onsdag 2. september 2009

7) Åp. 17, 14

66-Åp 17, 14

Endeleg siger.

Dette er ein kort og viktig tekst. Det gjeld eigentleg heile kristendommen: Lammet skal sigra. Her vil me kanskje ta verset ur otr ein samanhang, men det seier oss likevel noko.

Lammet er Jesus. Det erv tvillaust. Joh. 1, 29. Me møter han gjennom heile Bibelen, også til slutt i Openberringa i himmelen, kap. 21, 23. Han skal sigra. Det tyder at det blir bitter kamp og strid. Den byrja ved syndefallet då Gud profeterte om striden som skulle koma mellom kvinna si ætt, som er Messias, og Djevelen, som var slangen. 1. Mos. 3, 15.

Kven skal han sigra over? I teksten står det i fleirtal: sigra over dei. I samanhangen i Openb. står det om den siste tid, der kongar skal strida saman med dyret. Alle har ein tanke og eitt mål: Å knusa Guds rike. Men Lammet skal sigra. Gjennom alle tider har Lammet Jesus Kristus hatt mange fiendar å kjempa mot, og det vil han ha så lenge denne tids står. Kven er det?

1. Satan.

Først og fremst er det den gamle slangen, Satan eller djevelen. Han er Guds svorne fiende. Han er vår motstandar, 1. Pet. 5, 8. han er ein baktalar og bedragar som møter opp alle stader der Guds folk er. Han byrja i Edens hage, 1. Mos. 3, 1. Der står det at han var listig, og difor vinn han så ofte.

Djevelen vil oss vondt. Det er godt å vera klår over det.

Men Jesus sigra. Kor hende det? På Golgata. Det var ein krigsskodeplass for guddommen der den vonde og den gode møttest. Jesus sa det føreåt i Joh. 12, 31: No fell det dom over denne verda. No skal hovdingen over denne verda kastast ut. Og i Kol. 2, 14-15 kjem resultatet: Han strauk ut skuldbrevet --- Han avvæpna maktene og herredøma --- han viste seg som sigerherre over dei på krossen.

Roper på Golgata var i alle høve så høgt at Johannes høyrde det. Og han hugsa det heile livet. Som gamal skreiv han evangeliet, og han er den einaste som har dette med: Jesus ropte: Det er fullbakt! Joh. 19, 30. Han har sigra, skriv han i Op. 5, 5. Og med han gjekk heile den vonde åndehæra i grav, og snart ventar den endeleg avgjera då dei alle skal vera i eldsjøen, Op. 20,10.

2. Kjøtet i oss.

Som kristne har me fått ei ny natur, den er guddommeleg og kan aldri synda og ho vil ikkje. Men frå fødselen har me framleis den gamle natura, som vert kalla kjøtet. Den nyttar Satan seg av og lurer sin vilje inn i menneska slik at dei gjer hans vilje.

Der Jesus får råda, må han gje tapt. Paulus skriv av eiga erfaring til korintarane: Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus. 1. Kor. 15, 57. Me får del i Kristi siger, og han seier han er på vår sida. Då kan ingen tapa. Lammet har sigra.

3. Antikrist.

Han er Satans siste tenar, og han stig fram i den siste tida for å prøva ennå ein gong å riva Jesus ned av trona. Me skal ikkje ta tid til å seia mykje om han her. Men me må peika på at det blir ein hard strid. Op. 13. Men også der vil Lammet sigra. Det skriv Paulus om i 1. Kor. 15, 24f. : ”Han har gjort til inkje all makt og alt herredøme og velde.” Difor blir det ein total siger til sist.

4. Døden.

Han er den siste fiende, 1. Kor. 15, 26. Døden er til slutt oppslukt til siger, v. 54. Som resultat av det ser me at i himmelen skal ikkje døden vera meir, Op. 21, 4. Då gjeld berre livet, det evige fullkomne og endelause livet hjå Gud.

Døden har skapt mykje sorg og strid og fortviling mellom folk. Store hav av tårer har falle på grunn av døden. Få ting er så trøysteslaust som den. Difor vil gleda bli stor når det verkeleg går opp for dei frelste at dei ikkje skal møta døden meir. Men alt nå kan me gleda oss over at det blir slik. Det er litt av den lyse og gode framtida som ventar Guds folk.

Lammet har sigra.