mandag 7. september 2009

102) 1 Tes 4,

1. Tes. 4, 15-18.

1. Jesus kjem att. Då kjem han for å frelsa sine.
1. Tes. 4, 15-18.
- han kjem uventa og plutseleg.
- berre Guds folk møter Jesus til frels.e

2. Det skjer i ein viss orden.
a) Jesus kjem ned i lufta – med bydande rop og basuns røyst.
b) Dei truande står opp og gravene blir opna.
Her vil somme av oss møta mor og far, besteforeldre, Luther og Peter.
c) Så kjem opprykkinga. Alle frelste – både døde og levande – skal fara i skyer opp i lufta.
Me seier farvel til verda og dei verdslege, dei lunka kristne, ugedeleg menneske, namnkristne og heidningar. Alle dei vert att på jorda.
d) Me møter Jesus i lufta. Det blir eit veldig møte
Me kan ikkje forklara det eller seia korleis det er. Men me kjenner han på såra – dei er det berre han som har.
Når de frelste toger inn…
Men Jesus vil jeg møte først av alt…

Da, når du henter bruden som venter, løft også meg med dine i sky.

Ein ung gut sa før han døydde: ”Takk Jesus for himlen og for blodet.”! Då er me klar til å døy og møta æva.

e) Då skal me aldri skiljast meir. Me skal alltid vera i lag, me som var det her på jord som kristne. Me skal vera saman med Jesus – og med andre sanne truande. Det er trøysta vår.

Ennå har me tid: Nokon nye kan vinnast for Gud. Difor arbeidar me i misjonen og for Guds rike i vårt land.
Difor må me be – om vekking og fornying mellom Guds born.

1. Tes. 4, 13-18

Her er det tale om sorg og Jesu kome i sky. Paulus minner dei om fleire ting – i dette første brevet han skriv. Kanskje har dei kristne vore i tvil om dette emnet.

1. Det er alltid sorg ved død. Død er eit skilje. Ut frå vår menneskelege tanke vil me aldri møtast att. Dødssenga er difor ein sørgjeleg stad for mange. Det er trist å ta farvel med nokre me er glade i – og vita at me aldri ser kvarandre att.

Og alle skal døy. Det er lagnaden i livet. Det er laga så, står det. Hebr. 9, 27.

2. Ikkje all sorg er lik. Me kristne sørgjer ikkje slik dei ufrelste gjer. Heidningane larmar i ei gravferd. Det har eg høyrt. For alt er så uvisst for dei.

Me har noko som dei ikkje har. Me har ei levande von. Det er noko godt etterpå, og det har me fått visse om. Me treng ikkje stussa over det. For Bibelen har sagt det klårt nok. Me sørgjer nok over å missa våre. men me kan seia til og om andre kristne som døyr: ”På gjensyn!”

Dette ”etterpå” er himmelen. Grava er ikkje slutten. Difor kan me trøysta kvarandre med orda om Jesu atterkome, v. 18. Himmelen er Guds bustad der han byr oss velkomne når vår reis er slutt.

3. Grunnen er Jesu oppstode, v. 14. Slik Jesus stod opp or grava og vart løyst frå dødsbanda, slik skal me gjera det. Då skal me førast til han og verta lika han i alt. 1. Kor. 15, 20 og 23. 1, Joh. 3, 2. For denne sanninga har me altså ”eit ord av Herren”, v. 15. Me byggjer alt på Skrifta. Den er Guds lovnad til oss. Difor held me fast ved Ordet i Bibelen.

4. Det skjer ved Jesu atterkome. Då vil han henta alle sine heim til seg. ikkje ein vert laten att eller gløymd. Dei som ligg i havet, kjem med. Og dei som er i gravene og der berre oska er att – Jesus vil finna dei alle og samla dei heim.

Deretter tek du meg opp i herlegdom, sa Asaf, Salme 73, 24. Då er me evig berga og kan aldri synda eller falla meir. Du kan heller ikkje bedra deg sjølv og stå i fare for å bli ein hyklar. Denne himmelsongen er så fin: ”Når alle frelste er berget i havn.” Då er me evig trygge. Difor er atterkoma hans ei trøyst for oss, v. 18. Og me skal trøysta kvarandre med dette, for me gløymer så lett.

5. Kva hender når Jesus kjem att?, v. 16-17. Me vedgår gjerne at det ikkje alltid er lett å sjå alt rett her. Men me kan halda oss til det ordet seier. Då ser me at det skjer i fleire trinn og i ei rekkjefylgje, jfr. 1. Kor. 15, 23. Lat oss sjå kort på det.

a) Jesus kjem ned frå himmelen, i lufta, v. 16. Det skjer når alt er ferdig og himmelbordet er dekka. Teikna er oppfylde og Guds gjerningar på jorda er ferdige. Mat. 24; Joh. 14. Mange har venta lenge på dette.

Då kjem det eit rop, ei røyst frå himmelen, lyden av ei basun, Sigerherren kjem. Nå kjem han ikkje som eit lite barn som treng hjelp frå ei mor. Nå kjem kongen. Han har rett til alt på jorda. Det blir ein veldig dag!

b) Deretter kjem oppstoda. Alle dei truande står opp frå graver og hav og ukjende stader. Denne første oppstoda i endetida vert eit under – som all oppstode forresten er. Men nå skal millionane samlast. Me kan ikkje tenkja oss til korleis det eigentleg er. 1. Kor. 15, 23. 51-52; Joh. 5, 28-29. Op.

c) Opprykkinga kjem nå, v. 17. Alle dei døde som er fria frå gravene skal rykkjast opp i skya. Og me, seier Paulus, skal vera saman med dei. Det er alle me som lever med Jesus. Plutseleg er me alle borte. Det kjem uventa på verda.

Det står ikkje noko her om at me skal kjenna kvarandre att og slik møta slekt og vener som er døde før. Og det står heller ikkje noko om at dei ufrelste skal sjå det. I alle høve vil dei skjøna at noko uvanleg har hendt. Og dei som har litt kristen kunnskap vil nok etter kvart skjøna at dette er oppstoda som me tala om. Men då er det for seint å venda om! Det skal alle ha i tanke. Her tenkjer me på Enok, 1. Mos. 5, 24 og Hebr. 11, 5. Og me tenkjer på Noah, 1. Mos. 6-9 og Mat. 24, 40ff. (Om dei andre som går fortapt, seier denne teksta ingen ting om. Men Bibelen er klår her og: dei som ikkje trur, går evig fortapt.)

d) Me skal alltid vera med Herren, v. 17c. Aldri meir skilsmål. Alltid salig – og då er me alltid glade. Me stig inn i ein evig himmel.

Då ser me at det er av nåde – på ein rikare og større måte enn her. Og det vert store augneblink for oss når auga møter Frelsaren – slik han er. Og då vil me takka meir enn noko gong på jord. Me ser kor stort det er: Evig berga hjå Gud! Amen.