torsdag 3. september 2009

55) 1. Pet 3, 18

1. Pet. 3, 18. Jesus leid.

Peter har fleire gode ord om Jesus død og kva det har å seia for oss. Her er eitt av dei: Kristus leid for oss. Ein viktig grunn til at nett Peter skriv slik, er truleg hans eiga oppleving av å vera ein syndar. Han tykte nok at han fall så djupt då han nekta og banna på at han ikkje kjende Jesus. Dette spor i han. Difor vart evangeliet om Jesus død så dyrebar for han. Dette verset har vorte kalla det ”vesle evangelium”, jfr. Joh. 3, 16. Og me lærer fleire ting om Guds frelse i Kristus her.

1. Korleis me er.

Bibelen skildrar oss menneske mange gonger, heilt frå syndefallet (1. Mos. 3). Og her er brukt tre viktige ord om menneskelivet. Utan at eit menneske ser litt inn i kva det tyder, kan det heller ikkje gripa mykje av ordet om Kristus og frelsa. Desse to ting heng nøye saman.

a) Fyrst kallar han menneska for syndarar. Det er eit ord som dekker alt om mennesket etter fallet i Edens hage. Bibelen seier det gjeld oss alle, Rom. 3, 23: Alle har synda. Så slepp ingen unna med gode forklaringar. Gud har sagt domen over oss.

Å synda er å vera på feil veg. Me treff ikkje målet – korkje i livet etter Guds vilje her på jord eller himmelen som det endelege målet.

Men synda er òg ei forbryting mot den heilage Gud. Me står i gjeld til han. Me har krenka sjølve Majesteten, og er med det lagt under dom til død.

b) Så kallar han oss urettferdige. Me har aldri levd rett i Guds augo, og det gjeld ikkje berre retninga i livet vårt, men einskilde handlingar. Gjerningane våre er stygge og urette for Gud. Me har ikkje oppfylt dei krav som Gud har lov å stilla som våre skapar.

Ordet i Rom. 3, 10-18 er her talande. Det er eit sitat frå Samle 14 og Salme 53 – dei er om lag like her, m. fl. st. I v. 9 seier Paulus: Me har då alt klaga på jødar og grekarar for at dei alle er under synd. Og så reknar han opp konkrete synder:

10 Som det står skrive: Det finst ikkje éin rettferdig, ikkje ein einaste.

11 Det finst ikkje éin som er vitug, det finst ikkje éin som søkjer Gud.

12 Alle har vike av, alle er vortne duglause. Det finst ikkje nokon som gjer det gode, ikkje ein einaste.

13 Strupen deira er ei opna grav. Tunga si brukar dei til svik. Ormegift er det under leppene deira.

14 Munnen deira er full av forbanning og beiske.

15 Føtene deira er snøgge til å renna ut blod.

16 Øydelegging og elende er det på vegane deira.

17 Freds veg kjenner dei ikkje.

18 Age for Gud finst ikkje for augo deira.

- Det er litt av biletet Gud har av oss i synda.

c) Til slutt seier Peter at me er borte frå Gud. Kristus skulle føra oss fram til Gud – då må me vera på avstand i vår natur. Og det stemmer godt med t.d. Jes. 53, 6: Me for alle vill som sauer og vende oss kvar til sin veg. Dette går attende til hendinga i Eden. Då mennesket hadde synda, står det at Gud dreiv mennesket ut or hagen, der Gud var, 1. Mos. 3, 24. Så vidt me kan sjå, var ingen av borna deira fødde i hagen. Dei kom til verda etter fallet, borte frå Gud. Arvesynda har òg det perspektivet. Og Paulus seier om mennesket: Me er blinde, 2. Kor. 4, 4. Det viser endå ei ny side: Me er ikkje berre bort frå Gud, men me finn ikkje attende av oss sjølve.

- Det tyder at me både er fortapte i oss sjølve, og hjelpelause i vår frelsessak. Fortapinga er helvete. Ingen veit korleis det er der i detalj. Bibelen teiknar likevel eit bilete av ein frykteleg tilstand me ikkje vil vera i. Å tru noko anna, er å lura seg sjølv. Ved døden vert nådedøra lukke for alltid. Berre det er nok til å flykta bort.

- Då ser me at me treng ein frelsar. Korleis skal eg verta berga frå fortapinga?

2. Då seier ordet: Kva Gud har gjort i Kristus for oss.

Dette ordet om Kristi liding fortel oss noko. Me vil stansa litt ved det.

a) Synda hindrar oss ikkje meir i å møta Gud. Vel er me borte av natur, men Kristus reiv ned gjerde og førde oss fram for Gud. Me kan ikkje møta han i eigen person. Syndaren ville tynast av det heilage. Men skjult i Kristus har me frimod. Kol. 3, 3. Her ligg løyndomen til at den verste syndar kan våga seg fram til den Heilage Gud – og endå leva. Han får koma i Jesu namn, det er å vera skjult i Kristus. Då kjem ein på hans rekning og hans ansvar.

b) Dinest ser me at Kristi gjerning var ein gong for alle. Golgata-verket skal aldri gjerast om att. Det tyder for oss at me ikkje skal eller kan gjera noko som helst for å verta frelst. Gud har alt gjort det. Ordet i Hebr. 10, 12 er sterkt: ”Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder, og har deretter sett seg ved Guds høgre hand for alltid.” Jesu offer var betaling god nok og meir enn det. Kva kan eg koma med i tillegg til det? Og i v. 14 står det vidare: ”For med eitt offer har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga.” Frelsesverket gjer altså ein syndar fullkomen, treng du då meir? Å vera fullkomen er å vera som Gud sjølv – like heilag og rettferdig som han. Det er ei stor frelse. I den augneblink du trur på Kristus, vert ordet i Mat. 5, 48 oppfylt på deg.

c) Jesus stod opp frå dei døde. Døden og grava kunne ikkje halda på han. For Jesus var sjølv utan synd. Det var våre brot han tok. Då syndeskulda var betalt, kunne han løysast frå grava – og ”gjort levande i Anden”. Det talar om siger og kraft. Gud måtte bruka himmelske krefter for å løysa han frå døden. Og dei kreftene er tilgjengelege for oss, seier Paulus i Ef. 1, 19-21. Som ein kristen er du komen inn i eit himmelsk kraftfelt. Den same kraft som reiste Jesus frå grava, er nå for oss. Det tyder òg at Jesus lever i dag og er med oss kvar stund. Og ein gong skal han så vekkja oss opp frå gravene og føra oss heim til Gud. Det ligg altså ei sterkt von i Jesu oppstode, som viser oss ei opa himmeldør.