fredag 2. oktober 2009

149) 1. Kor 7, 17-24

Ein kristen sitt liv.

1. Kor 7, 17-24.

.

Kva er vår lodd og del i livet? Somme kallar det også ”skjebne”. Kvifor lever me eigentleg her i vera? Det er mange meiningar om det, og ein god del framlegg kjem fram. For nokre er livet familien, barnebarn når dei kjem i eldre år. Somme vil leva rett og slett av di livet er godt, særleg dei på solsida tenkjer gjerne slik.

.

For andre er livet ingen ting. Dei ser inga meining i å leva lenger og gjer sjølv slutt på livet. Dei synest det berre er liding og krav og arbeid og ugreie med vener og slekt. Kvifor skal ein vera her då? Dei vel å gå inn i det store mørke som dei ikkje veit kva er, men som somme trur er ei evig utsletting eller ein slags djupt søvn. Så innbillar somme seg at dette i alle høve er godt og betre enn jordelivet.

.

Er det slik?

.

Frå ein kristen synsstad og Bibelen er det noko som står fast. Det vil me ta fram her, og filososfera for mykje over spørsmålet. Kva nytte er det i det?

.

1. Gud kallar.

Alle slags menneske er med i Guds plan, og difor kallar han alle, v. 17. Kvar og ein vert kalla, slik han er. Herren har gjeve kvar av oss ein del av sine rike gåver. Her er og vår lekam med og den utrustning kvar av oss har. Det er alt gåver frå Gud.

.

Me er svært ulike som menneske. Ingen har t. d. like fingeravtrykk, difor kan politiet bruka det til identifisering. Gud meinte noko med alt det han gav oss. I nyare tid er det oppdaga ein annan ting som skil alle menneske frå kvarandre, det er DNA-profilen, som er ennå sikrare og som prov på kven me er.

.

Likevel – Guds frelse gjeld alle, og Gud vil ha tak i alle. Paulus skriv det tydeleg til Timoteus: Gud vil at alle menneske skal verta frelste. 1. Tim. 2, 4. – ”Ikke en så ussel er, at ei Jesus har ham kjær.”

.

2. Religiøse ordningar, v. 18-19.

Ned gjennom tidene har det vore mange slags ordningar innan kyrkja og religiøst liv. Til tider har somme lagt svært stor vekt på dei og gjort dei til eit ”must” for å bli frelst. Det var naudsynleg å fylgja slike reglar for å vera ein sann kristen. Ennå kan det vera grupper som krev slikt.

.

Omskjæringa var eit jødisk ritual, som hadde mykje å seia i den gamle pakta. Det var eit pakts-teikn på å vera med i Guds folk Israel. Men det skal ikkje nyttast i den nye pakta med Jesus. Her gjeld hjartelivet og Guds ord.

.

Bibelen gjer det klårt at ingen ytre krav kan stillast som vilkår for kristendom. Møter me slike krav, kanskje skjult, skal me ta det som eit varsel om at der bygger dei på visse ”lovkrav”. Det gjer Bibelen aldri. Der gjeld berre trua, verksam i eit nytt liv med Jesus.

.

(Her må me gjera det klårt at dei bibelske ord om kristenlivet gjeld i dag som før. Men livet er ikkje eit krav før me trur, men ei frukt av trua. I det er det ein stor skilnad.)

.

3. Menneskelege ordningar.

Heller ikkje reglar gjevne av menneske skal vera med i frelsesspørsmålet. I Guds rike er dei utelukka. Her kjem slavespørsmålet inn.

.

Slavane kan bli frelste. Det var og er ei umenneskeleg ordning å halda folk fanga som slavar og driva dei til hardt arbeid. Ein slave kunne gjera det han makta for å bli fri, slik me har lese om frå Amerika. Boka ”Onkel Toms hytte” er eit vakkert døme på det.

.

Poenget for Paulus er her truleg å seia: Lat ikkje det ytre få hindra deg i å tru på Gud. Uansett korleis tilhøva er for eit menneske, kan det ropa til Gud og bli frelst. Men ei anna side peikar apostelen på her: Dei truande er kjøpte fri av Jesus Kristus og dermed blitt hans eigedom og tenar og slave. Me er fri får all synd og dom. Men me let oss festa på nytt som Jesu arbeidar i hans rike. Det er ikkje ytre tvang, men ein indre trong.

.

Alle er like for Gud. Me som trur på han skal gjera det me kan for å leva til ære for Han. Ef. 6, 5-7; Kol. 3, 22-24.

.

4. Hovudsaka.

Hovudsaka her er at me skal vera tru der me er, i det yrke me har og i den heimen me bur. Det er eit rett og praktisk kristenliv. Sjå v. 17, 20, 24. Desse orda har sterk vekt når dei vert repeterte slik.

.

Me kan og skal gjera stillinga vår betre så langt me kan, både i økonomi og arbeidstilhøve. Men kor me så er, skal me få tena Gud trufast og ekte. Bli hjå Gud! Jfr. Joh. 15, 5-7. Lev for hans ansikt med samvitet ditt kvar dag og stund. Hugs alltid at du er Guds barn. Det er din høge stilling her i verda!

Amen.