fredag 2. oktober 2009

159) 1. Kor. 1, 29-31 A.

-->
 1.Kor. 1,29-31. Det er Hans verk.

I. Kristus er blitt oss VISDOM.

  Det er hans verk, nemleg Guds verk i Kristus. Alt avheng av vår stilling til Kristus. Det skjer noko når me vert frelst, på fleire måtar og område. Og Paulus kan seia i 2. Kor. 5, 17: at ALT er blitt nytt. Det må vere ei stor endring! Og dette heng saman med omvendinga, for det tyder heilt om. På alle felt får livet vårt ein ny retning eller kurs. Men alt dette skjer ved Kristus og på grunn av han. Difor er Kristus sentrum i vår frelse. Ja, me kan faktisk seia at alt er berre han. Det fins ikkje noko ved sida av Jesus Kristus.
  Her skal me stansa ved dette: Kristus er blitt oss visdom frå Gud. Og sume tolkarar (og bibelomsetjingar) meiner og viser at dette er overskrifta eller hovudinnhaldet i dei neste orda i v. 30. Kristus er vår visdom på den måten at han er blitt vår rettferd, helging og utløysing. Men ikkje alle er samde i det, og me vil ta for oss kvart av desse orda som eigne emne.

  Visdom! Kva slags visdom?
  Visdom er det rette synet på tilværet og livet og alt som høyrer til det. Det er det rette synet og dermed meining og kunnskap om Gud, menneske, frelse, livet på jord og æva. Når Kristus vart dette for oss, tyder det at han viste oss Guds frelsesplan for verda.
  Det er altså ikkje tale om vår eigen verdslege visdom eller tanke. Og det er heller ikkje grekarane sin filosofi som tyder kjærleik til visdomen. Visdom heiter Sofia på gresk.
  Grekarane var stolte av visdomen sin. Store namn kan nemnast her, kjende frå soga og filosofien. Me veit om de vise Sokrates, om Platon og seinare Aristoteles m.fl. Dei har hatt mykje å seia for utviklinga i Europa og seinare Amerika. Ein hovudtese var at mennesket var godt. Me skulle berre dyrka og få fram det gode. Idé-verda er det eigentlege, det me ser er igrunnen uverkeleg. Fleire av filosofane tala om ein frelsesveg, men det var eigentleg eit sjølvstrev. Dei skulle berga seg sjølv - ei såkalt soteriologisk oppstigning. Hugo Odeberg siterer ein jødisk forskar, Samson Hochfeld, som seier at "antikkens ikke-jødiske etikk er helt igjennom egoistisk orientert". Eit hovudmål var å søkja lukka og nyting.
  Paulus er streng her. Nå skriv han til kristne nett i Hellas, Korint låg der. Så siterer han eit bibelvers og seier: Gud vil øydeleggja dei vise sin visdom, v. 19. Med dette vil han seia at Gud ikkje kan bruka dei menneskelege tankane. I omvendinga er det nett det Gud strevar med hjå mange menneske. Han må seia til folket: Det du meiner om frelsa er galt. Det er ikkje slik som folk flest trur eller meiner.
  I v. 21 seier han så: Verda kjende ikkje Gud ved sin visdom. Etter syndefallet er menneske totalt blind for dei åndelege ting og kan ikkje skjøna Gud og frelsa. Det er ein hard lærdom for mange menneske. Det er og ei frukt av fallet.
  I v. 22 heiter det så at grekarane søkjer visdom, det er nett filosofien. Sett frå kristen synsstad er det heidenskap. Filosofi er ein freistnad på å forstå alt og godta mennesketanken som øverste instans. Og det var ein føresetnad for å verta frelst at ein var vis.
  Paulus seier nei. Det er ikkje slik i Guds rike. For å prova det, viser han til deira eiga erfaring: Det var ikkje mange vise som vart kristne, v. 26. Gud brukte heilt andre måtar og kriterier. Gud gjorde tvert om dei vise til skammar i måten han handla på.
  Me er tvert om uforstandige (Tit. 3, 3). Alt profeten hadde sagt: Me for alle vill som får (Jes. 53, 6). Me visste ikkje betre, me kjende ikkje vegen. Til romarane er han endå strengare og siterer eit salmevers: Det er ingen forstandig - som søkjer Gud (Rom. 3, 11).
  Me trong altså ein ny visdom, ein ny slags visdom. Det måtte Gud gje oss i Kristus. Og når kallet frå Gud kjem og me vert gjenfødde, tek me til å sjå alt i eit nytt lys. Æva kastar lys inn over vårt liv og over alle andre ting. Det vert ein ny visdom, utskild frå alt det jordiske.
  Kva er så det nye, som me nå får lys over?

