søndag 25. oktober 2009

174) Rom. 5, 6-8.

Korleis me og Gud er.

Rom. 5, 6-8.

.

Våre tankar om oss sjølve og andre sine tankar om oss stemmer ikkje alltid. Det er endå meir sant om våre tankar om Gud. Dei er ikkje alltid rette. Og Gud sine tankar om oss er nok svært ulike våre eigne. Dette er døme på kor feil me kan ta i svært viktige ting.

.

Skal me få rette tankar om alt dette og mykje meir, må me henta dei fra Bibelen. Det er nokre av desse tankane me får i dette skriftavsnittet. Vågar me å sjå det Gud seier om oss? Det kan godt henda at me vert skuffa og kanskje sinna. Eg har i alle høve opplevd at folk har reagert på Guds ord slik. Lat oss sjå litt på kva Gud seier:

.

A. Me er skrøpelege, syndarar og fiendar av Gud.

På nynorsk brukar ein ordet vesaldom og hjelpeløyse. Alt dette er gode og treffande uttrykk om oss. Det er ikkje berre slik at det fins synd i verda og at me teoretisk er syndarar, som om det kan liknast med at me er nordmenn, kvite eller liknande. Nei, synda er nok omeir enn ein tittel. Synda gjorde noko med oss, den øydela oss i høve til Gud. Det førte m.m. til dette:

.

1. Gjerningane er vonde.

Me kan ikkje gjera noko utan at det ligg noko ureint og vondt ved det. Det tyder ikkje at me berre gjer vondt mot menneska, men i høve til Gud er det slik. Og han ser jo meir enn den ytre handlinga. Han ser grunnen til at meg jer noko, og motivet for kvar liten ting. Dei er ofte skjult for oss. Dette er tydinga av Rom. 3, 12: Det finst ingen som gjer godt. Det var også Jesu meining i Mat. 7, 11 til læresveinane: Når de som er vonde….

.

2. Synda nådde orda og tanken.

Synda ligg med andre ord inni oss. Det er ikkje det ytre som tel når me talar om synd. Det er berre utslaga og frukta av synda i oss. Me skal difor ikkje berre sjå på dei ytre gjerningane, når me tenkjer på synda. Me har den i oss. Det viser at me er syndige tvers igjennom. Ikkje berre skalet er syndesmitta, men sjølve kjernen.

.

Jesus sa eit alvorlige ord om dette i Mat. 15, 18ff: ”Det som går ut or munnen, det kjem frå hjarta, og det er det som gjer mennesket ureint. For frå hjarta kjem vonde tankar, mord, hor, utukt, tjuveri, falskt vitnemål, spott. Slikt er det som gjer mennesket urent.”

.

Synda bur i oss, men den gjer seg utslag i ulike handlingar og viser seg på ulik vis. Det heng saman med ulike freistingar og miljø. Men me er like ureint sjølv om me ikkje viser det. For ho er på innsida.

.

3. Vår natur er forderva.

Når synda er i vårt indre og bur i oss, er det av di vår natur er smitta og øydelagd. Sjølve materien er syndige. Me er øydelagde i høve til Gud sjølv om mange kan vera fine og gode menneske på utsida. Og ei fylgje av at vår natur er syndige, er at me kan ikkje frelsa oss sjølve. Me kan ikkje ein gong hjelpa til med det.

.

Det ser me i Kap. 3 i dette brevet. Der reknar Paulus opp ei rekkje negative sider ved oss. ”Vi har då alt klaga både jøder og grekarar for at dei alle er under synd”. Når han skal forklara dette meir detaljert, seier han: Ingen er rettferdig for Gud, ingen er vitug, ingen søkjer Gud. Alle har vike av (frå den rette vegen), alle er duglause, ikkje ein einaste gjer det gode. Det gjeld strupen og tunga og leppene og føtene. Synda snik seg inn alle stader med øydeleggjing og elende, dei kjenner ikkje ein gong freds veg og er utan otte for Gud. V. 9-18. Det er som om han vil seia: Det finst ikkje eit lem eller ein del av livet vårt der synda ikkje rår.

.

