torsdag 3. september 2009

61) 1. Pet 1, 13-17

EIT HEILAGT LIV.

Kap. 1, 13-17.

I dette avsnittet finn nokre av dei sterkaste ord om kristenlivet. Peter skriv både om Jesus død som grunnlaget for kristen tru, om Guds ord der me finn ordet om frelsa, om atterfødinga og målet for trua. Nå kjem han til sjølve livet. Korleis skal eg leva det?

Då talar han om eit heilagt liv. Og det er ikkje sjølvsagt for oss. Det kjem ikkje automatisk om eg har ei sann tru på Ordet og er blitt fødd til nytt liv. Nei, "her gjelder kjempe, ja trenge seg fram, ellers ei himlen du vinner".

Ordet heilag har to sider: utskild frå verda og innvigd til Gud. Sundag kallar me ein heilag-dag, og det illustrerar godt dette ordet. Denne dagen skulle vere utskild frå dei andre dagane og ikkje nyttast til arbeid og pengejag. Den skulle derimot vere innvigd til Guds ord og samværet med dei truande. - Men er den alltid det? Slik er det og med det heilage livet for ein kristen. Gud har ei meining med det.

Spørsmålet vert nå: når Jesus sitt mål med oss? For å hjelpa oss i det, kjem apostelen nå med fleire formaningar til dei truande. Og målet er eit heilagt liv her på jord.

1. I Kristus er me heilage og fullkomne.

Dette kan me kalla den objektive helging, og den gjeld for Gud og er synleg i himmelen. Det er ein skjult løyndom, men openberra for trua. Me får del i Guds helging, Hebr. 12, 10. I denne meining er alle kristne 100 % fullkomne, me er heilt innvigd til Gud. Det manglar ingen ting.

Det er dette Pontoppidan skriv om slik: "Gud av bare nåde frikjenner en botferdig og troende synder både fra synden og dens straff, og i stedet tilregner ham Kristi rettferdighet. Ja, anser ham i Kristus som om han aldri hadde syndet." Han skriv om dette under rettferdiggjeringa, men han reknar det som ein del av sjølve helginga i vid meining (sp. 486).

Og me har mange skriftord som seier dette. I vår tekst v. 15-16 skriv Peter at Gud er heilag, difor skal me vere heilage. Det er sitat frå 3. Mos. 19, 2 og 11, 44. Det var skrive til israelittar, og her viser Peter at det same gjeld oss kristne. Om dette seier Luther til denne teksten: "Avdi eg er din Herre og Gud, og de er mitt folk, må de vere lik meg... La Gud åleine regjere, leve og arbeide i dykk. Då er de heilage slik Han er heilag."

Paulus skriv til dei kristne i Efesus og seier: Til dei heilage i Efesus - som trur på Kristus (Ef. 1,1). Dei heilage er altså dei som trur på Kristus. Det same ser me i 1. Kor. 1,2. Der kallar han dei kristne "de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla". Og me veit at dei kristne der ikkje var fullkomne i livet. Likevel var dei heilage. Og løyndomen til det finn me i 1. Kor. 1, 30: Kristus Jesus .. har vorte vår helging.

Jesus død og forsoning gjorde oss heilage. "På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra ein gong for alle", og "med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne" (Hebr. 10, 10. 14). "Hva Jesus har meg givet, gjør meg for Gud så kjær." Det er han som er vår helging, og me har ikkje ære av det. Det er oppfylling av hans bøn: "Eg helgar meg for dei, so dei og skal vera helga i sanning" (Joh. 17, 19 NO-38). Denne bøna er oppfylt. Me er fullstendig frelst i Jesus og "lik" Gud i denne meining.

2. Me vert oppmoda til å leve heilag.

Den objektive helging er berre synleg for Gud. Våre naboar og arbeidskameratar legg ikkje merke til det. Dei ser kvardagslivet vårt. Det er om dette den gamle klokkarbøna vart beden kvar sundag: Å forbetra meg kvar dag i eit heilag liv. Og det er dette Peter skriv om i v. 13f.

Om dette skal me seia to ting nå:

a) Me vert aldri ferdig med det. Det er ein prosess som varer livet ut. Eg må stadig vidare i dette. Slik heilag tyder å vere utskild og innvigd, vil kristenlivet alltid vere prega av å skilja lag med det verdslege og ei ny innviing til Gud. Det verdslege er ei gift for kristne som lett tek livet av oss.

Denne sida ved helginga er då å "bli betre" i det ytre. Me blir aldri betre eller gode nok i høve til frelsa. Den er og blir av nåde for Kristi skuld. Men vårt ytre liv kan bli betre. Her må me leggja av syndige vanar og feil som øydelegge for oss sjølve og for andre. Det gamle menneske, "kjøtet", skal leggjast og døy, og me skal kle oss i det nye, seier ordet. Ef. 4, 22. 24; Kol. 3, 5-8.12. Det tyder å leva etter Guds vilje og la vår eigen vilje døy. Dette har me for lite av i vår tid. Mange deggar for mykje med sin eigen vilje og lyst.

Og dette er sumen av Peter sine ord: De skal vere heilage, v. 16. Blir me nokon gong ferdige med det? I Hebr. 12, 14 er skrive: "Streva etter helging". Utan denne kampen vil gudslivet døy. Her skal me altså lære oss å vere nøye i pengesaker, med orda våre og vreiden. Tida vår er Guds eigedom, det er kjenslene våre og alt me elles eig. Peter nyttar fleire ord her:

1) Spenn beltet om livet, v. 13. Dei nytta lange, vide kjortlar på den tida, og dei kunne hindra ein rask gang eller arbeidet. Difor måtte dei binda kjortelen opp med beltet. Jfr. Ef. 6, 14. Slik skal ein kristen alltid vere rede til å gå for Jesus og vere i teneste for han. Kanskje ville me heller sagt det slik: brett opp armane og ta fatt. Denne formaninga viser til sinnet, om å vere budde i tanke og hug. Det tyder at vår tanke og hjarte ikkje må vere bunde eller påverka av denne verda.

