mandag 7. september 2009

109) Kol. 1, 1-8; + 1, 9-11

Kol. 1,1-8. Paulus og lesarane.

Paulus helsar dei kristne i Kolossæ, v. 1-2. Og han takkar Gud for at dei trur på Kristus og lever som kristne og bær frukt for evangeliet. Det er hovudsaka i dette avsnittet.


Først seier han litt om seg sjølv. Det kan vere viktig å vita kven me får brev frå. Og det gir han klår beskjed om her.


Han tek til med sjølve namnet sitt: Paulus, og det tyder arbeidar. Og det var han i sanning - ein arbeidar i Guds rike. Før heitte han Saul, og det tyder død. Desse namna viser den store overgangen Paulus hadde frå ei død tru til ein sann Guds medarbeidar. Det er igrunnen utviklinga for alle sanne kristne. Ef. 2 talar om det same: Å vera ufrelst er åp vera død i våre synder, v.1f. Å bli frelst er å koma inn i ferdige gjerningar,v.10.


Dinest var han apostel som tyder utsending. Han kunne altså ikkje bestemma seg for å arbeida på sin måte eller velga arbeidsplass. Han var utsending frå Gud og måtte gjera det Han ville. Denne oppgåva hadde han fått av Gud sjølv, det var Hans vilje at Paulus skulle vera ein slik arbeidar. Men han skal berre seia vidare det Guds har sagt føre.


Dette tyder og at han - og me - ikkje er noko i oss sjølve. Me er berre! sendebod. Men vårt frimod ligg i at Gud vil det. Han har bede oss truande om å vera vitne og gå med bodet. Det gjorde Paulus. Nett då hadde han Timoteus hjå seg - så dei var to. Paulus sit som fange, og dette brevet er difor eit fangenskapsbrev. Han vart ikkje motlaus av det, men brukte den metoden han kunne nytta - å skriva brev.


Men lesarane? Kva seier han om dei?

Først dette: Dei var heilage. Dei var ikkje moralsk fullkomne eller feilfrie som menneske. Heilag tyder å vera utskild frå verda og det syndige og innvigd til Gud og livet med og for han. Alle kristne er det. Gud sjølv tok oss ut frå verda då me trudde på Kristus. Det er underet ved kristendommen.


Dinest var det truande brør. Dei heilage er nett slik som trur. Ved trua på Kristus blir med frelste og innvigde til Gud. Ved trua får me heile Guds frelse og fylde. Det skriv han meir om seinare: Det var Guds vilje å la heile fullnaden sin bu i han, kap. 1,19. Og me syng med frimot: Alt det du treng for himmel og jord, er gøymt i det eine ord - Jesus.


Kva seier så Paulus til desse kristne? Her i innleiinga kjem nokre fine ord. Som i mest alle brev kjem den vanlege helsinga: Nåde og fred. Det er liksom ei overskrift som syner kva kristendom og kristenliv er. Nåde er eit godt uttrykk for den kristne tru og lære. Alt me er og har er gåve frå Gud. Me har ikkje fortent noko. Nåde tyder å verta frikjend frå all straff utan å kunne betala. Me kan alltid synga: Av nåde alt eg får av Gud frå først til sist...


Fred er frukta og resultatet av nåden. Og det er kjennemerket på eit kristenliv. Me eig fred med Gud, og me opplever Guds fred i våre liv - meir og mindre. Det første tyder at eg lever i eit rett og sant tilhøve til Gud.

4. Sjølve brevet tek til.

Det første han seier då er: Takk. Seks gonger takkar han i dette vesle brevet. Difor kan Olfert Richard seia med sanning: Dette er Paulus sitt takkebrev. Og han takkar alltid, står det. Bønestundene til Paulus vert takkestunder kvar gong han hugsar på dei kristne i Kolossæ. Så held han fram med takk i v. 12 i same kapitlet. I kap. 2,7 formanar han dei til å vera rike på takk. I kap. 3 v. 16 kjem ei ny formaning om å synga for Gud med takksemd i hjarta. I v. 5 same kap. skriv han at dei skal gjera alt dei gjer i Jesu namn med takk i hjarta. Og i kap. 4,2 er ei ny formaning til å be - og å vaka i bøna med takk. Ein har sagt at bønedøra vert halden open ved ei slik takk. For då ser me kor mykje me har fått, også som svar på bøn. Me kan altså med frimod halda fram å be. Gud vil svara i framtida som han har gjort før.


Kvifor kan han seia dette når han sjølv ikkje kjende dei? Jau, han hadde høyrt om dei. Det ser ut som at Paulus visste dette før Epafras kom til Rom - han fortalde også om dei, står det. Slik er det ofte - det går rykter om dei kristne. Sume gonger vonde rykter med baktale og åtak. Andre gonger ros og positive forteljingar om dei kristne. Slik var det her: Tenk kor fint det er i Kolossæ! Der er nokre fine og gode kristne. Slik sa folk. Epafras kom og sa det same, v. 7-8.

For kva sa dei om denne kristenflokken?