  1. Me ser oss sjølve. Me får det bibelske menneskesyn. Før hadde me vore ganske innbilske og trudd mykje godt om oss sjølve. Me fylgde faktisk Platon og gresk filosofi 400 år f. Kr. Kva viser så Kristus oss?
  a) Me er fortapte - nå, her og i æva. Me er i vår natur utan von, lik ein som druknar på havet utan redningsvest. Fortapinga er ikkje framtidig berre. Kvart ufrelst menneske lever som fortapte - men med ei von om frelse.
  b) Me er syndarar - der ligg grunnen. Men me får sjå synda i eit nytt lys. Det vert ikkje berre: Det var synd på han. Men: synda er forbryting mot den heilage Gud. Det er majestetsforbryting. Me har forbrote oss mot Skaparen, den Allmektige.
  I tillegg ser me at synda ikkje er ytre moralske feil. Den er ein indre skade, den er motvilje og fiendskap mot Gud. Me står for Gud ... og slår vårt blikk ned av skam. I Rom. 8,7 skriv han: Mennesket er ikkje lydig mot Guds lov, og kan heller ikkje vera det. Og i Rom. 3, 12: Alle er duglause.
  c) Me ser og at alle er syndarar, og me er like for Gud. Ein fin moral frelser ikkje. Visdom og kunnskap er ikkje til noko hjelp.
  Gud må altså visa oss korleis me eigentleg er i hans augo. Me må sjå oss sjølve med Guds augo. Og det er ein krass dom over oss. Me ser det ikkje sjølve. Men i møte med Jesus vil Anden avsløra kvar og ein.

  2. Me ser frelsa. Alle menneske har sine eigne tankar om korleis dei skal verta sæle. Det er vår eigen visdom og vårt eige vit som fortel oss det. Eigentleg er alle religionar blitt til slik.
  Bibelen seier me alle tek feil. Me må få sjå noko nytt. Me må sjå frelsesvegen slik Gud ser han:
  a) Frelse finn me berre i Jesus. Han er Guds utvalde reidskap. Det var difor han kom til jord. Paulus skriv klårt om det. I v. 18 har han sagt: Ordet om krossen er vel dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste er det ei Guds kraft. Ordet om krossen er Jesu gjerning, langfredag, påskebodskapen, - sjølve grunnvollen for Guds frelse. Dei som ikkje har Guds visdom vil forakta dette den dag i dag. Korleis kan ein død mann frelsa slekta? spør dei. Trass i alt det andre seier, skriv han vidare i v. 23: Me forkynner Kristus krossfest.
  Dette stemmer med profetordet. Same dag som fallet hende i Eden, kom den første lovnad: Kvinna si ætt skal knusa slangen sitt hovud. 1. Mos. 3, 15. Det er kalla det første evangeliet (prot-evangeliet).  Jesus vart oppfyllinga av det, og han sa: Eg er døra. Joh. 10, 9.
  Men dette må Anden læra oss. Dette høyrer til den himmelske visdom. Songaren har rett: Du kjem ikkje utan om Jesus...
  b) Frelsa er ved tru. Det må me og læra, og det er og motsett all vår tanke og visdom. Me tenkjer alltid på gjerningar, bøner, offer, vera snill og grei og gjera noko godt.
  Bibelen tenkjer berre på tru. Den himmelske visdom seier klårt: du blir eit Guds barn utan ein gong å tenkja godt. Trua er det motsette av alt det menneske meiner. Den lukkar alle gode gjerningar ute. Du skal ikkje be, ikkje ofra, ikkje prøva å bli betre, ikkje gjera ein einaste god gjerning - for å bli kristen.
  Berre vera stille, ta imot, seia takk Jesus! Tenk det var for meg. For Gud reknar berre med ein god gjerning: Jesu død. Difor kan me seia at frelsa er av nåde, den er gratis, utan forteneste.
  Luther såg det då han sat i tårnet i 1513 og las Rom. 1, 17: Den rettferdige av tru, skal leva. Då skreiv han orda: Sola fide - ved tru åleine. Så fullstendig avhengige av Jesus er me. Ingen ting i oss er brukbart. Alt er syndig, ureint og ubrukande. Berre tru.
  Det er Guds visdom.

  3. Livet. Me får nytt lys over livet vårt i møte med Jesus. Me skal ikkje leva slik andre menneske meiner det er rett. Her er mange pavar som set opp reglar for korleis me bør vera. Den himmelske visdom syner oss berre til Ordet. Det som stemmer med Guds ord er eit rett liv. Men livet må vera og vert ei frukt av at me lever med Jesus. Då kjem og dei gode gjerningar og offer for Gud. Men dei er ikkje grunn til frelse. Dei vert takk for frelsa som er ferdig. Det er her det rette misjonssinn veks fram. Og her må det veksa fram, elles vert det krampaktig lovsinn for å tilfredsstilla Gud eller få eit godt samvit. Orda me brukar om vår teneste røpar lett motiv og årsak. Det kan vera eit fårleg teikn når folk talar frimodig om å "gjera ein innsats for Jesus" m.m. Er det frukt eller kjøtleg iver? Mange av oss har visst teke imiss her og treng tilgjeving.
  Jesus sa ein gong: Du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for dei umyndige. Mat. 11, 25. Umyndige er dei som bøyer seg for Gud og høyrer, tek imot og let seg bøya ned under krossen.





