torsdag 3. september 2009

65) 1. Pet 1, 1-2.

De kristne

1. Pet. 1, 1-2.

Peter helsar lesarane av brevet og skriv brev for å hjelpa dei i kristenlivet. Hans N. Hauge gjorde det same og mange med han. Ei personleg helsing kan ofte vera ei god hjelp for folk som er i naud og strir med noko. Og desse lesarane hadde det ikkje lett.

Brevet var sendt til kristne i mest heile Litle-Asia, som er den vestre delen av Tyrkia. Dei landskapa som vert opprekna, ligg der. Berre eit slikt "fylke" er utelete - Kilikia. Det var Paulus sin heimstad. Eit par mindre område manglar og, Lysia og Pamfylia.

Helsinga er den vanlege i kristne brev på den tida: nåde og fred. Slik kjenner med det frå Paulus sine brev. Me må gå ut frå at det var ei vanleg kristen helsing på denne tida. Og det er Guds frelse i ein sum: det skjer ved nåde frå Gud og gir fred med Gud. Men det gjeld berre for Guds folk. Slik står det i siste verset i brevet: Fred vere med alle dykk som er i Kristus (Kap. 5, 14). Også det uttrykket minner om Paulus. Å vere eit Guds barn er å vere i Kristus, så nær og så eitt med han. Og først då eig me fred med Gud og sann hjartefred.

Kva seier så Peter om lesarane? Mon ikkje det han seier om og til dei er likt for alle Guds born og aktuelt til alle tider? Bibelen sine ord om mennesket og om dei kristne høver for alle tider. Me er ikkje meir moderne enn at me er Guds skapningar som alle andre før oss.

1. Dei var utlendingar, v. 1.

Det første han seier om dei er: dei er utlendingar som er spreidde ikring i Litle-Asia.

Jødar som reiste ut frå Israel vart kalla "diaspora-jødar" eller utlendingar. Og dette ordet er brukt her. Han skriv til diaspora-folk, dvs folk som ikkje høyrde heime der dei budde. Dei hadde eit anna fedreland.

I kap. 2, 11 vert dei og kalla framande og utlendingar. Ordet utlending tyder eigentleg ein som lever ved sida av (dei andre). Han er pilegrim.

Det kan nok hende at ein del av dei kristne i Litle-Asia var jødar som var flytta dit. På pinsedag var det folk i Jerusalem frå desse bygdene (Apg. 2, 9). Men det er tydeleg at sume av lesarane var heidningar, kap. 2, 10; 4, 3.

Kven lesarane enn var, er orda her eit godt bilete på dei kristne til alle tider: me er framande her i verda, og me er ofte spreidde ikring langt frå kvarandre. Guds folk er på reis og har eigentleg heime i himmelen. Paulus skriv i Fil. 3, 20: Vårt rike er himlene. I eldre omsetjingar stod det slik: vårt borgerskap. Det er der me har vår rett og vår heim.

"Eg er ein gjest i verda, min heim i himlen er."

Slik syng Guds barn. Han har eit mål for livet, og det er hans hovudinteresse her på jord.

Det er med oss som med Israel i øydemarka. Dei reiste ikring i 38 år samt 2 år på reisa frå egypt. Dei høyrde ikkje heime der, dei måtte vidare og venta på dagen då dei skulle gå inn i landet som flaut av melk og honning.

Det var slik med patriarkane og. Om Abraham står det at han budde som utlending i det landet han var lova, "liksom i eit framandt land". Dei gamle truande sanna at dei var framande og utlendingar på jorda (Hebr. 11, 9.13).

Dette er våre kår på jord, og det går galt med det menneske som gløymer dette. Peter skriv i 2. brevet kap. 1, 14 at han brått skal leggja ned hytta si. På grunnspråket står det rett og slett telt. Det talar om at han var på reis og måtte vere klar til oppbrudd kva tid som helst. Teltpelane skulle ikkje vere faste i jorda.

Uttrykket framand skal altså minna oss om å ikkje slå oss til ro her men søkja det himmelske.

2. Dei var utvalde.

Det andre som er sagt om dei er at dei var utvalde etter Gud Faders førevitande. Her kjem ein lett inn på utvelginga. Me trur ikkje at ordet her talar om ei utvelging til frelse og fortaping som Calvin og Augustin lærte. Me trur at Bibelen forkynner at Gud har gjeve alle menneske som høyrer evangeliet eit høve til frelse om dei vil ta imot det.

Eg trur utvelginga her tyder eit par ting:

a) Gud visste om alt som kom til å skje frå æva av. Ingen ting kom overraska på Gud. Han kjende oss før me vart fødde - me er jo hans skapning. "Han visste alt om meg før han meg kalla, og gav meg plass ved nådens rike bord." Det er trøyst når me kjenner oss lite skikka som kristne. Og kva tid gjer me ikkje det? Han kalla oss trass i vår svakhet og alle våre feil.

