onsdag 2. september 2009

47) 2 Pet 2, 4-9

2. Pet. 2, 4-9.

2 Pet 2,4-9 4 For Gud sparde ikkje dei englane som hadde synda, men støytte dei ned i avgrunnen, der dei vert haldne i varetekt i mørke hòler heilt til domen. 5 Han sparde heller ikkje den gamle verda, men heldt si hand over rettferdsforkynnaren Noah - sjølv den åttande - den gongen han førde flaumen over ei verd av ugudelege. 6 Og han la byane Sodoma og Gomorra i oske og fordømde dei til undergang og sette dei til eit førebilete på dei ugudelege i framtida. 7 Han fridde ut den rettferdige Lot, som vart plaga av den skammelege framferda til dei lovlause, 8 - for den rettferdige som budde mellom dei, leid dag for dag pine i si rettferdige sjel ved dei lovlause gjerningane han såg og høyrde. 9 Difor veit òg Herren å fri dei gudfryktige ut frå prøvingar, men å halda dei urettferdige i varetekt med straff til domens dag,

Gud ser oss der me ferdast, og han reagerer rettferdig på livet vårt. Dei som fortener det får løn – men heilt av nåde. Den gudlause får straff og dom. Det kan vera vanskeleg for oss å skjøna det, og mange har vondt for å akseptera det Gud gjer. Det kjem av at dei har ikkje sett inn i Guds hjarta og skjønar ikkje hans vegar.

Her nyttar Peter noko frå Israels soge som alle jødar kjende godt og som også me kristne har lært å kjenna. Det er om Noah og Lot. Jesus brukte og deira liv som bilete på endetida. Mat. 24 og Luk. 17. Eit par viktige ting stig fram or soga deira som og er viktige nå.

I. Dei levde mellom gudlause folk.

Den verda dei opplevde og var i kunne venta seg dom og undergang. Det kjem alltid som resultat og konsekvens av synda i eit folk.

Gudlause menneske er slike som ikkje reknar med Gud og vil leva utan han. Dei stoler på seg sjølv og meiner dei skal klara seg gjennom både livet og døde. Noko meir reknar mange ikkje med. Dette kallar Bibelen høgmot og dårskap. For då har dei skore av kontakten med Skaparen og dermed frelsa.

Dei har rokka ved sjølve grunnvollen i livet. Me er Guds skaparverk, og han har rett til å venta vyrdnad og ære frå oss.

Dei som slik frigjer seg frå Gud og alle åndelege makter (som dei trur), kjem etter kvart inn i ei rad med synder og gudløyse. Det gjer at dei t.d. ikkje skal kalla Gud for Far, for det er diskriminerande. Somme kastar seg ut i eit gudlaust umoralsk liv der Guds lovar for livet blir kasta bort.

Kvifor kan slikt skje? Eit svar finn me i Rom. 11, 28: Gud ga dei over til eit sinn som ikkje duger. Og i 2. Pet, 2, 6 set han Sodoma og Gomorra som eit førebilete på dei gudlause i framtida. Desse to byane gjeld altså oss og vår tid! Det er forferdeleg når Gud gjer det. Hos. 4, 17 viser at Efraim vart bunden til avgudsdyrking. Då seier Gud: La han fare! Efraim var ein av sønene til Josef som vart ein av stammane i Israel. Dei budde eit stykke nord for Gaza og Jerusalem. Men det gjekk altså galt. Bunden til å dyrka avgudar. Dei kunne ikkje gjera seg fri sjølv. Men det tek ofte lang tid i den nye pakta før Gud kjem med dom.

Me kan gjerne vera usamd med Herren i dette. For me skjønar ikkje heile Guds plan og handlemåte. Somme gonger kan me tenkja at det var best om Guds straffa folket snart. Då ville dei skjøna kven Gud var. At Gud lever!

Men Gud ser alt og har rette tankar om dette. Difor må me aldri klaga Gud for det han gjer. Det er han som har oversynet og kjenner den rette tida.

2. Dei var annleis enn gudlause folk.

Nå peikar han på Lot og Noah. Trass sine feil og fall, var dei begge rettferdige. Slik står dei som døme på Guds folk til alle tider. Lesarane av dette brevet var og slike førebilete.

1) Eit menneske kan berre vera rettferdig i Kristus. Der har me vårt åndelege liv. Abraham vart kjend rettferdig for Gud ved tru. Han trudde på ein frelsar som skulle koma. Me kan venda oss attende i soga og sjå at han kom. Kristus er komen. Han skapte ei frelse for alle menneske. Og den er knytt til Jesus Kristus.

2) Dei vart plaga i sjela på grunn av at dei trudde, v. 7. Dei lei i sjela og vart pint og plaga der av alt det gudlause dei såg. For Guds born har eit reint sinn, og difor høver dei ikkje i denne verda. Me er framande her på fleire måtar. Og det fører til konflikt. Den kjem ikkje alltid i det ytre som forfylging. Men striden i sjela er vel så farleg. Djevelen brukar den vegen og for å føra menneska bort frå Gud. – Korleis er det i ditt liv? Er det smerte i sjel og samvit over det vonde i tida – eller berre klage?

3) Gud held sine oppe i trua. Noah er eit døme på det, v. 5. Gud heldt si hand over Noah, står det. Bokmål har det slik: Han bevarte Noah. Guds makt er sterk nok til å halda oss oppe i all slags åndeleg uver. Rom 1, 16 seier at evangeliet er ei Guds kraft til frelse. Det er ikkje berre slik at Gud gir oss kraft. Det er sjølve evangeliet om Jesu død som er krafta. Difor må me halda oss der med livet vårt.

Regn med din Frelser, så regner du rett,

Gi ham din byrde så vandrer du lett.

4) Noah forkynte evangeliet. Rettferdsforkynnaren er Noah kalla, v. 5. Han har tala til sine og det som skulle henda og om den einaste berginga som fanst – i arka. Folk ikring han har truleg lytta til. Han hadde sikkert mange medarbeidarar då arken skulle byggast, og dei fekk høyra om det som hende.

Lot vert kalla rettferdig. Men han blanda seg med verda og var nok ikkje eit godt vitne. Han fekk ikkje heile familien sin med seg. Korkje kona eller versønene vart med han ut i fridomen. Lat oss elva slik at med KAN vitna rett med liv og ord.

5) Gud fridde dei ut til slutt, og det hende før dommen kom. Dei vart fri freistinga i verda og alt det vonde. Og slik vil det bli når Jesus kjem att. Då er det berre dei reine av hjarta som kjem fram til himmelen. Og rein – det kan me berre vera i Jesu blod. Så må det gå dit.