II. Kristus er blitt oss RETTFERD.

  Det andre hovudspørsmål for eit menneske er: Korleis skal og kan eg stå rett for Gud? Det er bakgrunnsproblemet i all religiøsitet og religionar. Eg skal møta Gud ein dag til dom, korleis kan eg klara meg då?
  Luther streva med dette. Og det låg igrunnen under då han slo opp tesane mot avlat i 1517 i Wittenberg. Han hadde freista i mange år å verta slik Gud ville ha han. Alt det han gjorde var prega av dette: Eg skal, eg må ...
  Til slutt såg han kva Gud sa i Ordet i Rom. 1, 17. Han fekk den himmelske visdom over ordet. Sidan vart rettferdiggjeringa ved tru ei hovudsak i lutherdomen.
  Det er fleire sider ved dette spørsmålet:

  1. Vår tilstand og stilling. Bibelen seier alltid at me menneske ikkje har noka rettferd som gjeld for Gud. Paulus siterer Salme 14 og 53 i Rom. 3, 10 f. og seier: Det finst ikkje éin rettferdig, ikkje ein einaste. Og det er litt av visdommen å skjøna det rett. Etter luthersk teologi er det lova si oppgåve å vise menneska at dei er syndarar (Rom. 3, 20; 7,7).
  Å vera rettferdig er å vera slik Gud krev me skal vera. Og det er djupast sett å vera slik Gud sjølv er. I Berpreika seier han det så sterkt: Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen (Mat. 5, 48). Det er eit høgt mål. Først når me er slik Gud er. kan me stå i eit rett forhold til Gud. I ei ny omsetjing står det: Ver heilhjarta og gode, men det er eit svakare uttrykk. Ei ordbok seier at fullkomen tyder å vera fullstendig, komplett, udelt og rein; å vera utan lyte, som ikkje kan bli betre!
  Er me menneske det?
  Profeten Esekiel skriv om korleis ein rettferdig er i kap. 18, 5-9. Der seier han at den rettferdige fer ikkje med avgudsdyrking, bryt ikkje det 6. bodet som var vanleg mellom heidningane, handlar rett og godt mot andre menneske, er rett i pengesaker, dømer ikkje urett og fylgjer Guds bod. Å vera rettferdig dekker altså alle område i livet, og ein kan ikkje bli betre, som ordet tyder.
  Farisearane prøvde dette på Jesu tid. Dei levde eit rett og godt liv så langt dei meinte dei klarte det. Og dei nådde langt. Farisearane levde eit høgverdig og fint liv. Odeberg skriv at "den fariseiske teorien (har aldri) tillatt det fromme mennesket å tilregne seg selv en fortjeneste av sin lydighet".
  Likvel var det ikkje nok. Jesus seier at hvis ikkje rettferda vår er større enn dei skriftlærde og farisearane si, kjem me aldri inn i himmelriket (Mat. 5, 20).
  Kvifor er det slik? Gud krev hjarta og ikkje berre handlinga. Me skal gjera Guds vilje med lyst. Me skal elska Guds vilje og ord like så vel som andre menneske. Dei er jo Guds skapningar. Difor er det ikkje nok å gjera så godt ein kan - det er ein hovudtese i dag. Det rekk ikkje. Me treng ei anna rettferd. Me må ha meir enn ei ytre rettferd. Me kan aldri møta Gud oppreist med det menneskelege, for alt der er smitta av synd.
  Og kva er den nye rettferda me treng?

  2. Ei rettferd ved tru.
  Me har sagt før at Guds Ande må openberra denne visdommen for oss at me treng frelse ved tru. Vår forstand er så formørka at me ikkje ser det. Me heng heile livet fast i den gjørma at me må gjera noko sjølv.
  Når det står at Kristus er blitt oss til rettferd, er det nett rettferda ved tru han meiner. For eit menneske finst det ikkje noko anna rettferd. Det er det einaste alternativet.
  Det er vanskeleg å forklara trua. Ho vert så lett teori og kanskje ei ny lovgjerning. Men trua står alltid i motsetnad til gjerningar. Gal. 2, 16. Rom. 4, 5: "Den derimot som ikkje har gjerningar, men trur på han som rettferdiggjer de ugudelege..."
  Dette er meiningslaust for vår fornuft. Korleis kan eit menneske bli rettferdig ved å tru? Folk har alltid stilt spørsmål ved det, og ingen kan heilt ut skjøna ei slik sak.
  Tru er å ha tillit til Gud. Det er å vite at det Gud gjer, er nok. Det held. Trua er å la Gud gjera alt, å la seg behandla av Gud. Det vert omlag som å gå til ein doktor, leggja seg på operasjonsbordet og ta imot narkose. Du har tillit til han og trur at han kan gjera deg god.
  Men denne rettferdiggjeringa er ikkje å bli omskapt, bli betre moralsk i ein fart. Det tyder at Gud erklærer den truande for å vera rettferdig. Gud seier at me er rettferdige sjølv om me ikkje er det i oss sjølv. For då har Gud tilrekna oss si rettferd, han gir oss si eiga rettferd når me tru.
  Paulus skriv om det etter eit døme frå GT: "Det er og skrive for vår skuld, som skal få rettferda tilrekna, vi som trur..." (Rom. 4, 24). Me får altså det Gud er, og me kan slik stå for Gud med Guds eiga rettferd. Og den er fullkomen.
  Gud for alle riker dømmer selv og sier: Denne, han er fri. Slik står det i sangen. Det kan han gjera avdi han har frårekna oss alle våre synder. Han har teke dei bort ved Kristus.
  Alt dette kan han gjera på grunn av Jesu død. Då tok Jesus all vår urettferd og synd og betalte skuldbrevet for oss. Han sona den straffa me skulle hatt. Når gjelda er betalt, skal ho ikkje betalast ein gong til.
  I andre brevet til korintarane skriv Paulus slik (kap. 5, 19): "Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira."
  Dette gjeld deg! Det er ditt - utan at du skal forbetra deg på nokon måte. "Din del er å tro, det å takke, og Frelseren kaller deg sin."
  Alle blir frelst slik. Me må passe oss så me ikkje knyter noko som helst vilkår til nåden. Frelsa er ei fullstendig gåva. Der finst det ikkje noko "men" lagt til.
  Eit ord i Esek. 16, 8-14 kan illustrera dette godt. Gud liksom viser fram Kristi brur og seier korleis det gjekk til at ho vart så vakker: "Eg breidde kappa mi over deg og løynde nakenskapen din... Eg vaska deg... Eg kledde deg i fargerike klede... Eg prydde deg med smykke... Så pynta eg deg med gull og sølv... og du vart overlag fager og vel skikka til å vera dronning."
  Slik gjekk det til. Gud gjorde alt - og syndaren vart fager for Gud. Og han legg til: Namnet ditt kom ut mellom folka på grunn av venleiken din. For han var fullkomen på grunn av den praktfulle stasen eg hadde kledd deg i, seier Herren. (At det seinare gjekk galt med Juda, kan og stå som eit alvorleg førebilete for oss, v. 15 ff.)
  Det var byrjinga. Ved tru åleine. Men vidare?

