torsdag 3. september 2009

63) 1. Pet. 1, 6-9

GLEDE OG PRØVING SOM KRISTEN.

1. Pet. 1, 6-9.

Dette avsnittet i brevet talar om at ein kristen kan gleda seg midt i prøvingar og vanskar. Ofte kan ein undrast over om desse to erfaringane kan sameinast. Bibelen syner at dei ikkje berre kan det, men at det er naudsynleg for ein kristen å oppleva begge deler. Alle truande har noko av dette. Og lidinga er noko av krafta i kristenlivet. Dette kan me sjå i Peter sitt liv og.

Frelsa i v. 9 som er målet for trua, er himmelen. Det er å vere æveleg frelst og for alltid heime hjå Gud. Ordet frelse blir brukt i denne tydinga og, ikkje berre om det ein vert ved atterfødinga.

Frelse for sjelene, står det. Sjela er det dyraste me eig. Og det viktigaste spørsmål i livet er dette: skal eg bli frelst til sist? Utan det er alt tapt på denne jorda. Jesus sa noko om dette etter ein samtale med Peter: "Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?" (Mat. 16, 26). Det er ikkje urett ut frå dette ordet å seie at Jesus meiner sjela sin verdi er større enn heile verda. Han set faktisk desse to storleikane opp mot kvarandre.

I denne teksten skal me stansa for tre store sanningar.

1. Trua på Jesus frelser.

Dette er ei hovudsak i Bibel og kristendom. Og Luther førte denne hovudsaka attende til dei kristne. I lang tid hadde dei katolske lærde tala om gjerningar og tru. Menneska skulle samarbeide med Gud for å bli frelst, heitte det. Den korte og presise setninga vart eit varemerke for luthersk kristentru: Ved tru åleine, på latin: sola fide.

I dette brevet finn me trua omtala fleire gonger. Me har alt møtt trua i v. 5, og me møter det att i v. 7, 8 og 9 og seinare.

Å tru er å få, og å ta imot, utan å hjelpa til. Tru er tiltru til han som gjev. Trua er det motsette av gjerningar og eigen innsats. Paulus skriv slik: Den som ikkje har gjerningar, men trur på han som gjer den ugudelege rettferdig. Han får rettferda tilrekna fordi han trur. Rom. 4, 5.

Difor er trua ei veldig makt. Jesus sa at den faktisk kunne flytta fjell, Mat. 17, 20 (21,21). Ja, trua kan gjera det som er mykje meir: sigra over verda og nå fram til Guds himmel. Trua er den største makt i verda.

Men trua er ikkje ei slags ny gjerning eller ein prestasjon, noko eg må få til. Trua er tillit. Det er å gje seg sjølv og alt ein har i Guds hand. Difor er det eigentleg den Allmektige Gud sjølv som som gjer alt for den truande. Og difor får han æra for alt.

2. Dei truande vert prøvd og freista.

Ei hovudsak her er at trua vert prøvd, og med det dei som trur. Slik opplever dei truande ei liding som ikkje alle kan sjå. Det er ikkje lett å vera ein kristen. Me får sorg, anfekting og motgang som verda ikkje anar noko om. Og dette kjem i tillegg til dei vanlege sorger og motgangar som høyrer menneskelivet til. Ein herlegdomskristendom eksisterar ikkje.

Peter kjende til dette. Han kunne nok aldri gløyma påskehelga med Jesus då han valde den lettaste vegen. Som kristen fekk han oppleva det fleire gonger å kome i fengsel, Apg. 4,3, og han vitna frimodig om kven som var hans autoritet 5, 29. Når det står mykje om liding i Petersbreva, kjem det delvis av at han talar av eiga erfaring. Då er det grunn til å lytta til han.

a) Lidinga er kort, kap. 1, 6; 5, 10. Me opplever gjerne slike tider intense og lange. Men i det ævelege lyset vert det augneblinkar. Ingen ting kan vera så tungt å bera som trengsler. Då er det godt å tenkja at det trass alt er ei kort stund.

b) Det er prøvingar av mange slag. I eldre omsetingar stod: allehånde prøvelser. Med det er meint at me opplever mange ulike slag prøvingar, og dei kjem på mange måtar. Ikkje alle kristne får dei same lidingane eller like mykje. Han ser kva den einskilde tåler og deler ut etter det. Og det er noko vesentleg sant i diktet av Nordahl Grieg der det står: "Det er de beste som dør."

Her vil me nå spørja: kvifor må dei kristne lida slik? Og kva slags lidingar er så spesielle for dei kristne? Me vil altså ikkje tala om dei trengsler som alle mennesker får avdi me er menneske. Her talar me berre om dei spesielle kristne lidingane.

