fredag 30. oktober 2009

180) Rom. 1, 16.


EVANGELIET SI KRAFT
Rom 1,16.

Heile Europa gjekk i spenning og otte då atomkraftverket i Tsjernobyl ”løp løpsk” i 1986. Enorme og dels ukjende krefter vart frigjorde, og dei var ikkje visse på korleis dei kunne kontrollera dei. For her var det uante krefter.

Paulus hadde kjent sterkare krefter enn det. Han hadde møtt og opplevd noko med Jesus. Han hadde smakt evangeliet og kjent dei krefter som ligg gøymde der. Difor var han frimodig og skamma seg ikkje ved å kalla seg ein kristen.
Kva er krafta i evangeliet?

Kan me setja ord på noko av det ein syndar ser og får i møte med Gud? Og kvifor er det ei kraft.

1. TILGJEVING
Først av alt: Evangeliet har kraft til å tilgje synd. All synd. Og i møte med Gud ser me synda, og ser at ho er stor og gravalvorleg. Det er ikkje lett å stå framfor Gud og vera ein skuldig synda. Då hender det som songaren syng: ”Synderen skalv for den hellige dommer…”

Og Bibelen talar mykje om synd. Alle er syndarar, her går ingen fri. Rom. 3,23. Ja, Guds vreide ligg over menneska på grunn av synda, v. 18. Salmediktaren har rett: ”Jeg står for Gud som allting vet, og slår mitt øye skamfull ned. Jeg ser min synd…”

Då skal det stor kraft til å løysa eit slikt menneske ut av angst og otte for døden og dommen. Veldige krefter må til for å gjera oss fri.

Mange prøver å løysa seg sjølv. Nokre prøver med gode gjerningar og eit fint liv. Dei er høflige og hjelpsame og ofrar seg for humanitere organisasjonar. Andre blir religiøse - dei les i Bibel og andaktsbok, be og går til gudsteneste. Andre kastar seg på nyreligiøse retningar og trur det skal føra fram.

Men alt er som å slåss med feiaren. Du blir berre verre og skitnare for kvar dag. Det er nyttelaust og sume gir opp. Ø. Andersen seier: ”Et menneske må frelses ikkje bare fra sine åpenbare synder, men også fra sine gode gjerningar.” Og han heldt fram: ”Den som tar imot Kristus, må oppgi seg selv og sin egen rettferdighet. Det er ikkje nok at han erkjenner seg som en stor synder, men som en fortapt synder.”

”Då høyrer i stormen eg frelsarens ord…” Kallet lyder stille og truverdig: Kom, for alt er ferdig! Jesus har gjort opp din synderekning. Han har skrive betalt med sitt blod.

Profeten seier: Om syndene er røde som purpur, skal dei bli kvite som snø (Jes. 1,18). Det var den største kontrast dei kjende då. Kvifor kan Gud det? Svaret ligg i Kol. 2,14: Jesus strauk ut skuldbrevet - han tok det bort då han nagla det til krossen. Langfredag hende det. Jesus betalte for all mi synd, rydda den ut og sona mi endelause straff.

Dette er krafta til frelse. For Gud sjølv har ordna det slik. Me kan berre ta imot. Alt er av nåde, så berre kom!

2. LIVET
Men evangeliet har meir. Det gir kraft til å leva livet som kristen, eller eit liv i helging. Å leva rett er ikkje lett, heller ikkje i vår tid. Me treng kraft.

Var det vanskeleg å vedkjenna seg som ein kristen i unge år? Har me ikkje opplevd å rødma når nokon håna vår tru? Var det lett å avleggja eit klårt vitnemål om Jesus mellom våre eigne? Eller: Har me undrast på om me ville bli bevart hos Jesus? Det var mange me kjende som svikta her. ”Skal jeg vel nå det skjønne land, som snubler gang på gang…”

Vår eiga kraft og innsats kjem til kort. Me vil falla og svikta. Motstanden og freistaren er for stor.

Kor skal eg gå då?

Ordet om krossen er ei kraft! Lev i og av evangeliet.Lat det aldri gå ein dag utan at du har ei stund med Jesus. Les mykje om Jesu død, syng om hans sår og tenk på sigeren påskemorgon.

Du finn det i Guds ord. Menneska lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord frå Gud. Mat. 4,4. Bibelen er ei kraft i kvardagen, for der er evangeliet. Dei gamle kristne vart kalla lesarar. Difor var dei sterke i Gud. Og du finn mykje godt i gamle saalmar og songar. Les salmar av Brorson, Lina Sandell, Kingo o.fl.
3. TENESTE

Og så tenesta. Korleis skal eg kunna gjera noko i Guds rike? Det er så mange oppgåver der, og dei er altfor vanskeleg for meg..
Paulus seier at han står i skuld til alle slags menneske, v. 14. Som kristen hadde han ein plass i Guds misjon. Han var eit vitne for Gud. Men Paulus var vel sterk nok til det? Han hadde nok ingen problem med tenesta.

Når eg er svak, seier han, då er eg sterk. 2. Kor. 12,10. Også Paulus visste han var svak. Og der kjenner du deg att! Kor ofte har du ikkje sett kor svak og veik du er. Ja, rett og slett duglaus.

Og så gir Paulus oss nøkkelen til siger: Når eg erkjenner kor liten eg er, må eg ofte gå til Jesus og be om hjelp. Då vert det ikkje eg, men han som gjer alt. ”Da reiser seg den svake og går…” Millionar heidningar er utan Gud og von for død og dom. Mange i Noreg ler og foraktar tanken om frelse. Dei har ikkje bruk for det. Materialismen er blitt vår tids gud, og den lukkar alt anna ute.

Då peikar Meisteren på dei kvite markene og seier stilt: Vil du gå - og seia eit ord om Frelsaren. Vegen og måten me gjer det på, er ulike. Men ved å leva med Jesus i ordet og bøna, vil du bera med deg noko frå Jesu evangelium til dei. Det viktigaste for oss som kistne er ikkje mykje aktivitet. Det er meir å vera nær Jesus i vår daglege erfaring.

4. DØD OG DOM
Ein dag tek me det siste steg på jord. Korleis skal det gå då? Dei fleste kjenner på otte for dette ukjende. Korleis kan eg ha frimod i denne siste stunda?

Krafta i krossen er svaret. Krafta i evangeliet er at eg er kjøpt fri med Kristi blod. Då kan eg møta Gud som ein fri mann! Eg kan seia til alle: Jesus har betalt for meg. Det manglar ingen ting. Og det gjeld alle folk og nasjonar: ”Du vart slakta og kjøpte oss til Gud med ditt blod frå kvar stamme og tunge og folk og ætt” (Opb. 5,9).

Har du teke imot det?