fredag 4. september 2009

97) 1. Tim. 1, 15.

1. Tim. 1, 15 (12-16).

Her er eitt av Paulus sine vitnemål, der han vitnar om evangeliet og sitt eige møte med det, v. 11. Det gjer han fleire stader. Det er godt å lesa om bibelske personar sitt gudsliv, me kan vera trygge på at det er rett når Bibelen ikkje set spørsmålsteikn ved dei. For Bibelen talar alltid sant. Og Paulus er eit førebilete for oss her og, v. 16. I desse versa har me faktisk både juleevangeliet, påskeevangeliet og den personlege oppleving og erfaringa av dei.

1. Først: Jesus kom til verda julenatt. Og han er vår von, v. 1. Har me ikkje han, har me ingen ting.
a) Det gamle testamentet talar om Jesu kome, og det skjer svært direkte, detaljert og nøyaktig. Døme er Jes. 7, 14; 9, 6 og 5. Mos. 18, 15. Og i ofringar og prestetenesta finn me mange førebilete på Jesus. Dei peikar fram mot han og viser oss fleire sider ved frelsa. Og det stemnde då Jesus kom. Guds ord er pålitande, det er eit skriftleg dokument frå Gud om vår frelse.

b) Me ser og at jødane venta Messias og lengta etter han. Nokre hadde ei politisk oppfatning av Messias: han skulle fria dei frå ytre fiendar. Men andre hadde sett det eigentlege, som gamle Simeon i templet. Luk. 2, 25: Nå har eg sett di frelse. Då hadde han nok. For han hadde lese i Skriftene om det.

c) Og julenatt vart første del av dette oppfylt. Jesus vart fødd som ein frelsar i stallen i Betlehem. Luk. 2,11. Hovudbodskapen i alt dette er at Jesus kom. Gud har vore trufast mot ordet sitt.

2. Dinest: påskeevangeliet. Jesus vart ikkje avretta som ein forbrytar langfredag. Hans død var ein del av Guds plan. Han gjorde det for å frelsa. Jesus sa sjølv at han skulle lida og døy. Det var ikkje som vanlege menneske, men med eit bestemt mål. Mat. 16, 21.

Og det var naudsynleg. Alle menneske er syndarar, og synda si løn er døden - den evige død i fortapinga. Rom. 6, 23; Esek. 18, 4. Og på krossen hende det då Jesus ropa ut: Det er fullbrakt. Joh. 19, 30. Då tok han all dom og straff på seg og bar det me ikkje kunne bera. Difor skriv Paulus ein annan stad: Det er inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus, Rom. 8, 1: 1. Tim. 2, 4-6. Og han kan igrunnen ikkje frelsa nokon annan enn dei som ser og erkjenner dette. For dette er den sunne læra, 2. Tim. 4, 3. Alt anna er vranglære. I påska vart siste del av frelsa fullbrakt. Ingen ting meir skal gjerast.

3. Paulus tok imot og trudde dette. Då vart han frelst. Han var ikkje frelst før, sjølv om han hadde mange gode ting i livet. Det var først ved Damaskus at lyset rann og sjela vart berga. Apg. 9, 3ff. Slik er evangeliet og Guds ord ikkje tørr lærdom, det er livsnaudsynleg medisin. Og slik må det blir for oss og. Han hadde sett det sjølv og kunne vitna rett om Gud. Det er som ved ei ulykke: Den som har sett det som hende, kan vitna om det og seia: slik var det. Me andre kan berre spekulera. Her ser me noko:

a) Når me vert frelste, vert Kristus vår erfaring og ikkje lærdom. Kunnskap er god å ha, og me treng eit visst mål av kunnskap i kristentrua om me skal tru og lære rett i lengda. Difor bør me ikkje forakta all lærdom. Men her er det tale om røynsle og oppleving. Og det endra livet vårt. Alt vart nytt, som Paulus skriv til korintarane, 2. Kor. 5, 17.

b) Me ser og at den verste syndar kan bli frelst. Han kan ta imot og bli løyst frå si fortid ved trua på Jesus. Rom. 5, 8 seier at den ugudelege kan bli frelst, og her er tale om den verste. For Gud er større enn alle, han er allmektig. Difor skal du ikkje tapa motet om du synes dine synder er svarte og mange. Gud har alt frelst den verste og største syndar. Han kan berga deg.

Difor seier han: Det er fullt verd å ta imot!. Gjer det - nå!