mandag 7. september 2009

104) 1 Tes 2, 13

1. Tes. 2, 13.

Her ser me noko av det som hende i Tessalonika og korleis dei truande var der. Paulus takkar Gud, for arbeidet hadde lukkast.

1. Guds ord vart forkynt.

Det er naudsynleg i all misjon og alt arbeid for Gud.

Tre ting hende, og det viser vegen til himmelen. Rom. 10, 17 og 2. Tim. 4, 2 syner det. Det er ein føresetnad for all sann kristendom. Det er ikkje nok med godt sosialarbeid i misjonslanda eller i vårt land. Guds ord må forkynnast, og særleg på to område:


a) Synda må forkynnast slik at folk ser at dei treng frelse. Kven vil gå til lækjar om han ikkje kjenner seg sjuk, og det er berre dei sjuke som treng slik hjelp. Bibelen seier: Alle har synda, det er ingen skilnad, Rom. 3, 21-22. Problemet er at Djevelen har skjult dette for folk, slik at mange trur dei er gode nok, eller at dei ikkje treng noka frelse. "Eg er ikkje verre enn andre," seier dei.

b) Folk må høyra om Guds nåde. Ingen ting anna kan berga eit menneske åndeleg sett. Av nåde er de frelste, skreiv Paulus, Ef. 2, 8. Våre gjerningar er ikkje gode nok. Synda har trengt gjennom til heile menneske, vår natur er syndig, det Bibelen kallar for "kjøtet". Difor må Gud gripa inn, og han må gjera alt, skal me bli frelst. Men ordet seier at det er mogleg. For nåden er større en synda, Rom. 5, 20. Grunnen til det er Kristi siger på Golgata. Han døydde for alle og betalte vår syndeskuld.

2. Dei tok imot Ordet. Det er å tru. Joh. 1, 12 seier at å ta imot Jesus er å tru på han. "Dei som trur," står det.

Der byrja kristenlivet. Ordet smelta saman med oss og vart eitt med oss, Hebr. 4, 2. Me vart fødde på nytt til eit nytt gudsliv ved trua på Guds ord, 1. pet. 1,1 23. Ei så radikal frelse trong me, å verta fødde inn i Guds familie. For: "fra ahode til fot, hjertets inderste rot, (er vi) kun en masse av synd." Slik song predikanten Per Nordsletten.

Guds ord er kraftig, Hebr. 4, 12. Det har evne til å gjera dette på Guds bod. Der menneskeord får plass, kan ikkje Gud gjera sin gjerning i oss. Svensken P. Fjellstedt skriv om dette ordet: Der det er ofte for mykje menneskeord, og difor kjem fråfallet.

Korleis er det så vidare i livet med Gud? Er det nok at me byrja rett, og at me er som ei opptrekt klokke? Resten av livet går det av seg sjølv?

3. Ordet viser seg verksamt i dei som trur.
Det er trua sin verknad og evangeliet si kraft. Hvis ikkje Ordet verkar i oss, døyr det.

a) Andens frukt er ein slik verknad.Gal. 5, 22. Det er ein del av det heilage livet. For kristenlivet er eit nytt liv, livet i og med Gud er eit heilt anna enn i verda. Den Heilage Ande må få skapa desse frukter i oss, der me lever i samsvar med Guds vilje.

b) Vitnemålet er eit teikn på gudsliv. Gud legg ned i oss ein trong etter å visa andre at me høyrer Jesus til. Og det vert ein del av misjonsarbeidet. Nokre bibelord om dette er: 1. Joh. 5, 10; 2. Kor. 5, 19-20; Rom. 10, 10. Livet vårt som kristne skal sikta mot å føra andre til frelsa i Kristus. Det er ikkje me som skal frelsa dei. Men me kan visa dei til Frelsaren.

c) Det nye livet som kristen er ikkje eit strev og jag etter å bli god slik at Gud vil akseptera oss. Det har han alt gjort i Kristus. Men me fekk ein trong i oss til å leggja av ytre synder og feil og gå i Jesu fotspor. Me syng av hjarta: Å, var eg meir deg Jesus lik... Ofte ser me at det ikkje lukkast, då gret me og syrgjer over synda vår. Ein ny stund med Frelsaren viser oss at me framleis har forlating for syndene, og gjev oss ny kraft til kvardagen. Difor tek me imot formaningane i Bibelen med eit ope sinn. Dei vert ikkje lovparagrafar for oss, men gode oppmuntringar til å leva etter Guds ord. V. 12 er ei slik oppmoding. Og i v. 10 viser han at han og medarbeidarane hans levde slik etter Guds vilje. Og i kap. 4, 1-3ff kjem ei ny formaning. Lat oss bøya oss for Ordet og fylgja det.

- I Apg. 19, 18-20 og Josva 7, 11-13 er døme frå Bibelen om dette. Dersom det er noko bannlyst gods i livet vårt, dvs. gamle synder og urett me har gjort, må me gå til Gud med det. Utan eit rederleg oppgjer med synd for Gud og somme gonger for menneske, kan me ikkje vera kristne. Då er fråfallet kome i livet vårt. - Difor kjære deg: Bøy deg for Jesus og gjev Gud rett i alt. Han vil ta imot deg og frelsa medan det er nådetid. Amen.