fredag 23. oktober 2009

171) Rom. 8, 1.

Inga fordøming.

Eit vitnemål:

Rom. 8, 1.

.

Paulus skriv her: Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.

Det har alltid vore eit godt vers for meg. Og det var det første eg brukte som mitt personlege vitnemål på bedehuset heime. Då var eg 16-17 år. Seinare har eg tala og vitne om det ofte.

.

Kvifor er det så viktig?

Jo, eg kjenner meg dømd i hjarta. Eg veit at eg ikkje er perfekt, eg har mange feil og har ikkje levd slik Gud ville. Bibelen kallar det synd. Og synd fører alltid til dom. Det er ein evig dom og fortaping i helvete. Her er Bibelen klar som alltid, ingen går fri.

.

Korleis kan eg då seia frimodig: Det blir inga fordøming for meg? Det må vera ein god grunn til det. Det er ikkje noko eg har funne på sjølv.

.

Her er Bibelen også klar: Jesus Kristus har teke min dom! Han blei dømd for meg og tok straffa mi. Det hende då han hang på krossen på Golgata Langfredag. På norsk kallar me denne dagen Lang-fredag avdi den var lang for Jesus. Heile verda sine synder skulle sonast og betalast då.

Det står om dette mange stader i Bibelen. Kan eg få minna deg om nokre få:

.

Først Jesaja 53, 5: Han er såra for våre brot, knust for våre synder, straffa låg på han så me skulle ha fred, og ved hans sår har me fått lækjedom. – Det er eit sterkt bibelord. Jesus vart knust under syndebørda vår, han vart straffa med fortapinga i min plass. Det er ein grusom dom. Men Jesus døydde for at me skulle gå fri.

Så les me i Rom. 5, 6: Kristus døydde til fastsett tid for ugudelege. Og verre enn ein ugudeleg kan du ikkje bli, sa Sven Foldøen ein gong. Då døydde han for meg. Og i 2. Kor. 5, 21 står det: Jesus blei gjort til synd for oss, så me skal verta rettferdige for Gud i han. Alt dette gjorde Jesus for oss.

.

Men korleis blir dette mitt? Korleis vert eg frelst? – Det tenkte eg lenge på.

.

Då las eg i Bibelen om ein vaktmann i fengslet i Filippi. I Apg. 16, 31 står det: Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst. – Så enkelt var det. Som 15-åring gjorde eg det slik: Eg var åleine, bøygde kne og bad til Jesus: Vil du ta alle mine synder på deg og tilgje meg for alt det gale eg har gjort? Kan eg få bli ditt barn?

Og eg trur Jesus var på guterommet mitt den kvelden og tok imot meg. Nå har eg fått levde saman med Jesus i over 60 år, og eg er glad for det. Eg har ikkje vore slik eg skulle som kristen heller, men Jesus har tilgjeve meg. Då skal eg ikkje møta Gud i dommen. EG er frikjend i Jesus.

.

– Nå vil eg spørja deg:

Har du teke imot han? Det er ennå tid å ordna denne saka. Kom difor – nå!

--