mandag 7. september 2009

106) Kol 4, 2-6

Kap. 4,2-6. Bøn.

Mellom dei mange formaningar Paulus kjem med i fleire brev, stansar me her ved denne: Be. Og den finn me i mange brev. Få har sett kor viktig bøna er som Paulus. Det er pulsslaget i kristenlivet. Det er å tala enfoldig med Gud i sitt hjerte, skriv Pontoppidan.


Og bøna er nøkkelen til eit rikt gudsliv. Det ser ikkje så viktig ut eller viser att. Slik er det ofte i Guds rike. Det ser ut til å vera ein lov at det forakta, det vesle og mest usynlege er det beste. Kven trudde vel at barnefødselen i Betlehem julenatt skulle få så mykje å seia? Men den vart eit tidsskilje i soga.


Bibelen lærer at bøna er frå Gud. Jesus lærte oss å be. Og poenget var at bøn ikkje berre er ord. Det var det nok av i Israel på Jesu tid og i dag. Men bøn var kontakt med den levande Gud.


Men hvis det er slik at Gud veit alt før me bed, kvifor er det då så naudsynleg å be? Det er spørsmål som alltid lever is oss. Kanskje svaret ligg i det Hallesby skreiv om. Dette er bønnelivets største gåte, skriv han i Fra bønnens verden. ”Bønnen er nødvendig i vårt personlige samliv med Gud,” skriv han. Og Gud har faktisk gjort seg avhengig av vår bøn i arbeidet for Guds rike. Det er underlege tankar for oss.


Ein viktig årsak til bøn er vår store motstandard, Djevelen. Han er interessert i oss og i vår bøn. Kan han hindra den, har han teke pusten frå oss, og livet ebbar ut.

Lat oss sjå på noko av det Paulus seier om bøna - her og andre stader.


1. Djevelen vil få oss til å slutta å be, v. 2. Difor skriv han her: Ver vedhaldande i bøna. Hald ut. Ikkje gi etter for freistnaden til å tenkja: Mi bøn har så lite å seia. Andre ber betre enn eg.

Det er lett å tenkja slik.


Djevelen seier: Gud vil ikkje gi deg det du bed om. Og du sluttar.

Djevelen seier: Ikkje mas på Gud, han vil gi deg det i si tid. Og du sluttar å be. Kva er dette? Åndeleg latskap eller mistydd tru. Jesus seier i Luk. 11,5-8: ein kom om natta og bad om å få låna tre brød. I v. 1 har han sagt: Lær oss å be. I Luk. 18,1-8 seier han at me alltid skal be og ikkje bli trøytte. Han fortel om ei enkje som ikkje gav opp. Då sa Jesus: Ho skal få bønesvar avdi ho umakar han slik.


George Müller bad i 60 år for to menn. Den eine vart frelst kort før Müller døydde, den andre 1 år etter. Det er ikkje alltid me ser bønesvaret her på jord. Men me treng nokre som ber alltid og har tru på bøn - og ventar å få svar. Det er for lite bønefolk i landet vårt, trur eg. Be utan opphald, skreiv han til Tessalonikarane,1.Tes. 5,17.


Vidare seier Paulus: du må vaka i bøn. Her er faren søvn. Så mange andre ting gjer deg trøytt og sliten. Bøna vert lagt til side. Det blir støv i lønnkammeret.


Ein god måte å vaka på er takketonen. Vak i bøn med takk, seier han. For takken ser alt me har fått som svar på bøn. Ein har sagt at takken held bønedøra oppe. For når du har mykje å takka for, er det lett å tenkja at me kan få meir. Dette er ikkje meint egoistisk at eg skal få mykje. Det er meint som tru på bønesvar.


2. Me får be om opne dører, v. 3. Paulus sat i fengsel, og han hadde slik hug til å forkynna evangeliet og vera ein Guds misjonær. Difor sa han: Ver med og be om at nye dører må opnast. Det kunne vera at han vart fri og fekk reisa ut på nytt. Men det kunne óg tyda at han fekk fleire høve til å forkynna der i fengslet. Gud har så mange vegar.


Slik er det også for oss. Me føler me når så lite og får så lite gjort. Me synest det er stengt til alle kantar. Så mange ting kan binda oss om det ikkje er lekkjer.


Då kan du be. Og spør gjerne andre kristne om å be for deg. Me kan ikkje gjera det same heile livet. Kreftene er ikkje like gode alltid, eller helsa slår feil. Men Gud kan opna ei ny dør der du får vera eit vitne om Jesus. Det må alltid liggja tungt på oss dette: at evangeliet må ut til folket - både i vårt land og like til endane av jorda.


3. Paulus ber om forbøn som predikant, v. 4. Han visste at evangeliet var uskjøneleg for folk flest. Me kan ikkje fatta det med tanken. Gud må få openberra det ved sin ande.

Men Paulus veit at det kan han ikkje makta sjølv. Som predikantar er me hjelpelause når me skal forklara evangeliet. ”Det kan ei forklares ...”


Nå ber han om hjelp som predikant. Be om at eg må tala slik eg skal, slik at evangeliet blir openberra for dei som høyrer. Her skjer altså ei dobbel openberring: Talaren sjølv må få det openberra for seg sjølv først. Så stig han opp på talarstolen, og Anden brukar orda hans og openberrar løyndomen i evangeliet til dei som høyrer.


Det same ber Paulus om i Efeserbrevet - som kanskje er skrive samstundes med dette. I kap. 6, 19 finn me det. Han har då tala om rustningen og vist kva delar den har. Til slutt nemner han bøna, utan å ha eit bilete for det. Så legg han til: Be for meg óg. Her er det frimodet han tenkjer på når han skal forkynna den uskjønelege. I dette vil han og ha hjelp av sine medkristne.

Her kan me læra noko. Me skal ikkje vera så blyge til å be om forbøn. Prestar og predikantar kan og gjera det. Slik kan me dela på striden og få andre med i arbeidet.


4. Bøn er arbeid, v. 12f. Mot slutten av brevet nemner han nokre medarbeidarar og seier litt om kvar av dei. Då nemner han óg Epafras. Det var han som hadde forkynt Ordet i Kolossæ til vekkjing og liv. Han var ein arbeidar i Guds rike, ein misjonær eller predikant.


Her avdekkar Paulus noko om han. Tenesta hans var først og fremst ei bøneteneste. Me veit ikkje korleis han visste det. Epafras har nok ikkje sjølv skrytt av sitt bøneliv. Dei som ber mykje, pleier ikkje å tala om det.


Men Paulus har kanskje merka det på han. For slik er det nokre gonger: Me kjenner det på oss når me er saman med bønefolk. Det er ein løyndom som ikkje er lett å forklara. Men i dei felles bønestunder dei hadde, har han kjent det: Epafras er ein bønemann.


Nå skriv han det tilbake til folket i byen: Han har stridd mykje for dykk i bønene sine. Ja, han har mykje strev både for dykk og nabobyen Laodikea. Dette viser at bøna er eit arbeid for Gud. Og det er hardt arbeid, strev og slit i Guds rike.


Det er få av dei i Guds kyrkjelyd på jord. Mange seier fram fine og korte bøner på stormøte, eller lange bøner på bønemøta. Men å strida i bøn er noko anna. Den kampen skjer oftast i einerom, slik profetane gjorde i Israel. Edin Holme skriv om ein slik: ”Men selv han på sitt lave kammer, i ensom kval med Herren stred.”