4. Difor kan me ikkje halda Guds lov.

Det er umogleg for eit menneske å gjera Guds vilje, sjølv om me altså ville gjera det. Synda har teke frå oss evna til å leva rett etter Guds lov. I kap. 8, 3 skriv apostelen: Det som var umogleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av kjøtet. Der kjem det att: Me er maktlause i alt det gode. I vers 7 kjem det att: ”Det kjøtet trår etter, er fiendskap mot Gud, for det er ikkje lydig mot Guds lov, kan heller ikkje vera det. For dei som er i kjøtet, kan ikkje vera til hugnad for Gud.”

.

Det er domen over oss, slik me er etter natura, dvs. før Gud har frelst oss.

.

5. Alt er vondt.

Summen av alt er at alt er vondt i oss. Slik ser Gud det falne menneske. Hans augo ser rett. Difor stod det i vers 12: Det finst ikkje nokon som gjer det gode, ikkje ein einaste. Og gjer me ikkje det gode, då gjer me berre det vonde. Den gamle profeten Jesaja såg rett då han skreiv i kap. 1, 6: ”Frå hovud til hæl finst ingeting heilt.” Det er konklusjonen.

.

Lekpredikanten hadde og sett noko inn i det når han skriv:

.

O min frelser så kjær,

hvor elendig jeg er

med et hjerte fordervet av synd!

Ifra hode til fot,

hjertets innerste rot.

kun en eneste masse av synd.

.

Me er altså skrøpelege, kraftlause i vilje, forstand, bøn og tru. Heile vårt vesen er smitta av synda. Me er difor fortapte syndarar her og nå og burde vore kasta i helvete nå. Det er vår vesaldom og ”skrøpelighet”. Det er vanskeleg å erkjenna det, men det er sjølve sanninga om oss her i verda. Og Gud vil at me skal koma til å kjenna sanninga, både om oss sjølve og om frelsa i Kristus. 1. Tim. 2, 4.

.

B. Vår von.

Då er det grunn til å spørja: Har me noka von, er det håp for oss stakkars syndarar?

.

Då er svaret: Guds kjærleik er ikkje avhengig av oss. Han elska oss ikkje av di han såg nok bra ved oss som han kunne bruka. Trass i vår verdslegdom og synd banka hjarta hans for det han skapte.

.

Tekstordet seier: Medan me ennå var skrøpelege, døydde Kristus. Han venta ikkje til verda var blitt noko betre, meir opplyst og hjelpsam. Nei, midt i vår vesaldom av alle slag, gjorde han alt for å frelsa oss. Og det skjedde til fastsett tid. Her rører me ved Guds frelsesplan. Heilt frå æva hadde han planlagt alt og såg korleis det gjekk. Difor valde han oss ut i Kristus og sa: Den som tek imot Kristus, skal verta frelst. Ef. 1, 4; Joh 1, 12. Difor er frelsa så sikker, ho er evig.

.

Paulus brukar ei samanlikning og seier i v. 7: Knapt nok ville nokon gå i døden for ein rettferdig – endå ein kvan nok kunne vera villig til å døy for ein som er god. Det har faktisk hendt, i forsvarskrig og redningsaksjonar kan folk gjera sitt ytste for å berga nokon.

.

Gud viser sin kjærleik på ein annan måte, seier han: Kristus døydde for oss med me endå var syndarar. V. 8. Han døydde for dei gudlause, v. 6. Og då er alle rekna med. Du óg. Det var ikkje fromme og gode folk som levde og angra rett han ville frelsa. For dei finst ikkje. Han gjekk i døden for sine fiendar, dei som spotta og ikkje ba om nåde. Det er ikkje dei friske som treng til lækjar, men dei sjuke. Mat. 9, 12. Når han døydde for ugudlege, døydde han for alle, og verre kan du ikkje bli, sa Sven Foldøen ein gong.

.

Det er ein ufatteleg kjærleik. Jesus løyste deg frå syndegjelda slik som du er. Du treng ikkje forbetra deg på nokon måte for å koma til han. Men du må koma, ta imot, tru på han. Då er all synd tilgjeven. Du er fri. Og då vil han skapa ein ny vilje og lyst i deg, slik at du ynskjer å vera god og gjera hans vilje. Men det er ikkje frelsesgrunnen, det er frukt.

.

Ja, ditt ord sier så,

at jeg nåde skal få,

at du ikke min synd minnes mer.

Ditt velsignede blod

gir meg nåde og mot

til å tro at min brudgom du er.

.