onsdag 2. september 2009

38) 1. Joh 3, 10

1. Johannes 3, 10 m.fl.

1. Kven er ein kristen?


I Apg. 11,26b. ser me at det var i Antiokia dei først vart kalla kristne. Kven er det? Det er mange feilaktige tankar om kven dei kristne er og kven som kann kalla seg med det namnet.

Bibelske tankar er dette.


1) Det er ein som har opplevd Kristus.Gal.1,16. Gud har openberra sin Son i han. For Paulus skjedde det ved Damaskus.Jesus kallar det ein ny fødsel.Joh 3.

2) Det er og ein som dagleg opplever Kristus i livet. 1. Joh 1, : vårt samfunn er med…

Han er ei grein på treet, og får dagleg saft frå stammen. Bli i meg, sa Jesus. Joh. 15.

3) Han er skilt frå verda. Guds barn er nemnt 15 ganger, dei truande 15 ganger,og ordet heilage over 60 gangeri NT.

I Joh 17,6 seier Jesus i bøna si: Eg har openberra mitt namn for dei - dei har halde ordet ditt.

I Jesu namn tar du avstand frå det som ikkje er Guds vilje.

4) Han har eit åndeleg sinn. Rom.8,5-9.

5) Han freistar å vera ein sjelevinnar, er levande oppteken med å vinna nokon for Gud. Mat 4,19: gjera dykk til menneskefiskarar, sa han til nokre. 2. Kor. 5,10-11. 1. Tim. 2,4.


2. Kjenneteikn på Guds folk.

Noko er likt for alle kristne. Det er merke på sann krostendom.Me har fått eit nytt forhold til alt. Det ER teikn, folk skal kunna kjenna Guds born. 1. Joh. 3,10. På dette kan… Det er som veimerker, eller ein soldat skils eg ut frå andre med si uniform.

1.Joh 3,1 seier: Me skal kallast Guds born - og det er me.


a) Me kristne ble gjenkjent av andre.Det viser fleire bibelvers:

Apg. 4,13: dei kjende dei att

Joh 13,35: på det skal alle skjøna at de er mine

Mat 5,14: ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje skjulast.

Kors på jakka slik me hadde i vår ungdom.


b) Me kan vita det sjølv. 1.Joh 5,13: så de skal vita at de har evig liv.

Det er altså det normale. Slå deg ikkje til ro før du veit at du er frelst. Her gjeld ikkje følelse, men tillit til Ordet. Når Guds ord seier at den som trur på Jesus, er eit Guds barn, då skal du seia høgt: Dette trur eg også.

Det er viktig å kjenna dei rette kjenneteikn, så du ikkje bedreg deg sjølv.

- Ein sann kristen er altså komen i eit nytt forhold til alt. Alle teikn er knytte saman, alt er med. Det er ikkje sikkert du ser alt like klårt nå.


1. Nytt forhold til synd. 100% avgjerande teikn. 1.Joh.3.

v. 6 Dei kristne lever ikkje i synd

v. 9: Dei syndar ikkje - han kan ikkje synda lenger.

v.10: På dette kan - dei kjennast.

Det betyr: dei praktiserer ikkje synd, har det ikkje for vane å synda. Du kan falla i synd. Men synda blir ei liding, ein vemmelse, avskyeleg for deg. Det er ikkje nyting og du er ikkje likegyldig for synda.

Den nye natur kan ikkje synda, du er redd synda og gret over den.

(Ein pynta gris velter seg i søla, medan ein katt gjer kva han kan for å koma ut or den. Det er skilnaden mellom ein ufrelst og ein kristen.)


2. Nytt forhold til truande, v. 14: fordi vi elskar brørne, skriv Johannes.Dei kristne elskar Guds folk og det er eit usvikeleg teikn. Før gjekk du omvegar for ikkje å møta dei, og du kritiserte dei og var kanskje redd dei. Nå er blitt ditt folk, slik Rut sa. Rut. 1,16. Apg. 28,15.


Du er ikkje samd med dei i alt, men du er på himmelvegen saman med dei. Her er berre dei gjenfødde, og ikkje namnkristne. Me har samfunn med kvarandre. Det ser me i nokre bibelvers her:

1, 3: så de skal ha samfunn med oss.

v. 7: dersom me ferdast i lyset - har me samfunn

Dvs. dei som lever i reinsinga, har samfunn med kvarandre. Me kan ikkje ha det med dei som lever i uoppgjort synd. Dei må ha ein klar omvending. Lat oss ta vare på samfunnet. Det er godt å vera saman med truande!


3. Nytt forhold til verda, v. 13. Verda hatar dykk. Me skal ikke undra oss over det. I v. 2 står det:difor kjenner ikkje verda oss. Dei forstår ikkje våre interesser - at me les, ber, og samlast til oppbyggeleg møte. Dei vil ha teater, på-kanten-vitsar, dans og elles det som høyrer denne verda til. For Paulus skriv slik: 2.Kor.4,4: Denne verdens gud har forblinda hugen deira. Dei søv og er åndeleg døde, og difor må dei vekkjast.


4. Me er opptekne med Jesu død, v. 5. 8. 16. Det er grunnvollen for trua vår. Det gir frimod, frelsesfryd, og eit vitnemål. Mine synder er betalt. Eg er rensa i blodet. Mitt eige ubrukbart.


"Aldri jeg korset kan slippe, blodet har reddet min sak. Kristus har været min klippe, og den har holdt til i dag."


Ein kristen kan missa alt, utan Jesus.For han har korset som kjenneteikn. Difor er det uhyggeleg når t. d. ein prest (Hognestad) skreiv slik i 1988: "Trur ikkje at Jesus tok på seg vår skuld då han døde på korset."!


5. Har himmelhåp. 2,25. Dette er løftet: det evige liv.Og i kap. 3,2: Då skal me verta lik han, for me skal sjå han som han er.

Me er fødde på nytt til himmelarven. Me ser framover - mot dagen for utløysinga. Vår von er ikkje denne verden og framtida der. Det er himmelen.

(Sjøguten klatra i masta og sa: Eg fell, eg er redd. Kapteonen sa: sjå opp, gut! Då gjekk det godt.)


6. Me har eit vitnemål. 5,10: Den som trur har vitnemålet i seg: Eg er frelst, eg høyrer Jesus til. Nei for all den ting jeg visste, kan jeg ei min Jesus miste.

Har du det?