Luther har ei anna forklaring av dette ordet. Han seier at kjelda for avkomet (barna) er livet ("lenda"), og difor talar ordet om reinleik. Slik ei jomfru er fysisk rein og skuldfri, er sjela åndeleg rein ved trua. Ved den vert ho Kristi brud. Men hvis ein fell frå i falsk lære, vert ein øydelagd. Difor vert avgudsdyrking av vantro kalla hor i Bibelen.

2) Dinest talar ordet å vere vakne (NO-85) eller edrue (NO-38). Å vere edru tyder å ikkje drikke vin eller alkohol. Så sant som det er, viser vel også dette ordet til vårt sinn og tanke. Men det er eit godt bilete: alkohol tek bort kontrollen over oss. Ein full mann kan gjera dumme ting han seinare tregar sårt på. Han hadde ikkje evne til å sjå konsekvensane av det han gjorde og let seg riva med av eigne og andre sine idear.

Åndeleg edru er den som har kontroll over syndelystene og ikkje let impulsar styra livet. Han er korkje i religiøs ekstase eller moralsk uansvarleg. Han vaker over sitt eige liv. Å vere edru og vake er to sider ved same sak. "Den som er rett edru og våken, som uforstyrret og uanfektet av denne verdens ting, er stille for Gud og med samlet sinn, kaster av kjødets treghet og river seg løs fra sin egen ånds innbilning, og vender alle sitt sinns krefter til den himmelske arven, sitt tros mål som er sjelens frelse" (W. F. Besser).

3) Vidare skulle me setja vår von til den nåden me får når Kristus kjem att. Han meiner at dei ikkje må bli trøytte og gje opp når prøvingane kjem. Og dei måtte ikkje missa vona som evangeliet gjev, men halde fast ved vona om endeleg frelse så lenge dei er på jord. Ei bibelsk von er noko meir enn eit ynskje eller ein draum om å nå fram.

Alle desse tre formaningane skal verka samstundes: Me både spenn beltet om livet, er vakne og edrue og held vona levande. 4) Ei fjerde formaning fylgjer nå: me skal vere lydige born, v. 14. Og her er me kanskje inne i kjernen av den praktiske, kvardagslege helginga. Som ufrelste var me ulydige og vantruande. Som kristne er me fødde på nytt inn i Guds familie og har fått Gud til Far med hans natur (2. Pet, 1, 4). Av det fylgjer at det skulle vere naturleg for oss å lyde vår himmelske Far. Born kan vere ulydige og vrange, det er heller ikkje ukjent for Guds born. Difor kjem ei oppmoding her som seier: De er faktisk lydige born, avdi trua er lydnad, som Luther understrekar. Men då er det viktig, seier Peter, at de ikkje lenger fylgjer dei syndige lystene slik som før. Meininga er den same som i Rom. 12, 1-2: Skikka dykk ikkje lik denne verda. Det er ikkje dei verdslege som skal setje standarden for Guds born. Det skal Bibelen og Guds vilje gjera.

Me legg merke til at dei sterke orda om helging kjem umedelbart etter talen til lydige born. Denne sida ved helginga er lydnad mot Gud og hans vilje. Så skarpt må me seia det. Den som altså foraktar formaninga til eit nytt liv, kan ikkje leva i helginga.

5) Ein ting til nemner Peter: Ferdast i age for Gud den tid de er her som framande, v. 17. Dette kjem rett etter orda om helging. Den som har rett age for Gud, vil vere lydig. Misser me agen for Gud, lukkar han oss ute frå sitt rike og arven. Ef. 5, 5. 2. Kor. 5, 10. Gud dømer utan å ta omsyn til menneske. Gud er upartisk og 100 % rettferdig.

Mest heile resten av brevet er nå ei vidare forklaring på det heilage livet, til kap. 5, 11. Peter talar om korleis me må leggja av synda og leva eit rett liv både i samfunnet og i heimen og mellom dei kristne. Vår sorg som kristne er at det lukkast så syrgjeleg lite. Me har så mange svikt i kvardagskristendomen vår.

3. Ei endeleg helging i himmelen.

Når Jesus Kristus openberrar seg, skriv Peter i v. 13. Då vil mange ting henda. I denne samanhang skal me berre peika på temaet helging.

For Guds åsyn er me fullkomne, for oss sjølv og andre menneske er det ei skjult helging. Og den er det ikkje brist ved. I vårt kvardagsliv eig me derimot ei heller skrøpeleg helging full av brist. Det er vår erfaring som me berre må vedgå.

Når Jesus kjem att og me skal til himmelen, skjer derimot noko. Då vil den fullkomne himmelske helginga bli vår erfaring! Me vert også fullkomne i gjerning og kvardagsliv. Det veit me m. a. av ordet i 1. Joh. 3, 2: "Vi veit at når han openberrar seg, skal vi verta han like, for vi skal sjå han som han er." Då opplever me frelsa si fylde og får svaret på alt. Her er mange uløyste gåter i livet, og me ventar på mange svar.

Dette hadde W. A. Wexels sett inn i då han skreiv:

Tenk når engang jeg uten synd skal leve,

hver tanke ren, hver gjerning uten brist,

når aldri jeg behøver mer å beve

for muligheten av en syndig lyst.