Dei trudde på Kristus - difor var dei kristne. Paulus var trygg på det. Om dei berre trudde på Kristus, var dei sanne kristne. Og dei elska kvarandre. Kjærleiken er eit usvikeleg kjenneteikn på dei truande. 1.Joh. 3,14; Joh. 13,35. Det slår ikkje feil. Når folk blir frelste, blir ei slekt med andre truande, og sterke band blir knytt mellom dei. Dei er sterkare enn blodsbanda ofte.


Dei kristne har noko felles, og særleg i tunge tider er det viktig. Det er vona om evig liv i himmelen når jordelivet er slutt. Me veit at det er best, og me skal vera saman der i alle ævor. Og alt er ferdig.


Dette fekk me høyra i evangeliet. Der lærte med om himmelen, og evangeliet gav oss rett til det då me trudde. For evangeliet er sanninga, det som står der kan aldri feila.

Det var Epafras som forkynte dei evangeliet første gong. Men Paulus hadde høyrt at dei vaks i trua og bar frukt for Gud. Det er eit vakkert vitnemål.

Kap. 1,9-11. Paulus i bøn.

Her vert me ført inn i Paulus sitt bøneliv. Han skreiv i v. 3 at han bad for dei kristne i Kolossæ. Her held han fram med same tanken. Og det er sant - me skal be: for oss sjølve, for den fortapte verda og for våre medkristne.


Kva skal me bed om? Det er viktig å vita det. Paulus lærer dei noko om det. Paulus og Timoteus (”vi” i v. 9 jfr. v. 1) bed om fleire ting:


1. Dei må bli fylte med kunnskap om Guds vilje, v. 9a. uds vilje meint praktisk, om korleis dei skal leva etter Guds vilje, og ikkje berre kunnskap om frelsa og om himmelen. Resten av brevet syner det.


Me gjer ofte det motsette, og tek mest omsyn til det me sjølv vil. For kjøtet reisre seg mot Guds vilje. Den passar ikkje for vårt gamle menneske. Og av natur er me forblinda også om det rette liv som ein kristen.


Difor er det viktig med kunnskap, både dei store liner og mange detaljar i livet. Og kor finn med alt det? Svaret er Bibelen. Alltid er svaret det. Der har Gud openberra alt me treng til liv og gudsfrykt. Det er den einaste pålitelege rettesnora me har som kristne. Difor sa Moses til Israel: ”Du skal prenta dei inn i borna dine. Du skal tala om dei når du sit i huset ditt, når du går på vegen, når du legg deg, og når du står opp” (5. Mos. 6,7). Folk må læra Bibelen sine tankar slik atr dei blir fylte av dei. Det er då me tenkjer bibelsk, eller kan gjera det. Me ser og veit aldri nok.


Guds vilje går på desse to skinnane: Alle som trur på Sonen skal blir frelst og ha evig liv, Joh. 6,40; og så: vårt liv i helging, 1.Tes. 4,3: Dette er Guds vilje, dykkar helging: Hald dykk frå hor. Merk kor direkte og praktisk Guds ord er. Slik er ikkje det naturlege menneske.


2. Han bed om at dei må få visdom og forstand, v. 9b. Her gjeld det ikkje kunnskap, men det Anden gir. Og her gjeld det praktisk anvending av Guds vilje. Og det krev ydmykhet. Det er ikkje lett å bøya seg for Guds vilje når den er mot vår eigen. For då må eg innrømma at eg ikkje forstår dette. Det fører til bøna: Herre, gi meg det. Songaren har visst sette det når han syng: Vis meg veien kjære Frelser... Og Jakob skriv at den som vantar visdom, skal be. Jak. 1,5.


3. Her gjeld det særleg: at dei kan leva verdig for Herren, v. 10. Det tyder å vera til hugnad for han i alt. Er ikkje det eit for stort mål? Me kan vel aldri nå fram til det. Ut frå menneskeleg tenkjemåte vil det aldri skje. Det er rett nok. Og det er ”over evne” både å gjera det og skjøna det. Men har ein annan filosofi. Difor kan Paulus skriva med sanning og rett: Da kan de ferdast slik det er Herren verdig.


Tolkaren Dächsel skriv om dette: ”Denne vandel må man tenke seg avhengig av erkjennelsen av Guds vilje, så at meningen er denne: For at kunne vandre verdig (ved denne erkjennelse. Her ligger tanken at det er umulig å leve rett uten denne erkjennelse.”


Og korleis skal me vita kva ein rett vandring er? Det må vera å leva slik Jesus vil me skal leva. Og det finn me óg i Guds ord. I Ef. 4,1 seier Paulus: Eg formanar dykk... at de ferdast slik det sømer seg for det kallet de er kalla med. Her meiner han ikkje det som sømer seg mellom menneske eller det dei meiner er rett. Me skal leva verdig kallet, og det kom frå Gud ved Jesus Kristus.


