fredag 30. oktober 2009

183) Rom. 1, 1-7.

183) GUDS EVANGELIUM
Rom. 1, 1-7.


Evangeliet er frå Gud og er hovudtema i heile Bibelen. Eit konsentrat av det finn me i dei første versa i Romarbrevet. Luther har kalla dette avsnittet for ”det rette hovudstykke i Det nye testamentet og det aller klåraste evangelium”.

Det inneheld hovudlæra i kristentrua og dei sanningar som er naudsynlege for å verta frelst. Og det er ikkje underleg at Øivind Andersen kalla boka si om Romarbrevet for ”Grunnsannheter til frelse”. Dei finn me i dei aller første versa i brevet. Rosenius seier at ”dette brevet er som ei kort samanfatning av alt det Gud har åpenbart for oss i sitt ord om sin vilje og sitt råd til vår frelse.”

Her finn me altså dei store lærdomar i Guds ord, alt me treng å vita for vår frelse så å seia. For her talar Paulus grundig om synd og nåde, frelse og dom. Han leier oss steg for steg gjennom store delar av dogmatikken.

Evangeliet er den gode og glade bodskapen - om at dei fortapte kan bli frelste. Bibelen er oppteken med vårt evige ve og vel. Hovudsaka er ikkje sosial tryggleik eller eit godt samfunn. Det mest vesentlege for oss er at sjela blir frelst og me kjem til himmelen når me døyr. Livet er trass alt berre ei kort tid mot den lange æva. Kor skal me vera då? Det er spørsmålet. Og her gir evangeliet svar.

Paulus var utkåra til å forkynna det, og han nytta kvar stund til visa folk evangeliet frå Gud. Det er òg vårt kall.

Kva er så evangeliet? Det må nå vera eit viktig spørsmål. Eg trur ikkje alle kjenner i vår tid har klåre tankar om det. Slik liknar me på folket i Romerriket. Og det er ikkje så rart. Innbyggarane i Rom ”var samansett av dei mest forskjelligarta” menneske (F.W.Bugge). Folk strøymde til byen frå mange land. Trass i at dei tilstreba ein felles kultur med felles språk (latin og gresk), kom det mange religionar dit. Ein meiner at dei etter kvart smelta saman til noko mange kunne ha felles, det ein kallar synkretisme. ”Og religionssynkretismen utvikla seg raskt” (Holmquist). Det fører ofte med seg at folk godtek mykje som ikkje var med i deira opphaveleg religion.

I tillegg var det mykje synd i Rom. Få år etter at brevet var skrive, tok ei sterk forfylging til av dei kristne. Keisaren stod bak. Me skjønar og at dei dreiv grov synd, m.a. homoseksualitet (kap.1). Difor må han tala sterkt om synd – både mellom heidningar og jødar.

Og nett her er mange fellestrekk med vår tid. Mange gir slepp på Folk har lett for å ta imot nye ting og meiner det er like godt som det gamle. Ein slik religiøsitet misser gjerne forståinga og det djupe innhaldet i dei grunnleggande i si tru.

Paulus såg nok dette klårt. Difor ville han gjera det klårt for folk kva kristendom eigentleg var. Då måtte han forklara evangeliet. Her vil me fylgja Paulus når han forkynner:

1. Først kallar Paulus det Guds evangelium. Det er ein bodskap frå himmelen og ikkje eit menneskeverk. Det er Guds gode bodskap, og difor har det slik verd for oss. Til Titus skriv han: Gud kan ikkje lyga, Tit. 1,2. Då kan me stola på det.

Det er farleg å blanda ein dråpe gift i eit glas saft. Alt blir då giftig og farleg. Slik går det når me blandar mennesketankar inn i Guds ord. Det vert ikkje lenger evangeliet, men ein erstatning. Lat Ordet vera Guds ord. Då er det kraftig og gir liv. Hebr. 4,12.

Me lever i ei farleg tid på denne måten nå. Her er mange som blandar sine eigne tankar og meiningar inn i Guds ord og gir det ut for å vera rett. Det blir ei forførande lære som leier folk til fortapinga. Det blir hardt å vera ein slik forkynnar på domens dag. Dette talar Paulus meir om i Galatarbrevet, om tilhøvet mellom lov og nåde, gjerningar og det frie evangelium. Olav Valen-Sendstad er ein av dei som har tala klårt om dette i sine skrifter.

Her vil me også understreka at alt er av Gud. Me kan ingen ting gjera til frelse. ”Det var nåde ifra Gud den hele vei.”

2. Dinest seier Paulus at evangeliet er forkynt i Det gamle testamente, v. 2. Gud hadde gjeve jødane lovnad om ein frelsar. Difor kom det ikkje uventa på dei då Jesus kom. Dei hadde fått det skrifteleg, og difor var det sikkert - som ein einsidig kontrakt.

Her vil Paulus svara på klagen over at evangeliet var ei ny lære, seier Rosenius. Det er eigentleg den same læra som i GT. For i dei gamle skriftene står det om Kristus og frelsa som Jesus kom med. Jesus var oppfyllinga av den lovnaden Moses og profetane kom med, heilt frå syndefallet.

Me ser difor at nokre jødar venta på Messias, som gamle Simeon i templet, Luk. 2,25. Han hadde lese i Skriftene om Israels trøyst. Nå fekk han møta han. For skriftene er heilage, inspirerte av Gud. Profetane skreiv drivne av Den heilage Ande, skriv Peter. 2. Pet. 1,21. Difor kan me stola på dei. Ordet held i liv og i død.

