Åp. 5, 1-10. Jesu navn
Jesus - har mange navn. Han er Bibelens sentrum, hovudperson. Han er: 1,5: det truverdige vitne, og i 22,11: den klare morgenstjerne.
Her ser me litt om han, kven han er og hans gjerning. Det kan me sjå av titlane hans. Nå er det mykje uklart for folk kven Jesus er. Men her er alt klart.
1) Davids rotrenning,v. 5. det talar om hans herkomst og ætt. Og det er oppfylling av profetien i Jes, 61. Oppfyllinga kjem i Luk 4. Gud utvalde jødane som folk. Joh.4, 22: frelsa kjem frå jødane, sa Jesus. Og i Mat. 1 og Luk 3 finn me Jesu ættetavle bakover, heilt til Abraham og Adam.
Difor står jødane i særstilling. Rom.11,2: Gud har ikkje forrkasta sitt folk, seier Paulus.
Eit rotskudd talar om eit nedfalle tre, det ser svakt og ringe ut - men det har liv! Då er det von for framtida.
2) Løva av Juda, 5. Løva er skogens konge og herskar. 1.Mos 49,9. Jesus har kongeleg autoritet og makt. Han er sigerherre til slutt. Han var Herre i krybba og på korset også, men då viste han det ikkje.
Nå er han Den sterke. Han viser at Guds rike skal sigre. Og det vil skje trass i motstand og hån.
- Han kan opne boka dvs. vise framtida. Han er verdig til det og har makt til det. Framtida er i Jesu hånd.
- Jesus har sigra. Det har aldri vore tvil om det. Gud var sikker siger frå skapinga av. Men han viste det ikkje. Til slutt skal alle sjå at Guds rike vil sigra.
- Bibelen har svaret på Bibelens gåter. Me skal ikkje skamme oss over det !
3) Lammet,v. 6.7.12 er eit anna namn. (På gresk er det her arníon, som tyder eit lite lam). Det er brukt 28 gonger i Openberringa. Dette namnet viser at Jesus var rein og uskyldig, og at han var eit offer: som i påsken. Elles vart det ofra kvar morgon og kveld i tabernaklet og seinare i templet. 2. Mos. 29,38f. Det viser han var villig å lida og dø for menneska.
a) Han vart Slakta, v. 9 - som offerlam. Kunne ikkje seia nei. Kjærleiken til oss batt han. Det er symbolspråket her. Han gjekk til korset, offerstaden, altaret. Det talar om liding, kamp og offer.
b) Han kjøpte oss til Gud. Det er som på eit marked, prisen vert betalt og alt er ordna. Det er bilete på forsoning.
Prisen var blodet: ga sitt liv, for synda si løn er døden. Me har mange vers om det, t. d. : 1.Kor.6,20: de er dyrt kjøpte. 1.Pet.2,24: Han bar våre synder på sin lekam. Eller Joh. 1,29: Sjå der Guds lam som ber verda si synd. Eller profeten Jes. 53,5: Han er såra for våre brot. Jesus sa det sjølv slik: Mat.20,28: gi livet til løysepenge for mange.
- Me er frikjøpte frå dom, straff, og all synd. Me blir som englar og endå meir! Difor syng me ein Ny song. v.9. Det er songen om den sanne kristendom. Det er ikkje sjølvstrev og lov. Den handlar berre om Jesu gjerning for oss. Utan det er alt hykleri.
c) Alle folk er med. Frelda er ikkje berre for jødar eller snille folk. Gud vil at alle skal bli frelst. Han gjorde soning for heile verda. Alle ætter og folk - uansett rase er med.
Det er misjon. Budskapet om Jesus må ut til alle! Det er vår oppgåve.
d) Difor har han gjort oss til prestar og kongerike. Me er et nytt folk. Guds barn. Og me har fått ei teneste i livet vårt, me har eit ansvar.
Er me sløve?
Vil han be nokon å stansa og be om fornying?
La kongen få sin vei og vilje?