Å leva rett kan vera eit ømt tema. Difor treng me kunnskap om dette, v. 9. Her skal me seia eit par ting om menet. Først: Der Bibelen er klår, skal me fylgja den utan å stilla spørsmål eller å tvila. Og Bibelen er klår om mange praktiske, kvardagslege ting. Me skal jo ikkje vera søndagskristne eller kyrkje-og bedehuskristne. Det verdige livet høyrer også til på arbeidsplassen, i familien, på ferietur og i pengesaker m.m. Dei ti boda er ei god rettesnor i moral. Men Bibelen talar meir enn det. Me skal unngå alt som er galt, synd og tvilsame ting. Kallet er også å leva positivt, bruka livet i teneste for andre.


Men me kjem nokre gonger opp i nye situasjonar som gjer oss usikre. Her er kjærleiksbodet ein god regel. Gjer eg det avdi eg er glad i menneska eller for å få noko sjølv?

Eit godt spørsmål i slike stunder for ein kristen er dette: Kva tener Guds rike på? Er det noko ved det eg gjer som fører skam eller tvil på Guds sak? I Fil.1,20 står: ”... men at eg, no som alltid, med stort frimod må æra Kristus med lekamen min, anten ved liv eller ved død.” Før stod det: At Kristus skal bli herliggjort. Det er ein god regel.


4. Vidare: At dei må bera frukt og veksa, v. 10b. Han har alt skrive at kolossarane bar frukt og vaks, v. 6. Her vil han dei skal veksa endå meir i dette. Det er ein prosess som held fram, difor brukar han partisipp på gresk.


I all god gjerning, står det. Livet vårt skulle vera til nytte for Gud, ikkje berre for menneske. Mykje hjelpearbeid har berre dette siste som mål. Men ein kristen må sjå lenger og støtta det arbeidet som også fører menneska til tru og liv med Gud. Det er viktig å tenkja slik i dag, når så mange ropar på pengestøtte og hjelp.


I Joh. 15 lærer me at me ikkje kan gjera noko av oss sjølve. Bli i Jesus, sa han, og bli i ordet. Det tyder å leva godt med Jesus i dagleglivet, la oss prega av han og fylgja Guds ord.


Med livet fylgjer også vokster. Me vart kristne ved ein ny fødsel, me var småborn. Vegen vidare skulle vera ein vokster - i kunnskap om Guds sak, i tru og kjærleik. Det tyder eit rikare, inderlegare og støare kristenliv. Då ville det ikkje bli så mykje vingling som me ofte ser mellom kristne. Veks i nåde og kjennskap, skreiv Peter, 2.Pet.3,18. Då ser me kor avhengige me er av Jesus i alt, me treng dagleg syndsforlating. Difor treng me stadig ny nåde.


Når voksteren stansar, er det noko galt med vår åndelege helse.

I kap. 3 skriv han meir om det kristne livet.

Kap. 1,12-14. Frå mørke til lys.

Her har me ein fin tekst. Her gjeld det og overgangen frå eit liv i synd til eit liv i Gud. Bibelen tek ofte dette opp att. me blir ikkje så snart ferdige med det. For her rører me ved det viktigaste for eit menneske: Korleis skal eg få det rett med Gud?


I dette avsnittet kjem også takketonen fram. Nokre menneske har grunn til å takka Gud. Dei er ikkje redd han. Men hjarta fullt av glede over alt det Gud har gjort i Kristus. Difor har dei livsmot og von for framtida. Dei finn meining med livet, avdi dei reknar med Gud.

Då er spørsmålet: Kva har Gud gjort for oss?


1. Han gjorde oss skikka for himlen.

a) Av natur var me uskikka. Her er alle like, Rom. 3,22f.

b) Me kan ikkje gjera oss skikka sjølve. Ingen av oss duger til det.

c) Berre Jesus maktar oppgåva.

Korleis blei me skikka?

2. Jesus fridde oss ut frå synda.

Jesus forandra alt for oss, skapte noko nytt i vårt liv, me vart fødde inn i Guds rike. Han sette strek over heile vårt gamle liv, og bar oss inn i Guds rike - alt av berre nåde.

a) Alle menneske er i åndeleg mørke av natur og fødsel. Det er bilde på livet i synd.

b) I Sonens rike er lyset. Der rår evangeliet og alt er godt. Jesus er Konge og han gir oss eit nytt mål.

Korleis skjedde det?

3. Jesus forlet oss synda, ved utløysinga. v. 14 og 2,13.

Det var synda som batt oss og stengde oss ute.

a) Kva Gud gjorde i Kristus.

I v. 20 og 22 skriv Paulus kva Gud gjorde for alle menneske, og det kjem han attende til seinare i brevet. Då forlikte Gud alle ting med seg sjølv. Han gjorde fred ved blodet på krossen. Og han forlikte oss med seg sjølv i Jesu lekam ved Jesu død. Alt dette taler om påske og Jesu kross der han leid for oss og betalte syndegjelda og gjorde soning.


b) Syndsforlatinga.

På dette gode grunnlaget kunne Gud i Kristus tilgi oss alle synder. Han forlet oss synda. Det er to ord for same sak. Nå ber han oss å venda om og erkjenna synda for Gud.

Då kjem den takkesongen han skreiv om i v. 12. Då kan de takka Faderen med glede...