fredag 30. oktober 2009

181) Rom. 1, 8-13.

.
SLIK VERKAR EVANGELIET.
Rom. 1,8-13.

I dette avsnittet ser me litt inn i Paulus sitt indre liv, korleis han kjenner det og er som kristen. Slik er også eit rett menighetsliv, anten det er i ei frikyrkje eller eit bedehus. Me fekk det i den nye fødselen slik Paulus gjorde det. Det er lærerikt å sjå korleis Bibelens menn og kvinner hadde det. For slik er verknaden av evangeliet til alle tider. Her kan me prøva oss.

1) Først ser me korleis han takkar Gud, v. 8. I mest alle breva tek Paulus til slik. Han har noko å takka for. Berre to brev er utan dette ordet, Galatarbrevet der vranglæra rådde, og i Titus brev.

Me fekk så mykje. Alt er av Gud. Og mest takkar me for frelsa. Det er det rette sinn hjå ein kristen. Luther sa at det å vera utakksam er den største synda. Verda har krav og kritikk og sut, t.d. i kap. 1,21. Men Paulus sitt sinn var fylt av takketonar. Gud vere takk for si usigelege gåve, seier han i 2. Kor. 9,15. Og i 1.Kor. 15,57 skriv han: Gud vere takk som gir oss siger. Til den unge Timoteus seier han: Eg takkar han som gjorde meg sterk. 1.Tim.1,12.

Her i Rom.1,8 takkar han for dei kristne. Han har høyrt om dei kristne i Rom: ”I heile verda vert det tala om trua dykkar.” Det tyder altså at folk snakkar om dei kristne, om oss. Og kva seier dei då? Kva blir drøfte kring i verdslege heimar der eg bur – og du? Kan dei seia at me er sanne kristne, sjølv om dei ikkje er samde med oss?

Det var ikr. 1 mill. menneske i Rom på denne tida. Likevel var dei kristne kjent av folk. Ein liten flokk viste att i folkehavet. Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje skjulast, sa Jesus.

Har dei lagt merke til vårt viktigaste vitnemål: ”Takk at du bar mine synder , betalte mi skyhøge skuld.”

2. Dinest: Paulus talar om bøn, 9-10. Han er sjølv i bøn. Det er ein verknad av evangeliet. Og det er pulsslaget hjå ein kristen. Paulus var ein farisear og hadde bedd mykje før. Men først i Apg. 9,10 står det: Sjå, han ber. Det var då han vart omvendt til Gud. Før hadde det berre vore ord, når var det hjarterop.

Pontoppidan skriv til sp. 550: Bø er å tala einfaldig med Gud i sitt hjarta. Det er ein direkte kommunikasjon mellom syndaren og Gud. Om Daniel står det at han tre gonger dagleg vende seg til Gud i bøn – slik han hadde gjort før. Ingen ting kunne stansa han der. Eit par ting må me seia om bøn nå:

a) Først er det nåde. Alt er nåde i Guds rike, det er også bøna. Me får lov å be og leggja alt fram for Gud. Det er godt. Her får me tilgjeving dagleg for feil og synder me gjer. Her er hjelp til nytt liv når alt går i stykker. ”Veien oppad er fri,” heiter det i ein song. For Gud har tid for deg og dine problem og spørsmål.

b) Men bøn er også eit ansvar, det er ei av våre oppgåver som Guds folk. Det er forsyningslinene til fronten. Bøn er ei teneste og eit arbeid. Paulus seier: ”Gud sjølv, som eg tener i mi ånd… , han er mitt vitne på korleis eg stadig kjem dykk i hug i bønene mine,” v. 9. han bed for dei truande, også for dei som han ikkje ennå har sett.

I v. 10 bed han faktisk om ein praktisk ting for seg sjølv: ”Eg bed om at det endeleg ein gong må lukkast for meg.” Han ville gjerne møta dei, men det måtte vera etter Guds vilje. Det var lagt inn i bøna hans. Det ser ut til at han hadde planlagt å reisa til Rom i lengre tid. Nå bad han at det måtte skje. Slik kan me og bruka bøna i vårt liv. Jfr. v. 14-15.

Epafras var ein av dei som arbeidde i bøn. Han strir alltid for dykk, skriv han. Kol. 4,12. Og til ein kristenflokk skriv han: Be utan opphald. 1. Tes. 5,17. Og til romarane skriv han seinare i brevet: Ver uthaldande i bøna, 12,12.

Han visste at Satan ville hindra vårt bøneliv og riva ned vårt lønkammer. Han veit at hans rike er i fare når me brukar tid til bøn. Det er fortalt om ein misjonsstasjon i Afrika. Dei hadde ei hyta i utkanten av området der alle kunne gå og be. Mange gjorde det og stien vart trakka opp i graset. Dei kalla han bønestien. Misjonæren måtte reisa heim på ferie. Etter eit år kom han att, og det første han såg var at bønestien var attgrodd. Ikkje underleg at han då møtte ein splitta kristenflokk. – Eg var i ei kyrkje i Bejing. Før møtet sat folk i benkene og bad. Då møtet var slutt, stod folk i små klynger og bad saman. Det var viktig for dei.

3. Paulus lengta etter andre truande, v. 11. Det er det heilage samfunnet. Guds folk vil og må vera saman. Det er styrke og hjelp på vegen heim. Utan dette blir kristenlivet ofte sjukt og skrøpeleg.
.