  3. Den truande skal (få) leva ved tru.
  Når Kristus blir vår rettferd, er det ikkje berre ei byrjing. Han seier ikkje slik: Nå må du klare deg så godt du kan i livet slik at du fortener denne rettferda.
  Ordet i Rom. 1, 17 viser at me også får leva vidare som kristne ved tru. Dette ordet står fire ganger i Bibelen: Rom. 1, 17; Gal 3, 11; Hebr. 10, 38 og alle siterer prof. Hab. 2, 4. Alt i GT var det altså klårt at trua var avgjerande, og den same tanke held fram i NT.
  Me får altså halde fram på same måte som me byrja kristenlivet. Det tok til med tru, ved å høyra og å ta imot. Jes. 55, 3. Og det held fram slik. Heile kristenlivet er ei vandring i tru. Lova med sine krav og vilkår har ingen ting med min kristenstand å gjera. Eg kan visa alle krav og bod bort med orda: Kristus har gjort det for meg. Stadig skal eg få høyra ordet om nåde og tilgjeving.
  Men me kan likevel peika på to fårar for oss kristne. Den eine er å gløyma at rettferda er av Gud. Då vert me sjølvhjelpte og vil gjera litt i tillegg til Guds gjerning. Den andre er å gløyma eller oversjå at trua er levande liv og ein kamp. Då vert me lett likesæle og kan somna inn som kristne.
  Heile kristenlivet er nåde, og difor må eg heile livet ta imot  Jesu gjerning i døden på nytt.



III. Kristus er vår HELGING.


  I 1. Pet. 1, 13-17 finn me nokre av dei sterkaste ord om kristenlivet. Peter skriv både om Jesus død som grunnlaget for kristen tru, om Guds ord der me finn ordet om frelsa, om atterfødinga og målet for trua. Nå kjem han til sjølve livet. Korleis skal eg leva det?
  Då talar han om eit heilagt liv. Og det er ikkje sjølvsagt for oss. Det kjem ikkje automatisk om eg har ei sann tru på Ordet og er blitt fødd til nytt liv. Nei, "her gjelder kjempe, ja trenge seg fram, ellers ei himlen du vinner".
  Ordet heilag har to sider: utskild frå verda og innvigd til Gud. Sundag kallar me ein heilag-dag, og det illustrerar godt dette ordet. Denne dagen skulle vere utskild frå dei andre dagane og ikkje nyttast til arbeid og pengejag. Den skulle derimot vere innvigd til Guds ord og samværet med dei truande. - Men er den alltid det? Slik er det og med det heilage livet for ein kristen. Gud har ei meining med det.
  Spørsmålet vert nå: når Jesus sitt mål med oss? For å hjelpa oss i det, kjem apostelen nå med fleire formaningar til dei truande. Og målet er eit heilagt liv her på jord.


