torsdag 3. september 2009

64) 1. Pet. 1, 3-5

LOVSONG FOR FRELSA

I dette avsnittet finn me ein vakker lovsong for frelsa i Kristus. Lova vere Gud, seier han. Det minner oss om at me har all grunn til å lova Herren. Kanskje me har gløymt det midt i strev og mas? Paulus skreiv 13 brev. 11 av dei tek til med lovsong, glede eller takk. Det viser det rette kristne sinn. Lovsongen skal ikkje pressast fram eller lærast på menneskevis. I ein sann kristen bur denne songen i hjarta, v. 6 og 8. Men denne verda og synda kan døyva den reine tonen. Det sømer seg for dei truande å lova Gud, Salme 33, 1.

Ja, denne songen må ein læra. Men ein må læra den av Gud. Det er ein hjartesong. Men kan ikkje alltid synga den med ord, men i det indre fins han.

I Salme 103 finn me dette sagt slik: alt som i meg er, love hans heilage namn. Det er ikkje gleda over jordisk lukke og velstand, rikdom og ei god helse. Det er takken for alt eg har fått av Gud. Det jordiske er også med her, men det vert aldri det viktigste. Hovudsaka er noko anna.

1. Ein ny fødsel, v. 3.

Den første grunnen til takk og lovsong som Peter nemner, er at han er frelst. Lova vere Gud... som har atterfødt oss, seier han. Det er det nye livet som er født i oss.

a) Og det var naudsynleg med noko så radikalt nytt. Alle menneske er fødde i synd, me er falne skapningar. Syndefallet fekk fylgjer for kvar einskilt av oss. Det tyder at alle menneske er fortapt i seg sjølv, både heidningar som aldri har høyrt Guds ord og nordmenn som har noko kunnskap om kristendommen. "En lærdomsform er ikke nok, nytt liv er det som kreves." Dersom ikkje eit menneske vert født på ny, går det evig fortapt. Jfr. Joh. 3, 3.5.

b) Dette underet skjer av Guds misksunn og nåde. Ingen av oss har fortent å bli frelst. Me fortener tvert om å bli dømt av Gud. Men etter si store miskunn har han frelst oss. Gud elska verda så høgt at han ga sonen sin for å berga oss, Joh. 3, 16. Til meir me grundar på Guds nåde mot syndarar, til meir ser me underet i det - og takketonen vert fødd.

Men det er dei audmjuke han gjev denne nåde, kap. 5, 5. Saka er at berre dei bryr seg om frelsa, for dei klarar seg ikkje sjølv. I si naud høyrde dei "all nådes Gud som kalla" (kap. 5, 10), og tok imot.

c) Underet hende ved ordet og trua, kap. 1, 23; Jak. 1, 18. Det levande Guds ord hadde kraft i seg til å skapa nytt liv i syndaren. Det var ikkje gode gjerningar som makta dette, og heller ikkje gode følelsar. I syndenauda fekk eg sjå kva Ordet sa om Jesus. Det skapte tru. Dei frelste har det slik israelittane hadde det i øydemarka: dei sjuke såg på koparormen - og vart friske. Det var eit under av Gud. Og det same hender kvar gong nokon blir frelst. "O, Lammets blod, det dyrebare blod, som gav meg liv da jeg ved korset stod." Då kjem den ekte lovsongen. Jesus er "ei soning for syndene våre" (1. Joh. 2, 2).

2. Ein arv.

Ein kristen har fått eit nytt mål for livet, han har ein arv i Guds himmel. Me lever ikkje på måfå. Livet vårt har ei stor meining. Som kristen får både dette jordiske livet og æva seinare meining.

Ein arv må me fødast til. Me kan ikkje opparbeida oss poeng til det. Og sett i lys av Bibelen vert målet det viktigaste for oss. Jordelivet vert som eit venterom. For kva tyder det om målet ikkje er rett? Arven vert og likna med ein krans. I kap. 5, 4 skriv Peter om "den uvisnelege æreskransen". Og Paulus talar om "rettferdskransen" i 2. Tim. 4, 8. Det er bilete på himmelen.

Denne nye arven fekk me ved Jesu oppstode. For himmelen er vår von når livet er slutt. Jesus hadde sigra over alle tenkjelege makter då han stod opp frå grava. Og då sigra me! Når kongen sigrar i krig, sigrar heile folket. Det var for vår skuld han døydde, og for vår skuld stod han opp. Det gav slekta ei ny von. Når me vert frelste, vert me frelste til denne vona.

a) Det er ein uforgjengeleg arv me har i vente. Den forgår aldri, men varar æeveleg. Alt vert betre i himmelen enn nå. For alt på jord er forgjengeleg. Den danske omsetjinga av Seidelin seier: "til et liv, der aldrig nedbrydes". Alt det jordiske tek slutt og vert brote ned med åra. Himmelen tek aldri slutt. Den er æveleg.

b) Det er ein uflekka arv. Den er ikkje smitta av noko jordisk og syndig og vert det heller aldri. Dette livet vil "aldrig vanhelliges", som Seidelin seier her. Synda i alle former er totalt ukjent i himmelen, avdi inkje ureint får kome inn der (Åp. 21, 27). Kan me eigentleg førestilla oss eit slikt liv?

c) Arven er og uvisneleg. Alle sigerskransar på jord visnar med tida. Dei taper glansen og misser slik sin verdi. Det himmelske livet vil alltid vere like friskt og fint, og verdien vil aldri minka. Då opplever Guds folk det "auga ikkje såg og øyra ikkje høyrde", 1. Kor. 2, 9. "Jeg vet en hvile så skjønn og lang i Davids stad i det fjerne."

d) Arven er sikker, den er gøymt i himmelen for dykk. Der er han trygg, og difor er me trygge. Han er i den beste bankboks. Ordet for gøymd tyder og å vakta. Det syrgjer Gud sjølv for. Og når me kjem heim ein dag, "ligg rettferdskransen ferdig" til oss. Om alt anna kan takast frå oss, er arven der oppe trygg. "Ja, tek dei enn vårt liv, gods, ære born og viv... Guds rike vårt skal vera!" Slik song Luther.

3. Korleis når me målet?

Me kan ofte stilla oss det spørsmålet, og vere i tvil om korleis det skal gå. Gjennom Guds makt ved trua vert me haldne oppe, er svaret. "Det som har sigra over verda, er vår tru," skriv Johannes (1. Joh. 5, 4). Dette ordet (froureo) tyder eigentleg militær vakthald som i ein garnison. Slik vil Gud vakta og "beskytta" dei som trur. Og det vakthaldet held fram til me når frelsa, dvs. når me døyr sæle eller ved Jesu kome. Og denne frelsa er og trygg i Guds himmel til den siste tida. Då skal det verta openberra kva det vil seia å vera kristen, og då vil dei kristne få del i frelsa i fullt mon. Nå har me berre ein smak av den, det vesle me har sett ved trua.

Dette hender den dagen Jesus kjem att. Er me ferdige til møta han då? Og har me fått nokon med oss inn i Guds himmel? Det er vårt oppdrag på denne jorda.