mandag 7. september 2009

111) Fil 3, 4-8; v. 9

Fil. 3, 4-8

I dette avsnittet får me vita mykje om Paulus, korleis han var og korleis han vart ein kristen. Difor er det eit godt døme på ein rett kristen - både i omvending i kristenliv. Ja, noko ved Paulus si omvending er og må vera lik alle kristne til alle tider. Me kan ikkje modernisera sjølve omvendinga, den er fastsett av Gud. Og i sume måtar er Paulus eit førebilete for oss, 1. Tim. 1,16. Trass i at mangt er ulikt med oss menneske, er noko alltid likt med dei kristne.


Paulus går over frå å vera ein farisear til å bli ein sann truande. Det viser at dette verkeleg går an! Og det skjedde då han fekk del i evangeliet. Dette bibelavsnittet kan difor bli ein prøvestein for oss: er eg rett omvendt til Gud? Me skal ikkje vera redde for å spørja slik. det kan driva oss nær inn til Jesus i ransaking og prøving. Det kan igjen føra oss inn på ein tryggare grunn for trua der me berre reknar med Jesus og ikkje oss sjølve. Det hende med Paulus.

Kvifor og korleis hende det?

I. Først: han forkasta alt sitt eige, v. 7.

Han såg at heile livet hans var unyttig og han rekna det for skarn, for skrap. Han såg altså heilt annleis på sitt tidlegare liv enn før. Det hadde skjedd noko radikalt med han. Kvar det som var så nytt? Og kva var det i hans liv han måtte forkasta?


Først: Det han hadde frå fødselen. Farisearane var stolte av det dei var fødde til og rekna det som ei førmon.


Paulus var omskoren på den 8. dagen. Det var ein religiøs seremoni jødane hadde - som andre folk også har. 3. Mos. 12,3. Den vart nøye utført på alle guteborn, og slik vart dei innlema i Israels folk. Her er det med andre ord ikkje tale om eit personleg val for å bli jøde.


Dinest seier han at han var av Israels ætt. han var altså ein ekte jøde og ikkje ein proselytt som hadde gått over til jødedomen. Han ætta med andre ord frå Abraham. Av dei tolv stammene høyrde Paulus til Benjamin som budde i nærleiken av Jerusalem. Denne stammen hadde kome attende frå Babel etter fangeskapet der.


Her konkluderer han med at han var ein hebrear fødd av hebrearar og var dermed ein ekte jøde som hadde alle fordelar jødane hadde. Til efesarane tala han om dette slik: heidningane var uomskorne, utestengde frå Israels borgarrett og framande for paktene med deira lovnad. Dei var utan Gud og utan von i verda. Dei var langt borte frå Gud. Ef. 2, 12f. Alt dette åtte Paulus. I v. 4 seier han: det kunne han setja si lit til. Det var noko han bygde på til frelse.


Dinest tala han om sine eigne gjeringar. Han var ein farisear, og i denne samanhang tyder det ein fin moral. Han tilhøyrde den strengaste religiøse og moralske gruppe i landet. Dei levde verkeleg fint og tok det aldri lett med dei miste ting i kvardagen.


Fåren ved eit slikt liv er at ein stoler på sine gode gjerningar og let dei vera frelsesgrunn. Farisearen i templet gjorde det, Luk. 18,11ff. Han takka Gud for at han ikkje var som andre og rekna opp mange gode gjerningar. Han bad ikkje om noko, berre takka for det han sjølv hadde gjort.

Jesus tala om farisearane i Mat. 23 og seier dei gjorde alt for å bli sedde av menneska. Dei var fine på utsida - det folk såg. Men på innsida var dei fulle av allslags ureinskap. I v. 28 kjem forklaringa: Dei gjorde inntrykk av å vera rettferdige i det ytre medan dei var fulle av hyklarskap på innsida (KJN). Og det er ikkje nok i møte med Gud i dommen.


Difor sa Jesus i Bergpreika at rettferda måtte vera mykje større enn den farisearane hadde, Mat. 5,20. Det er alltid ein fåre for oss å tru at me er gode nok i oss sjølve. Då er me blitt farisearar same kven me er. Korleis har du det ? Har Anden fått visa deg korleis du eigentleg er?


Paulus sa ein ting til: Han var lytelaus i rettferd etter lova, v. 6. han var ulasteleg (KJN) eller "uangripeleg" (svensk 1981). Det er sterke ord, og me trur at han verkeleg meinte det. Ingen skulle kunna finna feil ved han om dei samanlikna livet hans med Mose lov. Han var altså komen utruleg langt på sin religiøse veg. Så nidkjær var han at han forfylgde dei kristne - han rekna dei som fråfalne og skadelege. Han meinte det var rett å fengsla dei, ja drepa dei. Han var altså brennande for sanninga. Og dette var ei vinning for han, slik han såg det før. Han trudde han var på rett veg til himmelen - på grunn av sitt eige liv!


Slik levde han i mange år i sjølvbedrag. Sikkert det mange slike nå også. Dei stolar på det dei er og har gjort.

II. Han lærte å kjenna Jesus.

Det rann ein ny dag for Paulus i og ved Damaskus. Han fekk eit nytt liv. Han var på veg til Damaskus for å fengsla dei kristne. Han var svært nidkjær og ivrig i den tenesta. Før han nådde fram hende noko: Det stråla eit lys mot han, Apg. 9,3. Då såg han noko nytt om seg sjølv. han fekk vel nærast eit sjokk: Alt det han sjølv hadde gjort og vore, var taotalt mislukka og difor ubrukbart! Livet og dei gode gjerningane hans var unyttige, ei hindring for han, ja rett og slett ei skam.


Nå akta han det for tap, for skarn alt saman. Det må ikkje ha vore lett. Men dit må alle koma for å bli frelst. Me må døy bort frå alt vårt eige og sjå kor syndige me er i hjarta. Me ser ikkje alt på ein gong, men ein ærleg kristen vil sjå meir og meir kor syndig han er i hjarterota. I boka Veiledning til fred skriv Rosenius om dette: "Derfor er dette det viktigste i all syndserkjennelse at en kjenner hjertets fordervelse: den forferdelige forakt for Gud, sikkerhet, vantro, hardhet, hykleri og all vondskap." Og han skriv: "Det å kjenne den vonde natur og fordervelsen i sitt vesen er det aller viktigste." Elles blir kristendommen vår lett ein teori eller ei lære - mellom mykje anna.


Men kva anna nytt fekk han sjå?

Jesus blei ein annan for han, han fekk sjå han på ein ny måte. Nå var det ikkje om å gjera å forfylgja han. Nå ville han vinna Kristus. Han kjende Jesus før og visste noko om han. Men det var berre i hovudet, i tanke og teori. Nå fekk han eit personleg møte med Jesus som sin eigen frelsar.

Rett kunnskap er viktig. Mange har altfor lite av det. Men det er ikkje nok å vita om Jesus, me må vinna han slik at han blir personleg for oss. Det er den levande trua. Det er å eiga Jesus.

Først må me sleppa alt vårt eige, og så rekna med Jesus i alt. Slik blir kristendommen vår heile livet. "Den som har Sonen, har livet", 1. Joh. 5,12. Og "den som trur på Sonen, har evig liv", Joh. 3,36.


Dette har alltid vore vegen til Gud. Nokon annan veg finst ikkje. Det er ved å ta imot Jesus som frelsar me blir rettferdige for Gud. Har du blitt det? Ennå er det tid og ennå er det rom. Kom medan det er dag.