1. I Kristus er me heilage og fullkomne.
  Dette kan me kalla den objektive helging, og den gjeld for Gud og er synleg i himmelen. Det er ein skjult løyndom, men openberra for trua. Me får del i Guds helging, Hebr. 12, 10. I denne meining er alle kristne 100 % fullkomne, me er heilt innvigd til Gud. Det manglar ingen ting.
  Det er dette Pontoppidan skriv om slik: "Gud av bare nåde frikjenner en botferdig og troende synder både fra synden og dens straff, og i stedet tilregner ham Kristi rettferdighet. Ja, anser ham i Kristus som om han aldri hadde syndet." Han skriv om dette under rettferdiggjeringa, men han reknar det som ein del av sjølve helginga i vid meining (sp. 486).
  Og me har mange skriftord som seier dette. I vår tekst v. 15-16 skriv Peter at Gud er heilag, difor skal me vere heilage. Det er sitat frå 3. Mos. 19, 2 og 11, 44. Det var skrive til israelittar, og her viser Peter at det same gjeld oss kristne. Om dette seier Luther til denne teksten: "Avdi eg er din Herre og Gud, og de er mitt folk, må de vere lik meg... La Gud åleine regjere, leve og arbeide i dykk. Då er de heilage slik Han er heilag."
  Paulus skriv  til dei kristne i Efesus og seier: Til dei heilage i Efesus - som trur på Kristus (Ef. 1,1). Dei heilage er altså dei som trur på Kristus. Det same ser me i 1. Kor. 1,2. Der kallar han dei kristne "de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla". Og me veit at dei kristne der ikkje var fullkomne i livet. Likevel var dei heilage. Og løyndomen til det finn me i 1. Kor. 1, 30: Kristus Jesus .. har vorte vår helging.
  Jesus død og forsoning gjorde oss  heilage. "På grunn av denne viljen er vi helga ved at Jesu Kristi lekam vart ofra ein gong for alle", og "med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne" (Hebr. 10, 10. 14). "Hva Jesus har meg givet, gjør meg for Gud så kjær." Det er han som er vår helging, og me har ikkje ære av det. Det er oppfylling av hans bøn: "Eg helgar meg for dei, so dei og skal vera helga i sanning" (Joh. 17, 19 NO-38). Denne bøna er oppfylt. Me er fullstendig frelst i Jesus og "lik" Gud i denne meining.

2. Me vert oppmoda til å leve heilag.
  Den objektive helging er berre synleg for Gud. Våre naboar og arbeidskameratar legg ikkje merke til det. Dei ser kvardagslivet vårt. Det er om dette den gamle klokkarbøna vart beden kvar sundag: Å forbetra meg kvar dag i eit heilag liv. Og det er dette Peter skriv om i v. 13f.
  Om dette skal me seia to ting nå:
  a) Me vert aldri ferdig med det. Det er ein prosess som varer livet ut. Eg må stadig  vidare i dette. Slik heilag tyder å vere utskild og innvigd, vil kristenlivet alltid vere prega av å skilja lag med det verdslege og ei ny innviing til Gud. Det verdslege er ei gift for kristne som lett tek livet av oss.
  Denne sida ved helginga er då å "bli betre" i det ytre. Me blir aldri betre eller gode nok i høve til frelsa. Den er og blir av nåde for Kristi skuld. Men vårt ytre liv kan bli betre. Her må me leggja av syndige vanar og feil som øydelegg for oss sjølve og for andre. Det gamle menneske, "kjøtet", skal leggjast av og døy, og me skal kle oss i det nye, seier ordet. Ef. 4, 22. 24; Kol. 3, 5-8.12. Det tyder å leva etter Guds vilje og la vår eigen vilje døy. Dette har me for lite av i vår tid. Mange deggar for mykje med sin eigen vilje og lyst.
  Og dette er summen av Peter sine ord: De skal vere heilage, v. 16. Blir me nokon gong ferdige med det? I Hebr. 12, 14 er skrive: "Streva etter helging". Utan denne kampen vil gudslivet døy. Her skal me altså lære oss å vere nøye i pengesaker, med orda våre og vreiden. Tida vår er Guds eigedom, det er kjenslene våre og alt me elles eig. Peter nyttar fleire ord her:
  1) Spenn beltet om livet, v. 13. Dei nytta lange, vide kjortlar på den tida, og dei kunne hindra ein rask gang eller arbeidet. Difor måtte dei binda kjortelen opp med beltet. Jfr. Ef. 6, 14. Slik skal ein kristen alltid vere rede til å gå for Jesus og vere i teneste for han. Kanskje ville me heller sagt det slik: brett opp armane og ta fatt. Denne formaninga viser til sinnet, om å vere budde i tanke og hug. Det tyder at vår tanke og hjarte ikkje må vere bunde eller påverka av denne verda.
  Luther har ei anna forklaring av dette ordet. Han seier at kjelda for avkomet (barna) er livet ("lenda"), og difor talar ordet om reinleik. Slik ei jomfru er fysisk rein og skuldfri, er sjela åndeleg rein ved trua. Ved den vert ho Kristi brud. Men hvis ein fell frå i falsk lære, vert ein øydelagd. Difor vert avgudsdyrking av vantro kalla hor i Bibelen.
  2) Dinest talar ordet å vere vakne (NO-85) eller edrue (NO-38). Å vere edru tyder å ikkje drikke vin eller alkohol. Så sant som det er, viser vel også dette ordet til vårt sinn og tanke. Men det er eit godt bilete: alkohol tek bort kontrollen over oss. Ein full mann kan gjera dumme ting han seinare tregar sårt på. Han hadde ikkje evne til å sjå konsekvensane av det han gjorde og let seg riva med av eigne og andre sine idear.
  Åndeleg edru er den som har kontroll over syndelystene og ikkje let impulsar styra livet. Han er korkje i religiøs ekstase eller moralsk uansvarleg. Han vaker over sitt eige liv. Å vere edru og vake er to sider ved same sak. "Den som er rett edru og våken, som uforstyrret og uanfektet av denne verdens ting, er stille for Gud og med samlet sinn, kaster av kjødets treghet og river seg løs fra sin egen ånds innbilning, og vender alle sitt sinns krefter til den himmelske arven, sitt tros mål som er sjelens frelse" (W. F. Besser).
  3) Vidare skulle me setja vår von til den nåden me får når Kristus kjem att. Han meiner at dei ikkje må bli trøytte og gje opp når prøvingane kjem. Og dei måtte ikkje missa vona som evangeliet gjev, men halde fast ved vona om endeleg frelse så lenge dei er på jord. Ei bibelsk von er noko meir enn eit ynskje eller ein draum om å nå fram.
  Alle desse tre formaningane skal verka samstundes: Me både spenn beltet om livet, er vakne og edrue og held vona levande.  
  4) Ei fjerde formaning fylgjer nå: me skal vere lydige born, v. 14. Og her er me kanskje inne i kjernen av den praktiske, kvardagslege helginga. Som ufrelste var me ulydige og vantruande. Som kristne er me fødde på nytt inn i Guds familie og har fått Gud til Far med hans natur (2. Pet, 1, 4). Av det fylgjer at det skulle vere naturleg for oss å lyde vår himmelske Far. Born kan vere ulydige og vrange, det er heller ikkje ukjent for Guds born. Difor kjem ei oppmoding her som seier: De er faktisk lydige born, avdi trua er lydnad, som Luther understrekar. Men då er det viktig, seier Peter, at de ikkje lenger fylgjer dei syndige lystene slik som før. Meininga er den same som i Rom. 12, 1-2: Skikka dykk ikkje lik denne verda. Det er ikkje dei verdslege som skal setje standarden for Guds born. Det skal Bibelen og Guds vilje gjera.
  Me legg merke til at dei sterke orda om helging kjem umiddelbart etter talen til lydige born. Denne sida ved helginga er lydnad mot Gud og hans vilje. Så skarpt må me seia det. Den som altså foraktar formaninga til eit nytt liv, kan ikkje leva i helginga.
  5) Ein ting til nemner Peter: Ferdast i age for Gud den tid de er her som framande, v. 17. Dette kjem rett etter orda om helging. Den som har rett age for Gud, vil vere lydig. Misser me agen for Gud, lukkar han oss ute frå sitt rike og arven. Ef. 5, 5. 2. Kor. 5, 10. Gud dømer utan å ta omsyn til menneske. Gud er upartisk og 100 % rettferdig.