Paulus skriv slik til romarane: dei som han føreåt kjende, dei har han føreåt etla til å likjast bilete av son hans, og dei som han føreåt etla til det, dei har han og kalla. Rom. 8, 29-30. Han kjende til kven som ville ta imot og kven som ville forkasta han. Dei som ville ta imot, dei kalla han. Johannes skriv at Jesus visste frå første stund kven som ikkje trudde, Joh. 6, 64. Og som Rosenius seier: "og altså også kven det var som ville tru".

b) Det andre me kan seia om dette er at Gud har førebutt frelsa for alle. Alt er fullbrakt, Joh. 19, 30. I prinsippet har alle høve til å bli frelst. Men berre dei som tek imot, får tilgjeving for synda og blir frelst. Difor ligg ansvaret for frelsa på oss sjølve sett frå denne synsvinkelen. Difor kallar han menneske og seier: kom! Det er ei opa dør i evangeliet for alle syndarar. Det skal me ikkje nekta.

Paulus skriv: Gud vil at alle menneske skal bli frelst, 1. Tim. 2, 4. Og Jesus fortel om bryllaupet til kongssonen at innbydinga gjaldt "alle dei de finn", Mat. 22, 9. Men ikkje alle brydde seg om kallet. Difor sa Jesus i v. 14: Mange er kalla men få er utvalde. Dei utvalde er ikkje nokre spesielle som Gud vil ha i sitt rike og slik stenger andre ute. Dei utvalde er dei som tek imot kallet og slik får gleda seg ved festen. P. Fjellstedt seier i sin kommentar om dette: "Mange er kalla til å vere medlemmer av kyrkja, men få er utvalde. Få er dei som i hjarta tek imot og tilegnar seg Kristi rettferd."

Det er som ved ei møteannonse: mange kan sjå den, men berre nokre få reagerar og kjem. Difor er du som høyrer og tek imot ein av dei utvalde. Og det er du sjølv om du ikkje føler det så godt eller forstår utvelginga.

c) Her ligg ennå noko meir i utvelginga. Gud har verkeleg teke oss ut av den store heidningeverda og valt oss ut som sine. Men det er vanskeleg å skjøna det. Vitet kan aldri løysa denne floken eller med tanken skjøna utvelginga. Noko av dette er løynt for oss, og me vil aldri gripa det fullt ut her på jord. Men det er verkeleg sant: Gud hadde ein æveleg tanke med oss.

3. Lydighet.

Me er kalla til lydighet, står det i v. 2. Det er å ta imot kallet til frelse. Me er ikkje kalla til lydnad mot Mose lov for på den måten å bli frelst. Ingen gjerning kan frelsa noko menneske. Me skal ikkje gjera vårt beste og byggja vår salighet på det. Me skal nok gjera vårt beste og leva så bra me kan. Men det skal ikkje vera himmelbillett for oss. Lova sin veg er stengt.

Men me er kalla til lydnad mot evangeliet, mot Jesu kall. Og det er noko ganske anna. Dette var det Peter opplevde både ved Jordan og ved Genesaret. Joh. 1, 42; Mat. 4, 19. Han fekk kallet då broren Andreas vitna om sitt møte med Jesus og seinare direkte av Jesus sjølv.

Det same kallet formidlar han så til andre i brevet her, kap. 2, 4: Kom til han, den levande steinen. Dette "kom" er kallet. Vår lydnad er å seia ja til kallet, å tru på Jesus og hans frelsesverk for oss. Men ikkje alle var lydige mot evangeliet, står det. Rom. 10, 16. Jødane fekk kallet av Jesus, men mange sa nei takk. Det er det såre og i dag i alle folkeslag.

Vårt kall er å tru. Det frelser eit menneske. I Rom. 3, 28 les me: Me held føre at menneske vert rettferdiggjort ved tru, utan lovgjerningar. Det er solid luthersk og bibelsk teologi. Ingen lovgjerning eller "lydighet" kan frelsa, og det kan heller ikkje hjelpa til med frelsa. Dei er kristne er rett og slett "truande"! Difor er alt av nåde. Ef. 2, 8.

4. Jesu Kristi blod.

Me er og kalla til "overskvetting med Jesu Kristi blod", v. 2. Det er eit rikt uttrykk som er henta frå GT. Det viser grunnvollen ein kristen bygger på. Det er eit av dei beste kjenneteikn på Guds born til alle tider. Har me ikkje dette i livet vårt, er alt anna til fånyttes.

Ordet "oversprenging" er interessant. Det er brukt her og i Hebr. 12, 24 om den nye pakt med blodet. Verbet å sprenga (skvetta) blod er brukt i Hebr. 9, 13.19.21 om blodet på alteret i GT og i Hebr. 10, 22 der det står på norsk: rensa hjarta frå eit vondt samvit. Der er det nytta om dei kristne i den nye pakt.

Ordet talar altså om Jesu offer for våre synder. Det er eit ord om forsoninga og frelsesgrunnen. Å bli frelst er å få del i det. Det er hovudsaka i kristendommen. Og det skil den ut frå alle religionar. Du vil aldri finna noko slikt i nokon heidensk religion.

Så er blodet vår frelses grunn - der me bygger og kviler i nådetida. Gjennom alle æver skal me få prisa Lammet for det han gjorde for oss. Gud til ære. Amen.