torsdag 3. september 2009

62) 1. Pet. 1, 10-12

OM GUDS ORD.

1. Pet. 1, 10-12. 23-25.

I desse to avsnitta talar Peter sterkt om Guds ord, slik han og gjer i andre brevet sitt, kap. 1, 20-21. For oss er det sterke vitnemål om Bibelen. Det er Guds ord. Har denne gamle boka noko å seia oss i dag?

Bibelen er kjelda til all sann kunnskap om frelse. Både heidningar og humanetikarar er på villspor her. Deira utgangspunkt er feil og då vert resultatet feil. Gud må vere utgangspunkt forat målet skal verta korrekt.

Det har alltid vore strid om Bibelen. Djevelen er interessert i å ta Bibelen frå oss. Han gjer det oftast nå ved å ta trua på Bibelen frå oss. Ikkje all teologi har bygt opp om ei heil Bibel. Ny-liberale retningar tek sume gonger tilliten til Ordet frå folk utan at tilhøyrarane sjølv ser det.

Men alt rasar saman under oss utan Bibelen. Den er som ein solid grunnmur. Kva skal me gjera utan den? Peter skriv noko viktig om Guds ord her. Lat oss stansa ved det.

1. Profetane granska skrifta. v. 10-12.

Det er underlege ord, men dei seier ein god del om kva Skrifta er og korleis me skal skjøna den.

a) Profetane spådde om frelsa, seier Peter. I GT er det mykje profeti, både av åndeleg karakter og om politikk. Her er Messias-profetiane det mest aktuelle. Salme 22 er kors-salma, Jesaja er evangelisten i GT og Sakarias talar både om påske og endetida. Dette er dei største og dyraste lovnadar, 2. Pet. 1, 4. Ved dei får me del i frelsa, ja i guddommeleg natur.

Her har det vore mykje strid og kritikk.

b) Profetane forstod ikkje det dei tala og skreiv. Dei granska og ransaka i dettte, men fann ikkje den endelege tydinga. Dei spurde etter kva tid profetiane tala om. Var det lenge til? Og dinest korleis den tida var. A. Barnes nemner at ordet kan omsetjast med "kven, kva slags person" ordet talar om. Dei tenkte altså slik: kven er Messias, og kva tid kjem han?

Det var serleg Kristi liding dei tenkte på. Kanskje nokre av dei faktisk skjøna at Kristi liding var det største? Her tenkjer me helst på Jes. 53. Her er forsoninga hovudsaka, Messias skulle ta på seg all verda si skuld. Men dei såg og noko av herlegdomen etter dette.

c) Dei såg noko meir: at dette ikkje var for dei. Det dei tala om var for ei anna tid, v. 12. Det tyder altså at GT er for oss og talar om den evangeliske tida.

d) Englane lengtar etter å få sjå inn i evangeliet. Dei er utan synd og skjønar ikkje kva ordet om soning og syndforlating er. Dette syner at evangeliet er stort, så stort at himmelske englar ynskjer å forstå det. Engalne veit litt om dette, men kjernen i evangeliet er ukjent. "For de som ikke kjente synd, ei ser hva frelse er."

2. Guds ord er evig, v. 23.25.

Guds ord frelste oss, det har kraft i seg til å føde ein syndar på nytt. Det er motsett av alt det jordiske og menneskelege. Verda er likna med gras, v. 24.

Ordet er derimot ein uforgjenegeleg sæd, det lever og varer evig. Guds ord står om alt anna forgår. Ingen kan utrydda det, sjølv om mange har freista ned gjennom tidene.

Hebr. 4, 12 seier og det er eit levande ord, og at det er kraftig. Det gir liv, slik Jesu ord gav den døde Lasarus livet attende, Joh. 11, 43. Der sa Jesus berre desse orda: Lasarus, kom ut.

Slik kan Guds ord gi ny von til den verste syndar og skapa eit nytt liv hjå farisearen og hyklaren.

Slik Gud er levande og evig, vil Guds barn vere det. Det er sanningsordet, Jak. 1, 18.

At det er evig tyder både at det har same aktualitet som før, og at det er like sant som før. Ei ny tid kan ikkje redusera Guds ord. Den same Gud har den same bodskap til alle menneske.

Dette ordet er evangeliet, v. 25. Han viser til ordet i Jes. 40, 6ff som han har sitert. Dette viser samanhengen mellom GT og NT. Begge stader finn me evangeliet.

3. Guds ord er mat for sjela, kap. 2, 2.

Jesus sa at menneske lever ikkje av brød aleine, men av kvart Guds ord, Mat. 4, 4. Jfr. 5. Mos. 8, 2-3. Me får her ei formaning til å lengta etter Ordet, fordi me treng det. Ordet for å lengta er sterkt.

a) Ordet er melk, dvs. næringsrik mat og heilt naudsynleg som for små born. Det er same sak Jesus talar om i Joh. 6, 51: det brødet eg vil gje er lekamen min som eg gjev til liv.

b) Den er ekte el. uforfalska. Det er eit sterkt uttrykk for at Bibelen er Guds sanne ord. Her tyder det at der ikkje er blanda opp med mennesketankar! Så snart eit Gudsord vert det, er det ubrukeleg.

c) Kvifor er dette så naudsynleg for oss? Jo, seier Peter: ved det kan me veksa til frelsa er nådd. Frelse tyder her den endelege frelse i Guds himmel, slik kap. 1, 9. I den tida me lever som kristne på denne jorda, talar ordet om vokster for ein kristen, jfr. 2. Pet. 3, 18.

Me kan aldri veksa oss fram til å bli kristne. Me må fødast til det. Men me kan veksa som kristne. Og denne vekst har med kunnskap å gjera, eit betre liv som kristen, om større teneste og eit djupare og meir inderleg samfunn med Gud.

Då treng me næring.

4. Difor må Ordet forkynnast rett, kap. 4, 11.

Den som forkynner, må forkynna som Guds ord, elles fører dei folket vill. La ordet står klårt og skarpt slik det eigentleg er. Olaf Lie seier: "Det skal han gjøre på den mest samvittighetsfulle måte, slik at han ikke blander det opp med sine egne og andres tanker."

Det skjer nokre gonger nå. Talen vert meir menneskeord enn bodskap frå Gud. Også vårt personlege vitnemål skal vere i samsvar med Bibelen. Ikkje alt me opplever som menneske stemmer med Guds tale, og difor skal det ikkje fram som døme på kristenliv. Det er berre når det stemmer med Bibelen, at det har kraft og har kvass egg.

Dette er ordet om synd og nåde, om himmel og helvete, om Jesu blod og siger og korleis eit menenske skal verta frelst. Alt dreier seg om det. Difor må alle høyra ordet, om han som døydde for alle, kap. 3, 18.