  Mest heile resten av brevet er nå ei vidare forklaring på det heilage livet, til kap. 5, 11. Peter talar om korleis me må leggja av synda og leva eit rett liv både i samfunnet og i heimen og mellom dei kristne. Vår sorg som kristne er at det lukkast så syrgjeleg lite. Me har så mange svikt i kvardagskristendomen vår.

3. Ei endeleg helging i himmelen.
  Når Jesus Kristus openberrar seg, skriv Peter i v. 13. Då vil mange ting henda. I denne samanhang skal me berre peika på temaet helging.
  For Guds åsyn er me fullkomne, for oss sjølv og andre menneske er det ei skjult helging. Og den er det ikkje brist ved. I vårt kvardagsliv eig me derimot ei heller skrøpeleg helging full av brist. Det er vår erfaring som me berre må vedgå.
  Når Jesus kjem att og me skal til himmelen, skjer derimot noko. Då vil den fullkomne himmelske helginga bli vår erfaring! Me vert også fullkomne i gjerning og kvardagsliv. Det veit me m. a. av ordet i 1. Joh. 3, 2: "Vi veit at når han openberrar seg, skal vi verta han like, for vi skal sjå han som han er." Då opplever me frelsa si fylde og får svaret på alt. Her er mange uløyste gåter i livet, og me ventar på mange svar.
  Dette hadde W. A. Wexels sett inn i då han skreiv:
            Tenk når engang jeg uten synd skal leve,
            hver tanke ren, hver gjerning uten brist,
            når aldri jeg behøver mer å beve
            for muligheten av en syndig lyst.



IV. Kristus er vår FORLØYSING.

  Dette tyder forløysing er utfriing fra alt i denne verden som ikke er av Gud. Berre Kristus er i stand til å fria oss ut frå det vonde.
  Forløysing har vore tolka på to måtar, og det kan slik tyda to ting:
  A. Jesu død som kjøpte oss fri frå synda (Matthew Henry; F. W. Farrar i The Pulpit Comm.; Leon Morris).

  B. Jesu atterkome som den endelege og fullstendige utfriing (S. Odland; J. Massie i The Century Bible; A.R.Fausset).

  Erl. Danbolt kombinerer begge desse syna. Det gjer og G.G.Findlay i The Expositor's NT som seier dette er det vidaste av uttrykka her.

  1. Forsoninga er forløysing. Mange bibeltolkarar ser ut til å halda på denne tydinga. Forløysing er samleordet for alt det Jesus gjorde, og her ser Paulus attende på sjølve grunnvollen for vår frelse. Det er Jesus på krossen. Der løyste han oss ut frå synda sin dom, straff og det ævelege helvete. Og han har løyst oss frå synda si makt til siger i livet.
  Calvin seier det slik: "Om nokon spør korleis Kristus har gitt oss forløysinga, svarar eg at han var sjølv prisen som vart betalt for vår forløysing".
  Og Bibelen er full av ord som seier det. Det er hovudbodskapen i Skrifta. Jesus døydde for oss for å fria oss ut frå alt vondt. Forløysinga sett på denne måten er langfredag på Golgata.
  Likevel. Ligg ikkje dette bak alt som er sagt om rettferdiggjering og helging? Me kan ikkje tala rett om nokon av dei utan å byggja på Jesu død. Me ser og at dette ordet kjem til slutt i ei logisk rekkefylgje: frå visdomen me treng for å sjå frelsa, til rettferdiggjeringa og helging som neste trinn. Det siste vert då naturleg utfriinga frå denne vonde verda ved Jesu kome.

