mandag 7. september 2009

112) Fil 2, 6-8; v. 8.

Kap. 2.

Jesu skikkelse. Kap. 2, 6-8.

I dette avsnittet talar Paulus om Jesus Kristus. Korleis er eigentleg Frelsaren? Her finn me mange sider og eit vakkert bilete av Han. Ein meiner at dette opphaveleg var ei salme eller ei trusvedkjenning i tidleg tid. Paulus nyttar dette i brevet og står slik bak sjølve innhaldet. Det er rytmen i språket som kan tyda på at det har vore eit dikt eller salme. Elles har me ikkje noko prov for det.


I alle høve vil Paulus seia oss korleis Frelsaren er. Gud har fortalt oss om han. I Hebr. 1, 1 står det om at Gud har tala til menneska i tidlegare tider. Mange gonger og på fleire måtar gjorde han det. Profetane var Guds røyst og emnet var ein Frelsar for oss. I GT finn me dette ofte. Ordet om ein Messias er ikkje mennesketankar eller lause påstandar. Her finn me at Gud talar til verda.


Men i læra om Jesus finn me og at Han skulle koma og vera i fleire slags skapnader eller "skikkelsar". Og slik ser me her dei viktige drag av Jesu soge.

1. Jesus i Guds skapnad.

Først les me om Jesus i Guds skapnad, og det er hans tid i himmelen før julenatta. Me kallar det Jesu pre-eksistens, dvs. at han var eller eksisterte i æva før han vart menneske. Johannes skriv om det: I opphavet var Ordet - Joh. 1, 1. Ordet er bilete på Jesus: han var sjølve bodskapen fra Gud. Han ikkje berre tala om Gud eller var reidskapen hans. Jesus var sjølve det ordet som Gud tala ut til folket. Men Johannes skriv meir: Ordet var hjå Gud, og han var Gud. Alt dette talar om tida hans før han vart menneske.


Då var han i Guds skapnad, var lik Gud og var sjølv Gud av vesen fullt ut. Som Gud var han full av herlegdom slik Gud er herleg. I den øvsteprestlege bøna seier Jesus dette sjølv: "Og no, Far, herleggjer du meg hjå deg sjølv med den herlegdomen eg hadde hjå deg før verda vart til" (Joh. 17, 5). Her er det klårt sagt at Jesus åtte Guds herlegdom i æva. Kva anna kan herlegdomen "hjå Gud" vera?


Dermed var han sann Gud med alle Guds eigenskapar. Slik Gud er var Jesus. Han var heilag, rettferdig, allmektig på alle måtar. Dette er eigentleg uskjøneleg for oss.


Så legg Paulus til: han heldt det ikkje for eit røva bytte å vera Gud lik. Det var natulreg for han. han hadde rett til det, han som sjølv var Gud. Difor hadde han rett og makt til å frelsa.

2. Jesus i ein tenars skapnad.

Dette er det neste steget for Jesus. Og då er me i krybba i Betlehem og ikkje i himmelen. Jesus vart eit menneske og kom til jord som alle andre born. Dette kallar me inkarnasjonen (lat. in carno: i kjøt): Han vart kjøt som me andre. I livet sitt viste han at han var menneske. Han ikkje berre vart fødd som eit menneske og oppførte seg som born flest. Han var i arbeid som snekker hjå faren i ikr. 20 år før han steig fram. Og seinare viste han at han hadde ein vanleg lekam: han vart trøytt, svolten og tørst som andre.


Paulus skriv om dette: han gav avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg. Spørsmålet her er kva dette "det" tyder. Kva var det han la av? Dei lærde har strida om dette. Men det står kanskje klårt nok her: han hadde Guds skapnad og var Gud lik i makt og mynde - men han gav avkall på det.


Han vart ikkje berre menneske som me. Han la ikkje av det å vera Gud i seg sjølv. Men han la av seg den skapnad eller skikkelse han hadde som Gud. Han la av seg drakten for å seia det slik. Og den parallellen me fann i Joh. 17, 5 viser og dette: Han bed ikkje om å verta Gud att, for det var han heile tida. Han bed om å få att herlegdomen hjå Gud. Det var den han la av.

I Joh. 1, 14 står eit anna ord om "Ordet": Det vart kjøt og tok bustad mellom oss. Det er sama tanken: Jesus kom til jord, men på ein annan måte enn som Gud. Han vart kjøt, slik me menneske er av kjøt og blod.


Jesus var altså Gud heile tida. Han var sann Gud og sant menneske i ein person medan han var på jord. Og det var naudsynleg. Han kunne ikkje oss syndarar som Gud i hans skapnad. Han måtte bli lik oss for å hjelpa oss. Ingen kan sjå Gud og leva, hans herlegdom og utstråling er for sterk for oss.


Han var altså Gud i seg sjølv, i si natur, men han brukte ikkje si makt og sin rett som Gud alltid. Han viste det ikkje fram at han var Gud. Han kunne gjort det. På krossen kunne han ha stige ned og med ein pust sopa rein heile Golgata. Men han gjorde det ikkje - og det hadde med tenesta hans å gjera.