1) Først må me lida avdi me er kristne, kap. 3, 14; 4, 14.16; 2. Pet. 1, 4. Me er blitt nye skapningar i Kristus ved trua. Me er fødde inn i Guds familie og fått eit nytt mål med nye interesser og oppgåver. Men me bur midt i ei verd som har sagt farvel til Gud og innerst inne hatar han. Difor vil verda aldri forstå ein kristen, og vil heller ikkje tåla han når han reiser reint flagg. Lidinga kjem difor når trua er ekte og sann og ikkje slår av på "krava".

Slik liding møter me ofte i form av spott og hån, flir og kanskje harsellering. Sume gonger og sume stader vert det direkte forfylgjing, slik det har vore mykje av i kommunistiske og muslimske land. Frå kyrkjesoga veit me at det var mykje direkte forfylgjing i Romarriket. Dei kristne ville heller døy enn nekta sin Frelsar.

I dette lyset skal me forstå orda i kap. 2, 12 og 15: me skal leva reint og godt i verda for å vinna nokon for Gud ved det. Ufrelste menn kan faktisk bli vunne for Gud ved at ei frelst kone lever rett, kap. 3, 1f.

2) Ein kristen har og liding når kjøtet freistar. Kjøtet er den gamle natur som aldri vil bøya seg for Gud. Difor vert kristenlivet ein livslang kamp mot vondskapen i oss. Synda vert ei liding for ein kristen. Han kan ikkje elska synda, men hata den. Rom. 8, 13. Me vil aldri klara å tyna synda i oss ein gong for alltid. Freistinga innafrå vil stadig kome att. Som kristne har me ei ny natur. Me er fødde på nytt til eit liv med Gud. Samstundes har med den gamle, kjøtelege natur. Og dei står kvarandre imot, seier Paulus. Gal. 5, 17. Einkvar ærleg kristen opplever sanninga i det.

3) Djevelen freistar ein kristen, kap. 5, 8. Han både lokkar og tvingar for å få fram sin vilje. Målet hans er alltid å føra oss til fall. Til dette nyttar han ofte menneske som stiller seg viljuge i hans teneste. Sume gonger skjønar dei ikkje sjølv at dei går Satan sine ærend. Peter hadde sjølv gjort det ein gong, og visste vel korleis det var. Mat. 16, 22-23.

Når me så ligg att på slagmarka og har gjeve etter for freistinga, seier Satan: det nyttar ikkje for deg, berre sjå kor lett du fell!

4) Ein kristen har og liding for den ufrelste verda. Han veit at alle utafor Kristus går fortapt. Og det skaper ei liding i han - eit sinn som lengtar etter at dei skal oppleva frelsa. Paulus hadde det. Han talar om samfunnet med Kristi liding i Fil. 3, 10. Og det tyder m.a. dette. Og i Rom. 9,1f og 10,1 f finn me sterke ord om korleis han vil vinna nokon av sine for Kristus.

Gud tek ikkje lidinga for sjelene frå oss. Kristus må ha nokre gråtande og lidande hjarto på denne jord. Det er misjonssinnet. Ordet om krossen må ut til nye folk.

Me kan bli sløve og trøytte. Nyttar det å arbeide meir? Slike tankar kjem til mange i dag og. Men det er Satans verk. Ein rett kristen har naud for andre, både her heime og der ute.

5) Me kan nemna endå ei sak: ein vaken kristen vil sjå når fråfallet kjem både hjå dei nære kristne og ute i folket. Då kjem ei liding for at vekkjinga må kome, slik at Guds folk får eit klårt bibelsyn. Utan det blir heller ikkje det kristne livet rett. Difor må ein kristen alltid kjempa for ein heil bibel. Det kan og kosta for kjøt og blod. 2. Tim. 4, 3.

3. Gleda midt i lidinga, kap. 1, 6. 8; 4, 13.

Midt i lidinga kan ein kristen vera glad. Her er vel helst tenkt på lidinga frå verda og Satan. Denne gleda kan ikkje tolkast med ord, den er "usigelig". Prøv og forklar verda kvifor du er glad midt i motgang! Dei vil tru du talar over deg. Den er og herleggjort, himmelsk og rein. For dette er ikkje menneskeverk. Dette er Guds rike.

Peter seier det rett ut: dei vil undra seg, kap. 4, 12. Men i dette vert trua lutra og reinsa. Trua vert prøvd som gullet i elden. Slagget må bort og vårt eige reinsast ut. Jes. 1, 25.

Kva vert løysinag på gåta, på spørsmålet kvifor lidinga kjem?

Kap. 4, 19 gir svar: Me skal overgje vår sjel til Gud - og så gjera det gode. Det gjorde Jesus, kap. 2, 23. Gud som ser alt, vil og døma alt på rett vis til rett tid. Me må ha tid til å venta på domens dag.

Eg har ofte hatt bruk for dette. Og så var det fredfullt å læra denne leksa: ha tid å venta på Guds tid. Amen.