  2. Jesu atterkome.
  I hovudsak tyder dette at me skal friast ut frå denne verda og kome heim til himmelen. Bibelen seier mange ting om dette emnet, og det viser kor viktig det er. Men emnet høyrer og til dei som kristne er mykje usamnde om. Difor skal me alltid trø varsamt i slike emne. Men emnet er stort, og det er uråd å få med alle deler her.
  Me skal likevel nemna noko viktig om Jesu kome andre gong.

  1) Bibelen seier han kjem att. Og det slår ned vår tvil på om han kjem. Det er med andre ord ikkje ei kyrkjelære eller mennesketankar. Det er ikkje ein gong eit tolkingsspørsmål. Bibelen er klår når han seier at Jesus vil koma att ein gong.
  Om ein reknar etter, finn ein Jesu atterkome omtala over 300 ganger i NT. Det syner utan tvil at dette er eit hovudemne i Skrifta. Gud vil at det skal verta forkynt. For ordet om hans atterkome har både ein vekkjande og ein helgande verknad på menneska.
  Det siste Jesus seier i Bibelen er denne lovnaden: Ja, eg kjem snart. Op. 22, 20. Og når han kjem, skal frigjera dei truande frå den vonde verda.
  Paulus skriv mykje om det, m.a. i 1. Tes. 4, 17: Me skal rykkjast opp i skyer opp i lufta for å møta Herren. Det vert altså eit møte mellom Kristus og alle dei truande, og dei som er i gravene. Det blir ein veldig dag.
  Fleire likningar av Jesus talar om dei siste tider. Dei vert nok tolka på fleire vis, men poenget er klart hjå dei fleste: Jesus kjem att, som brudgom, om natta - men til sovande kristne. Eg ser det slik at Bibelen ikkje fortel om ein vaken, levande kristenflokk i den siste tid. Han fortel om sløve kristne som liknar kyrkjelyden i Laodikea, Op. 3, 14ff.

  2) Jesu atterkome er verda si von. Han kjem for å gjera oss fri, til og med skapningen skal frigjerast. Den sukkar etter ei utløysing, Rom. 8, 19. Kor mykje meir gjeld ikkje det dei truande.
  Dei truande er forløyst ved Jesus død. Men me lever i ei vond verd, ei verd som er bunden i Satans lekkjer. Jesu atterkome tyder at me skal løysast ut or denne verda og alt som høyrer til den.
  Kva skal Jesus løysa oss ut frå?

  Verda
  a) Han skal løysa oss ut frå den vonde verda. Gal. 1, 4 seier føremålet med at han gav seg sjølv for våre synder, var å "fri oss ut frå den  noverande vonde verda". Uttrykket "han gav seg sjølv" kan tyda fleire ting. Men her må det tyda at han gjekk i døden for oss ettersom han brukar uttrykket "for våre synder". Berre døden kunne vera soning for synda.
  Føremålet var å fria oss ut frå den vonde verda.
  - Verda er vond. Ordet for verda som er nytta her, er "aiån" som tyder tidsalder. Her er ordet brukt om "tiden mellom skapelsen og verdens ende" (D.A.Frøvig). Denne tida er fylt med mykje vondt. Alle har sett litt av det, og det har truleg ikkje minka med åra. Metodane og uttrykket for det vonde kan endrast, men det vonde er like vondt nå som før. I uttrykket verda ligg og menneska. Dei er vonde. Dei er ei ytre årsak til at tida før Jesu kome er vond på grunn av alt det vonde dei gjer mot andre menneske.
  - Jesus døydde for å fria oss ut or den. Her tenkjer han på dei truande. Dei vert med i denne frigjeringa. Og den tok til med Jesu første kome og var med i Golgataverket. Men så lenge dei kristne er på jorda i denne vonde tida, er dette frigjeringsverket ikkje fullført. Den endelege utløysinga står att og fell saman med Jesu kome.
  Dei kristne har lett for å verta påverka av verda, både i tenkjemåte og levesett. Då vert me verdslege. Eit viktig kjenneteikn på den verdslege tanken er å innretta seg heilt for dette livet. Då vert me sløve som kristne og gløymer den vesentlege oppgåva: å vinna menneske for himlen. Difor skal ein kristen aldri gløyma at han er ein framand og utlending på jorda. Me skal ikkje vera her alltid.
  For ein ærleg kristen vert det ofte ein tung tanke når han merker at verda grip tak i han. Han veit han står i fare for å missa både velsigning og livet i Gud. Her vil tanken på ei utløysing frå alt dette, verka frigjerande og vera til oppmuntring. Hald ut, du vert snart fri!
  Me synest å sjå at tilstanden i verda vert verre til nærare enden med kjem. Den vert så å seia mogna fram til domen. Dette vil kulminera med Anti-Krist og den store trengsla. Då vil nok mange truande lengta bort fra denne verda, for då ser dei ope og klårt at ho er fiendsk. I vår tid er verda lumsk og lurer mange med fin tale.
  Ein gong Jesus tala om dei siste ting, sa han noko om dette. Han har tala om teikn før si kome, om trengsel og fortviling. "På jorda skal folk gripast av redsle og rådløyse når hav og brenningar brusar... For himmelkreftene skal skakast" (Luk. 21, 25f.).
  Då legg han til, med tanke på dei kristne i den siste tid: "Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar" (v. 28). Her er same ordet brukt for utløysing. Når trengsla vert stort og det er vonde tider i verda, då kan me lengta heim. Det har Jesus gjeve oss lov til.