Emmaus-vandrarane fekk klåre ord av Jesus om dette, Luk. 24, 27.44-46. Hjarta brann i dei då ordet vart opna for dei på vegen. Og Jesus heldt bibeltime for dei og ”la ut for dei det som er skrive om han i alle Skriftene”. Ei underleg stund for redde læresveinar! Og han la til at ”det laut oppfyllast alt det som er skrive” om Jesus.

Så finn me mykje evangelium i GT, om frelsaren som skulle koma. Me skjønar nok ikkje alt. Det er for stort til det. Likevel er det sant. Og greve me djupt ned, finn me gull. Og me blir forundra over kor mykje som står i profetiane, og kor detaljerte dei er også i oppfyllinga. Gud visste alt på førehand. Difor kunne han be profetane skriva så klårt.

3. Det tredje Paulus seier, er at innhaldet er om Guds Son, v. 3-4. Evangeliet er med andre ord Jesus sjølv, men berre slik Bibelen talar om han. Det er ikkje kven som helst som kan frelsa, berre Guds Son. Luther skriv om han i den vesle katekisma: Han er ”fødd av Faderen frå æva”.

Jesus var både Gud og mann. Etter kjøtet var han jøde, av Davids ætt og med det av Juda stamme. Paulus vil visa at han var eit verkeleg menneske, fødd inn i slekta og med det ein del av vår slekt.

Og det er lett å akseptera at han var menneske. Det kan alle. Og det er populært i vår tid. Han var ein fin mann, hjelpte folk og kom med ei fin lære. Men slik kunne han ikkje berga oss frå synda. Då måtte han vera noko meir.

Difor var han Gud. Her skriv Paulus eit sterkt ord: ”Etter heilagdoms Ande er han godtgjord å vera Guds veldige Son ved oppstoda frå dei døde”. Han var Guds Son heile tida, også medan han var her på jorda. Men påskemorgon vart det ”prova” (omsetj. 1938) eller stadfesta. Det er og omsett med innsett som Guds mektige Son (NO-78). Rosenius skriv om dette: ”Bevist kjem av ordet grense og tyder at det er bestemt avgjort, bekrefta, stadfesta, at Jesus er Guds Son.” Oppstoda var jo ei guddommeleg handling, så stadfestinga er sterk.

Som Gud i menneskeskapnad gjekk han i døden for vår skuld. Han tok på seg vår synd og evige dom og vart vår forsonar. han døydde for oss medan me var syndarar, kap. 5,8. Me vart forlikte med Gud i Kristus. Det som var umogeleg for oss, det gjorde Gud då Kristus kom og fordømde synda i kjøtet, kap. 8,3. Gud sparde ikkje sin eigen son, men gav han for oss alle, kap. 8,32.

Berre som Guds Son kunne han gjera dette. Og det er kjernen i evangeliet.
Difor er det inga fordøming for dei som er i Kristus.
Me er kjøpte fri. ”Vi den kjøpte frihet eier.”

Difor kunne Filip berre forkynna Kristus i Samaria, Ap.gj. 8,5. Han visste at det var nok til frelse. Og difor må folk høyra om han, og koma til tru på han.

4. Det siste me nemner her er difor dette: Me skal verka lydnad i tru mellom alle heidningfolka, v. 5. Paulus har fått nåde – det er frelsa først og fremst. Men alt er nåde, også gjerninga som apostel. Det er forkynninga, arbeidet i Guds rike og misjonen. Paulus tek det med heilt frå byrjinga av brevet. Det høyrer med til evangeliet. For det er universelt. Folk skal ikkje berre høyra om Jesus som ei historie eller lære. Sjølve kunnskapen kan ikkje frelsa nokon. Evangeliet og vår teneste skal verka med til ”at troens lydighet skal bli skapt blant alle folkeslag” (Bibelen Guds ord). Kvar einskild må bøya seg for Gud, sanne sine synder og ta imot frelsa i Jesus. Og alt er av nåde. Berre dei blir frelste inn i himmelen. Han talar ikkje om lydnad mot ei lov, bod eller plikter. Lydnad her tyder å ta imot Jesus som sin Frelsar. Det er å tru. Og det gjeld alle heidningar.

Tenk det står: alle folk. Det er den verdsvide misjonen. Ja, i sanning: Verda for Kristus! Her er ingen grenser eller unnatak. Me kort tid att. me veit ikkje kva tid den siste er vunnen for Kristus. Men framleis står me i skuld: både vise og uvise må få høyra Guds evangelium før det er for seint (v. 14).

Kjære deg. Har du teke mot ordet om krossen? Er Jesus di einaste von om frelse? Du kan koma nett nå. Tru på Jesus og du skal bli frelst.

Og dette: Er du oppteken i tenesta? Er du med som sjelevinnar for Gud? Nå leitar han etter nye medarbeidarar i sitt rike. Du skal ikkje tala om deg sjølv eller arbeida for å bli æra av menneske. Du er beden om å vitna om Jesus, fortelja at han kan berga den verste. Vil du vera viljug slik Paulus var det? v. 15.

”Til ære for hans namn,” står det. Tenk det: Den allmektige Gud og Frelsaren for verda blir æra når ein syndar bøyer seg og ber om nåde. Det er ikkje nok å seia det med leppene våre at me ærar Gud. Når me menneske bøyer oss for Han, blir Han herleggjord og opphøgd. Det er aldri me som skal ha ære. Her gjer me ofte feil som kristne. Me må aldri rana æra frå Jesus. Det er aldri på grunn av noko i oss han gjer det. Berre for hans eiga skuld. Jfr. 1 Joh 4,10.
.