torsdag 3. september 2009

82) Hebr. 2, 1-4.

Hebr. 2,1-4.
Ei stor frelse.

Heb. talar om Kristus. Kap. 1: han er større enn englar og profetar. Større enn GT og den gamle pakta. Difor er det farleg å ringeakta han og evangeliet. Det fører med seg eit stor ansvar. Evangeliet kallast ei stor frelse. Og det er mykje stort i kristendomen. Har me gløymt det? Noko av dette finn mer her:


1. Frelsaren er stor.

Hebreerbrevet og heile Bibelen seier at Jesus er stor. Han er større enn alle himmelens englar. Me finn han i heile GT: Du ser han i offera, i tabernaklet og templet, og hjå profetane. For Han er Gud, han er SONEN, fødd av Faderen frå æva. Det ser me i ei rekke bibelavsnitt. Kap.1, 3-4.5.8.9.13.
Gjer me han liten? Om de les mykje i Skriftene, ser du: han er stor. Soldaten på langfredag sa det tydeleg: Du er sanneleg Guds son! Han hadde møtt Jesus. Har du?


2. Det var naudsynleg: for Synda var stor.

Det krevde ein stor Frelsar. Det tyder m.a.:
a) Han måtte nå alle menneske. For alle har synda, heilt frå Edens hage til den siste dag. 1.Mos. 3. Det gjeld ikkje berre Eden, men tida vår. Rom. 3, 23. Alle har synda og vantar ære frå Gud.
Rom 5,12: Synda kom inn i verda ved eitt menneske og døden trengde gjennom til alle menneske.
v. 18: ein manns fall vart til fordøming for alle menneske. (Ei lita tue kan velta eit stort lass.). V. 20: Der synda vart stor, står det. Det er dette mange ikkje skjønar.
b) Synda er stor i dag: Me ser open og grov og frekk synd. Fil.3,19: dei set si ære i si skam. ! Skamkjensla er borte hjå mange. Somme skryt til og med av at dei syndar mot Bibelen sine bod og krev samstundes at dei skal verta akseptert som kristne.


3. Dom og straff stor:

Det er evig død, forlatt av Gud for alltid. Kan du skjøna det?.
Synd er å krenka at Gud er heilag. Det er ikkje berre mot menneske me gjer galt. Gud er 3 gonger heilag, Jes. 6. Han reagerer kraftig på at små, syndige menneske kan håna han.


Difor leid Jesus døden. Då tok han straffa. Han bar vår fortaping. Han smakte døden for alle, Hebr.2,9. Og det tyder at han opplevde dødens gru. V.10: Han var fullendt fullendt gjennom liding. Straffa var Guds vreide over synd, evig pine i helvede. Dette blei konsentrert i ein augneblink på korset - då Jesus var forlatt. Då sona han alt.
Difor kan Jesus fria oss frå synda. Han er stor nok til det.
Korleis kan nokon sleppa unna det?

4. Kraften i evangeliet er STOR. 1,3.
Han tilgir alt, alle, og alltid. Frelsa er så veldig at ikkje ein vert sett utafor om han kjem og vender om.
a) Han kan frelsa alle som kjem.

Joh.6,37 den som kjem til meg,skal eg såvisst ikkje visa bort. Det er Jesu store lovnad til oss.
Rom 1,16: evangeliet er ei Guds kraft til frelse for alle som trur.
1.Kor.1,18: Ordet om korset er vel ein dårskap for dei som går fortapt, men ei Guds kraft for oss som blir frelst. Men me må ta imot denne frelsa. For korset skil menneskeslekta i to delar: frelste og ufrelste.
b) Han kan bevara alle, så lenge me høyrer. Difor må me halda fast på det me høyrer, og høyra meir.
Du kan driva bort. Gli vekk frå frelsa - litt etter litt. Det skjer t. d. ved å forsøma bøn, Bibel, og det heilage samfunnet.
V. 1: Det er ei åtvaring til oss alle o å halda fast på Jesus og todet om han.


5. Stort mål.

For ein kristen gjeld det Himlen. Me er arvingar. 1.Pet.1,3-5. Ingen kan forstå eller forklara det.
Har du akta på frelsa?
Bibelen seier: Ingen slepp unna Guds auga. v.2.
Difor lyder det i v.3: Korleis kan me unnfly og koma unna?
Det er umogleg. For det finst ingen annan frelsesveg, Apg.4,12
Me treng ikkje vera store personlege syndarar etter menneskelege mål.
Me er fødde inn i ei stor synd. Og me aktar frelsa ringe ved å vera likegyldig og ikkje bry oss om Guds rike, men leva for denne verda.

Kva skal til? Apg.16,31 sier det enkelt: Tru på den Herre Jesus Kristus - så skal du blir frelst. Det er Guds lovnad som du og eg kan byggja på.

Amen.