  Lekamen.
  b) Me skal løysast ut frå ein skrøpeleg lekam. Så lenge me er her på jorda, er me bundne til lekamen vår. Bibelen kallar han ein nedringslekam.
  Me veit det alle og har sett det: Nokre menneske har ein ekstra skrøpeleg lekam. Dei er bundne til sjukeseng, mykje medisin og får ein ganske snever omgangskrins. Få kjem på vitjing og dei næraste kan verta irriterte og slitne. Unge kan sitja på gamleheim eller mellom senile. Menneskeverdet slik me vanlegvis tenkjer, er heller redusert.
  Det er umogeleg å tenkja seg inn i all den liding slike menneske har. Ofte teier dei og lir i det stille. Dei vil ikkje leggja sine sorger over på andre. Dei hadde og draumar om eit fint liv, og mykje dei ville gjera og vera med på. Så brast alle voner, kanskje i tidleg alder. Då er det ikkje lett å leva.
  Paulus seier nå at Jesus skal gjera noko med ein slik lekam. Ordet i Fil. 3, 21 må dekka alle former for sjukdom og vondt i lekamen: Jesus "skal omskapa fornedringslekamen vår og gjera han lik herlegdomslekamen sin", seier han. Her vert vår lekam stilt opp i motsetnad til Jesu fullkomne lekam. Og vår lekam har heller ingen feil i det himmelske rike.
  Det kjem ein dag som du lidande bror og søster kan sjå fram til: Jesus kjem og gjer slutt på alt det. Sume kan tru at det er ei fatig trøyst i denne tida. Men trua kan sjå og må sjå lenger. Ho ser inn i det fullkomne. Då vert alt nytt.

  Kjøtet.
  c) Jesus skal også fria oss ut frå vår gamle natur med alle dei lyster og syndige dragningar det har. Bibelen kallar det kjøtet. Og det er eit godt namn. Like nær som kjøtet er oss, like nær er det vonde i oss. Me slepp aldri fri så lenge me er her på jorda.
  Det må vera den Paulus tenkjer på i Rom. 7 når han talar om syndelova og dødens lekam, v. 23-25. Han seier han er kjøtleg og seld under synda. Han er så bunden av synda i seg at han gjer det han hatar og at han ikkje maktar å gjera det gode. Ja, synda bur i han.
  Dette er ikkje eit uomvendt menneske sin tale. Det er ein kristen i kamp mot synda og si eiga falne natur. Og det er ein større og hardare strid enn ytre fiendar og ein skrøpeleg lekam. Kjøtet må me alle strida imot.
  I Rom. 8 ser han løysinga, frigjeringa i Kristus. Og då bryt han ut i djup lengting: "Vi og sukkar med oss sjølve, medan vi lengtar etter barnekåret vårt, (som er) utløysinga av lekamen vår" (v. 23).

  Satan.
  d) Han skal løysa oss frå Djevelen og alt hans vesen. Satan angrip alle kristne før eller seinare, men han gjer det på ulik måte. Me har alle våre svake sider, og Satan angrip oss der. Han er lik ein dyktig general i krig: han set inn sine angrep der han ser fienden har eit dårleg forsvar. Og han kjem uventa, med lumske angrep og lokkar byttet til seg.
  Job er eit døme på det. Korleis kunne han tenkja at Satan ville ta alt han åtte? Det var sikkert ikkje i tanken hans. Men så slo han til.
  Slik kan han møta oss og. For Djevelen går ikring som ei brølande løve, seier Peter. Difor er det grunn til å  vere edrue og vake. Nokre gonger kler han seg som ein engel frå Gud, kjem stille og audmjuk slik at få merker det er den vonde. Då er han fårlegare enn nokon gong.
  Dette minner han og korintarane om, 2. Kor. 11, 14f. Satan skaper seg om, står det. Han har makt til å stå fram på fleire måtar og har mange slags klede.
  Igjen må me seia: Den ærlege kristne veit kor lett han kan falla og svikta. Mange har gjort det før, store, sterke Guds menn har falle for "djevelens lumske åtak" (Ef. 6, 11).
  Då kan den truande løfta blikket og sjå framover - mot utløysinga. Det vert ein god dag når alle åtak er slutt. Når djevelen ikkje lenger kan nå meg. Og han ikkje meir får bruka andre menneske til å såra og øydeleggja både namn og rykte. Då er eg heime, frelst og fri.
  Då kan me seia med endå større sanning: Det gamle er borte, sjå alt er blitt nytt.
  Det siste spørsmålet nå vert dette: Er du klar til å møta Jesus i dag? Har du gjort opp alt slik at døra inn til himmelen er open? Den opnar seg berre for dei som trur på Jesus og lever i Guds nåde.