal vera med å kalla andre inn til korset. Vår vekst i truslivet har som mål å gjera oss faste i trua slik at me ikkje vert rivne med av vranglære, v. 13-14. Vranglærarane er dugelege til å få folk med seg. Altfor mange vert rivne med og let seg kasta ikring av andre. Læra deira ser tiltalande ut og mange kan la seg lura. Jfr. Kol. 2, 18.
Løysinga er v. 15: vere sanninga tru, dvs. tru mot evangeliet om Jesus som hovudsaka i kristentrua. Men det skal skje i kjærleik mot alle som er utafor slik at me ikkje støyter dei. Berre sanning vert hard framferd. Berre kjærleik vert blautskap. Alle skal saman veksa opp mot Kristus, v. 16.

V. Dei kristne sitt nye liv, v. 17-32.
Dette nye livet er eit resultat av at nådegåvene trer i funksjon. Det skjer ei veldig endring med dei som vert frelste av nåde, kap. 2, 8. Og denne endringa held fram heile livet. For dette har med vårt daglege liv å gjera. Det er tale om kvardagskristendom.

1) Dei skal ikkje leva som heidningane meir, v. 17-19. Dette kan tyda at lesarane har vore heidningar før dei vart kristne, og det ikkje er tale om jødekristne. Heidningane lever i synda og kjenner ikkje Gud. Fleire kjennemerke finn me her om heidningane:

a) Dei ferdast i sin hugs fåfengd (Nn-38), eller i Nn-78: tankane deira er tome. V. 17 grip attende til tanken i v. 1: om det rette kristenlivet. Paulus seier og vitnar - i Herren. Skal ein kristen veksa opp til Kristus i kjærleik, er det først viktig å leva på ein annan måte enn heidningane gjer. Det grip han fatt i først.

b) Dei er formyrkte i sin tanke, i Nn-78: vitet deira (er) formørkt. Dei skjønar ikkje det som handlar om Guds rike og frelsa.
c) Dei er framande vortne for Guds liv.
d) Vankunna er i dei, Nn-78: dei kjenner ikkje han.
e) Hjarta er forherda - difor kjenner dei ikkje han. f) Dei er utan skamkjensle, Nn-38: tykkjelause, v. 19. Jfr. Fil. 3, 19.
g) Dei har kasta seg ut i sedløyse, Nn-38: gjeve seg i ulivnad. Her gjeld det eit laussluppe seksualliv.
h) Dei lever i all slags umoral, NN-38: dei driv med all ureinskap.
i) Dei jagar etter pengar, NN-38: havesykja; NB-88: griskhet.

2) Dei kjenner Kristus, v. 20-21: han er det motsette av det heidenske livet. De har ikkje lært Kristus å kjenna soleis. Dei har høyrt om han, og er opplærde i han - som sanning er i Jesus. Etter dette burde dei vite korleis det rette livet med Gud er.

3) Det gamle livet skal avkledast, v. 22. 25-32.
a) Det gamle menneske er

4) Det nye livet skal dei bli kledde i, v. 23-24. Her skjer det ei stadig oppattnying.

Me merkjer oss korleis Paulus skriv om ein dobbelhet i kristenlivet: Me har alt lagt av oss det gamle, men me skal framleis leggja det ava oss. Me er alt kledde i det nye, men skal stadig kle oss i det. Difor er kristenlivet ein prosess og ein vekst i nåden. Vert det stagnasjon, døyr livet. Eit liv kan aldri stå stille. det må veksa, auka og utvikla seg.