Me finn eit ord om dette i Hebr. 1, 3 og: Han er avglansen av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han held alle ting oppe ved sitt mektige ord. Medan han var på jord, synte han ikkje fram heile Guds herlegdom og vesen. Han var berre ein svak avglans av det og eit meir eller mindre klårt bilete av Gud.


Me ser dette klårt i den athanasianske trusvedkjenninga. der er det sagt at alle dei tre personane er innbyrdes like evige og "jevnbyrdige". Jesus er Guds Son, både Gud og like eins menneske. han er fullkomne Gud og fullkoment menneske. Og det skjedde ikkje ved at den guddommelege natura vart forvandla til kjøt, men at kjøtet (menneskenatura) vart oppteken i Gud. Likevel var det berre ein person. Det er dette som er så uskjøneleg for vår tanke. Me kan berre tru det avdi Ordet seier så.


Då Jesus kom som menneske, kom han for å tena. Det seier ordet klårt. Han tok på seg ein tenars skapnad. Ordet tyder her ein slave eller træl (gr. doulos). Dei skulle gjera det verste arbeidet og ta på seg det andre ikkje ville. Eit døme på det er då Jesus vaska føtene til læresveinane. Det var slavane si oppgåve. Her stig Jesus ned - han som er Guds Son og skapar av heile verda. Han tener sine underordna. Og så seier han: slik skal de gjera med kvarandre. Han gjev oss eit føredøme på vår teneste. Det er ord til alle prestar, predikantar og misjonærar. Og her har me alle svikta mange gonger. Det er lettare å be andre gjera ei låg teneste enn å stille gjera det sjølv - med glede og takk for at eg fekk gjera det. Elles ser me korleis Jesus heile livet gjorde vel mot andre. Livet hans var i sanning ei teneste.

3. I ein fornedra skapnad.

Jesus steig djupare ned enn berre å tena. Han nedra seg sjølv, står det. Han gjorde det friviljug. Og nå nærmar me oss det lågaste punkt eller trinn på stigen. Han går stadig nedover i si gjerning. For dette er meir enn ei teneste. Å fornedra seg sjølv tyder å verta liten, spotta og handsama som ein slave.


Han fekk det på fleire måtar.

1) Først av menneske. Me les om korleis dei spotta han. Hans eige folk vende seg frå han. Han som var Gudssonen og ville alle vel, fekk motbør. Tenk at han den reine og heilage måtte oppleva å bli spytta på! Det er vanskeleg nok for oss menneske. Og her står Kongesonen frå himmelen og møter det.


2) Han vart lydig - det er ein del av den fornedra skapnad. Han kan kreva lydighet som skapar og Herre. Men her er han sjølv lydig - mot heile Guds lov. Ikkje eit bodord vart brote og ingen gjerning ugjord. Han levde eit fullkome liv, og han levde det for oss. Det var vårt liv og vår lydnad han gjorde.


3) Han døydde på ein kross, og for oss. og tok med det synda på seg. Det er eit mektig emne. Me kan berre gjera nokre streiftog nå. Men Bibelen har fleire sterke ord om Jesu gjerning. Profeten Jesaja 53,5 er sers klårt: Han vart såra og knust for oss, straffa låg på han. Det er langfredag på Golgata. Då vart Jesus dømt som ein syndar og måtte bera ansvaret for synda. Det var ikkje lettare for han å døy som syndar enn for oss. Han bar straffa og vart dømt. Gud handla med han som han ville handla med den verste syndar på jord. Ja, meir enn det - han bar jo alle synder!


Døyparen Johannes såg det og sa: Der er Guds lam som tek bort verda si synd. Og i 2.Kor. 5,21 skriv Paulus: Han vart gjort til synd for å frelsa oss, Det er veldig. Han som var rein og uskuldig var nå skuldig i alt. Til Gal. 3,13 må han skriva: Han blei ei forbanning for vår skuld.

Det er det djupaste trinn i fornedringa. lenger ned kan ein ikkje koma. "Så sank du i vår jammer ned, så dypt som ingen vet." "Du gikk for meg en blodig sti, og jeg som skyldig var ble fri."

Det har vår Frelsar gjort for oss. Han har frelst oss fullt og heilt. Det vantar ingen ting. Du skal sleppa å gjera det minste. Frelsa frå Golgata er fullstendig og fullkomen. Det fekk Paulus oppleva (kap. 3), og mange av oss har sett oss fri og glad på det Gud gjorde på korset.

Har du gjort det?

Kunne me berre takka rett for at me har lært å kjenna han! Og så fylgja han som ein rett læresvein i audmjuk teneste.

Kap. 2, 8.

Me vil stansa ekstra ved den djupe sanninga om Jesus som lydig til krossen. Det er Bibelen si djupaste sanning, men og den alle viktigaste. Utan den er alt det andre til fånyttes.


Me ha lese om at Kristus vart menneske, vart ein tenar og fornedra. Han møtte motstand, men han var lydig til det siste. Der på krossen lydde det forløysande og triumferande ordet: Det er fullført. Joh. 19, 30. Då var gjerninga gjord.


Om frukta av dette seier Paulus ein annan stad: "De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, for at de skulle verta rike ved fattigdomen hans" (2. Kor. 8, 9).