torsdag 3. september 2009

58) 1. Pet. 2, 1-5

1. Pet. 2, 1-5. Eit stort kall.

Her møter me eit veldig kall – til kristen tru og rett liv.

Guds ord er alltid skarpt, her er eitt av dei klåraste slik. Det står noko her om livet med Gud som me bør ta til oss.

1. Kom til Jesus. v. 4. Det er innbydinga til frelse. Og den finn me i heile Bibelen. Jesus innbaud då han var her. Mat. 11, 28: Kom til meg, alle de … Mat. 111, 28. Og i likninga les me: Alt er ferdig, kom… Mat. 22, 4. Men me vert ikkje innbodne til kva som helst. men til den Jesus som er omtala i Bibelen. Om han skriv Peter her:

a) Han var den levande steinen. I seg sjølv er steinen død, men ikkje Jesus. Han er levande. Han har evig liv i seg sjølv, og han kan gje liv til åndeleg døde menneske. Han er grunnvollen for vår frelse. Ingen kan ha det rett utan ved han. Han er sjølve inngangsporten og vegen til Gud.

b) Han var forkasta. Det ser me tydeleg i hans samtid og mellom hans eigne. Joh. 1, 11. Slik det òg nå. Mange takkar nei og seier dei treng han ikkje. Me kan seia med åndeleg vekt: Stakkars folk.

c) Men – han var Gud! Gud hadde utvalt han, og han var dyrebar. For han var Guds eigen Son, fødd av faderen frå æva. Han var sjølv Gud. Difor kan han hjelpa nå!

- Eg fekk koma i unge år. Det var nåde. Du som høyrer Ordet, er innbeden. Dei gamle haugianarane sa: ”Å tru er å koma til Jesus med synda si.” Vil du gjera det?

2. Dei smakar Guds godleik.

Det tyder å oppleva frelsa, få tak i evangeliet. Salme 34, 9: Smak og sjå… Det er den personlege opplevinga av frelsa og evangeliet. Du må sjølv koma, slik Jesus sa i Joh 1, 39-40: Kom og sjå! Jfr. Joh. 7, 17. Kristendom er ikkje lære eller teori, men å sjå noko: dette gjeld meg, eg treng hjelp – og det kan Jesus gje! Då kjem vitnemålet: Jesus har frelst meg. Me syng av hjarta og med sanning: ”Han søkte meg i nåde som gikk på syndens vei.” Me kan altså erfara og oppleva kristendom, men ”det kan ei forklares, det kan kun erfares.” Er det blitt ditt?

3. Me vart oppbygde, v. 5. Me fekk liv i Kristus, og vart levande steinar. . Då kom me inn i eit fellesskap med alle dei frelste. For alle desse var Guds folk! Det er ikkje alle som har namnet ”kristen”, eller er døypt. Levande steinar er berre dei atterfødde, kap. 1, 3. Me vert ein Guds bustad (Ef. 2, 19-20), eller eit tempel for Gud (1. Kor. 3, 16).

Dette tyder eit inderleg samfunn med Jesus, som han sa i Joh. 15: me er greiner på vintreet. Og me har samfunn med kvarandre. 1. Joh. 1, 7. Det er usynlege, heilage band som bitt oss saman. Me syng med sanning: ”Velsigna band som bind Guds folk i saman her.” Dette samfunnet kan me ikkje organisera. Det kjem når me trur på blodet. Kristne kan nok vera usamde i fleire ting, slik ektefolk er det. Men me har fellesskap og samfunn.

4. Me treng mat, v. 2. Kristendom er liv – som lever og pulserar kvar dag. Difor trenge me mat. I v. 2 er den kalla melk. Det er evangeliet, Guds sanne ord om frelsa. Ein kristen lengtar etter å høyra om den. Det er ein trong i oss til å få noko meir, skjøna meir og hugsa meir til å leva på i tronge tider. Nokre er blitt matleie, og dei ser ut til å vera nøgd med lite.

Mat får me når me søkjer saman, les, be, høyrer forkynning og vitnemål – og les gode bøker. Sløvhet her er teikn på fråfall. Salme 102. Bibelen har noko til oss – mat, vegleiing, vekst, kraft i livet.

5. Praktisk formaning, v. 1. Peter vil formana inderleg og seia: legg av all synd. Den må bort, same kva namn den har. Me kan ikkje skjula noko for Gud. Me må sanna synda og få henne inn under blodet. Det gjeld store synder. Og dei små, daglege syndene, som svik, misunning, baktaling m.m. Mykje slikt skje. Det øydelegg vårt eige gudsliv, og det heilage samfunnet. Me kan ikkje leva godt saman med folk som syndar. Difor treng me å koma ofte til Jesus med synda og få ny tilgjeving. Me får leva på nåde til vår siste dag.

- Det handlar ikkje om å verta syndfri, men om ikkje å leva i bevisste synder. v. 4. Kap. 11, 13: Set dykkar von til … Kap. 5, 10: All nådes Gud. Der må me leva.

Et kall.