mandag 7. september 2009

105) 1Tes 1, 5-10.

1. Tessalonikarbrev.

1. Tes. 1, 5-10.


Dei kristne i Tessalonika er bilete på idealkristne og vekkingstider. Dei vart leia på rette veg av ein sann kristen leiar. Her ser me nokre sider ved kristenlivet deira:


1. Dei tok imot Ordet, v. 6.

Dei gjorde ikkje det av di Paulus var deira ven eller at dei var samde i alt i utgangspunktet. Då har me lett for å ta imot. Nei, Guds ord var det avgjerande, det var levande og kraftig og trengde gjennom samvitet deira og viste kven dei var. Heb. 4, 12 og v. 2.

Ordet om synd og nåde har ei slik kraft. Det treng ikkje kunstige hjelpemiddel eller noko ekstra for å nå fram. Ordet om synd set oss på plass og viser kor fortapte me er. Og det treng me å vita før me kan bli frelste. Og ordet om Guds nåde er i stand til på ein augneblink å løysa sjela og frigjera samvitet. Rom. 5, 20 og 3, 23. Guds frelsesnåde er mykje større enn alle syndarar si synd.


2. Dei vende om, v. 9.

Det tyder eit ope og tydeleg brot med heidenskapen, med avgudane og alle openberre synder. Og alle menneske har avgudar. ”Folk samlast der dei har avgudane sine,” sa ein predikant. Det kan vera i eit tempel eller på idrettsbanen, på ein konsert, på Børsen eller heime i stova. Felles for alle avgudar er at dei tek Gud sin plass. Og då meiner me den levande og sanne Gud, som Paulus seier.


Dei snudde seg frå alt i verda. Livet fekk ei ny retning. Og legg merke til at dei snudde seg til Gud først, og deretter frå avgudane. Ved å venda seg til Gud først, fekk dei mot og kraft til å bryta med syndelivet. Det gir frimot til å venda seg frå det gamle livet.

At me alle har avgudar, er tydeleg nok i 1. Joh. 5, 21. Der seier apostelen til dei kristne: Vara dykk for avgudane. Kva slags avgud har du? Kva er det du må bryta med? Er du viljug til det?


3. Dei opplevde trengsle og glede, v. 6.

Akkurat slik skriv Peter og om livet med Gud: Det er tunge og gode dagar. ”De jublar av glede, jamvel om de har sorg i mange slag prøvingar,” 1. Pet. 1, 6. Paulus og Silas opplevde det same, Apg. 17. Dei fekk motstand og måtte i fengsel. Men dei song av glede. Dei åtte fred med Gud i eit godt samvit. Då kan ingen ting skada oss. Difor skriv Paulus då han sat i fengsel: Gled dykk alltid, Fil. 4,4.


4. Dei vart etterfylgjarar av Paulus, v. 6.

Ein etterfylgjar er å gjera det andre gjer, ordet tyder eigentleg ”mimikk”. Ettersom Paulus levde etter Guds ord og vilje, kunne folket i Tessalonika gjera slik som han gjorde. Då fylgde dei etter Herren.


For Paulus synda ikkje i handling. Han stal ikkje og dreiv ikkje hor eller banna. Dei såg han levde eit gudsfryktig liv, og der fylgde dei han. Eksemplet har stor makt til alle tider.

Då er spørsmålet så alvorleg: Kva ser dei i oss som kristne i dag? Ser dei ein Jesu læresvein? Me har stort ansvar for korleis me lever. Nokon vil ta etter. Difor skriv Paulus fleire gonger om dette. I Ef. 5, 1 seier han: Bli Guds etterfylgjarar. Det er sjølve hovudsaka. Difor skriv han i 1. Kor. 11, 1: Fylg etter meg slik eg fylgjer etter Kristus”. I forkorta form heiter det så i Fil. 3, 17: Bli mine etterfylgjarar. Men alle desse uttrykka tyder det same: Kristus, Guds Son er vårt føredøme.


5. Dei var sjølve føredøme, v. 7.

Her er det ein vekselverknad. Andre såg deira liv, ja, store delar av Hellas, v. 8. Då vart dei eit føredøme. Det ordet tyder merke etter slag, noko som liknar. Folk kring i bygd og by tenkte etter kvart: Me skulle og leva som dei kristne. Dei har eit godt liv både her og etter døden. Det ynskjer me og! Slik føredøme vart dei ved å ta imot Ordet, v. 6. Slik byrja det.


6. Dei tente Gud, v. 9.

Slik heldt livet fram. Dei stagnerte ikkje ved sjølve byrjinga. Det skjedde ei radikal endirng med dei. Før var dei opptekne med avgudane og ofre til dei. Tanken på deira makt fylgde dei dagen gjennom.


Nå tente dei Gud. Før levde dei for synda og djevelen og seg sjølv. Nå fekk dei eit nytt kall. Dei stilte seg til disposisjon for Kristus. Jfr. Rom. 6, 17ff.


Misjon er ein slik arbeidsplass. Då er Guds rike hovudsak for oss. Det kan vera arbeid for Afrika, Asia eller Sør-Amerika. Der vil me nå nye folk. Det er Guds vilje. Men det kan og vera i heimen og bygda og gata me bur. Gud elskar alle like mykje og vil at dei skal verta frelste.

Det kan verta eit offer. Guds rike er ikkje ein ”jobb” frå kl. 8 til 4. Det er ei offerteneste, Rom. 12, 1. Noko av det private må ofrast. Det jordiske sinn forstår ikkje det. Berre dei brennande hjarto skjønar dette språket om å ofra og tena. Men det er slike hjarto Herren leitar etter. Og då er det ikkje nok å gi av si overflod og elles leva for si eiga velferd. Dødehavet er ganske stort, men utan liv. For ingen ting renn ut or det. Gennesaret er heilt motsett. Der renn Jordanelva ut heile tida, og der er fisk!


7. Dei venta på Jesu atterkome, v. 10.

Dei hadde ei lengsle etter Jesus, for å møta han og alltid vera saman med han, kap. 4, 17. Og det er eit kjennemerke på sanne og levande kristendom. Dei truande ser oppover. Deira største lengsle er ikkje verdsleg nyting og velstand. Dei søkjer det som er der oppe, Kol. 3, 1f. Dei kjende lovnaden om atterkoma. Joh. 14,1; Fil. 3, 20; Fil. 1, 23.24.


Å venta er å arbeida for Gud. Det er ikkje å stira mot himmelen utan noko meir. Luther sine ord er kjende: Dersom eg visste at Jesus kom att i morgon, ville eg gå ut og plante eit epletre i hagen i dag. Og Paulus er svært oppteken av dette. Kvart kap. i dette brevet endar med ord om vår von, om Jesu kome.


For atterkoma hans tyder at me er frelste frå vreiden for alltid, v. 10. Då er alle tunge tankar om dom og fortaping borte frå sinnet og minnet vårt. Me er endeleg fri. Nå er me også fri, men ikkje alltid i tanke og samvit. Då – når han tek oss heim, skal aldri ein tung tanke stikka innom oss og plaga oss. Me er æveleg fri. Det er nåde frå Gud.