fredag 23. oktober 2009

170) Rom. 8, 1-3.

Det gjorde Gud

Rom. 8, 1-3.
.
Det er eit stort og godt kap. Rosenius seier: Det inneheld den rikaste samling av alt det som heiter nåde, så vel nåden hjå Gud som nådens verk i oss. Og det byrjar og sluttar med den store hovudlære om nåden hjå Gud eller rettferdiggjeringa sin nåde.
.
Lat oss ta ord for ord: (vers 1)
.
1. Så er det (altså): Her kan Paulus visa både til det som er skrive før og det som nå fylgjer. Han har skrive om:
.
a) Alle er syndarar –jødar og heidningar. Slik er alle fordømde og fortapte.
.
b) Alle kan bli fri, løyste frå synda ved tru på Kristus pga av hans død.
.
c) Helgingslivet for dei kristne er også omtala.- Følgen av dette er:
.
2. Inga fordøming. Det er ei veldig sanning.
.
a) Guds dom kviler altså over nokre menn. = alvor. Nokre er evig fortapte, utelukka frå Guds nærleik og himmel, i evig pine i fortapinga der djevelen er. Det er den evige død. I prinsippet gjeld det alle menn. For alle er syndarar. Det er ingen menneskeleg veg ut frå dette.
.
b) Nokre er frikjende: for dei som er i K.J. Det er nøkkelen. Det gjeld ikkje alle, men ei spesiell gruppe. Det seier heile Bibelen. Ein smal og ein brei veg, rettferdige og ugudelege, frelste og fortapte.
.
Dei Jesus vil vedkjenna seg på den siste dag. Er me blant dei?
.
3. Kvifor er dei fri? Ei hovudsak å få vita det.
.
a) Å vera i Kristus Jesus – då er du frelst. Det betyr å vera eitt med Kristus, forena med han i tru. Uttrykket er mykje brukt i Bibelen. Gud har plassert oss ved trua i Kristus. Me er som han. Det Kristus er, det er me. Det som skjer med Kr., skjer med oss. Gud reknar med Kr. i vår plass. Hans rettferd er vår rettferd, hans liv er vårt liv, hans rettigheter er våre, hans arverett er vår. – Jesus har fri adgang til Guds Fader. Me har det ved han. Det er stort.
.
b) Kvifor kan ein fordømd syndar få denne retten? Kvifor kan eg med mine synder plasserast der? Svar kjem seinare i kap., men her viser me til kap. 5,3: Medan me ennå var skrøpelige, døydde Kr. for ugudelige. Me er skrøpelege – ugudelege – syndarar. Kr. døde for dei, då døde han også for meg. Då Kr. døde, kjøpte han oss retten til frelse og fridom. Det er den einaste grunnen til frelse.
.
Forklaringa på v. 1 kjem nå, v. 2: Kvifor er eg fri dommen?
.
4. Eg er frigjort, v. 2. Her er det ikkje meint ei oppleving eller følelse av fridom. Her er det likt det å bli ein kristen, bli omvend og frelst, fødd på ny, få del i Guds rike. Paulus talar om overgangen frå død til åndeleg liv.
.
5. Frå synda og døden sin lov. Ordet ”lov” er her brukt om ”lovmessighet” eller prinsippet lov. Noko vil med nødvendighet skje, det er lovmessighet. Synda er ei ”lov”, for den tvingar oss til å synda meir. Synda er ei makt i oss som fører oss bort frå Guds vilje. Og synda fører oss med makt inn i døden. Dødens lov er både den åndelige død der me alt nå er skilde frå Gud, og den evige død der me for alltid er borte frå Gud. Alle menneske er lagde under denne ”lova”. Og ingen kan fri seg sjølv frå den. Frelsa i Kr. er å bli frigjort frå dette, løyst frå det uunngåelege.
.
6. Ved Livets Ånds lov (lova åt Livsens Ande). Det er evangeliet. Ordet om Jesus har ei slik makt, det kan løysa syndaren frå synda og føra oss attende til Gud, både her i livet og i æva. Det blir ei ny makt i dei truande, ein ny ”lovmessighet”. Og det er livet.
.
Vers 3: Ei vidare forklaring på kvifor denne frigjeringa kan skje.
.
Ros. seier at dette verset kan samanliknast med Joh.3,16. Det inneheld den store hovudlære om det Gud har gjort for å frelsa menn. Difor er det ein av dei viktigaste tekstane i Bibelen. Ingen ting er så viktig: å bli frelst frå synda. Alt anna er uvesentleg. Luther seier det burde skrivast med gullbokstavar, om mulig i hjarta, og vera kvar kristen sin daglege lesnad. Det inneheld alt det ein syndar treng til fullkomen trøyst og fred.
.
Kva seier Paulus her om dette?
.
1) Lova kan ikkje frelsa. ”Det som var umogeleg …” Lova er her Guds lov, Moselova. Den er heilag og god, og kan hjelpa oss noko, særleg dei viljesterke menn. Ei lov kan vera til hjelp i samfunnet. I den siste tid skal det vera lovlause tider – som noko negativt. Men: noko er og var umogeleg! Nemleg det Gud måtte gjera i Kristus! Lova er vårt eige verk, det me kan få til. Men det rekk aldri til frelse. For oss er det umogeleg å bli frelst ved eiga hjelp, sjølv om me har dei beste hjelpemidler. Det tyder: Ingen og ingenting kan hjelpa oss til frelse av det jordiske. Lova kan fortelja kva me bør gjera og skulle gjera, men den gir aldri kraft til å utføra det. Å stola på lova er å stola på seg sjølv, til fortaping.
.
2) Lova var maktlaus pga kjøtet. Det er ikkje lova sin feil, eller Guds. Feilen ligg i oss sjølve. Kjøtet er vår gamle, falne natur – det me er i oss sjølve, våre resursar. Den har me alltid på denne jord. – Den er maktlaus, veik eller svak – pga vår natur. Kjøtet er øydelagt av synda. – Synda er så sterk og voldsom, at endåtil Guds lov er ubrukeleg! (Snekkeren og bordet.) Om han er flink og dyktig, hjelper det ikkje. Slik maktar me ingen ting til frelse. Me kan gråta, kjempa mot synda, be mykje, ofra til Guds sak og gjera vårt aller beste – så langt me greier det; men me blir ikkje frelste slik. Gode forsetter er nyttelause. Du høyrer lova sine trusler, blir fortvila, og ser berre Guds dom over deg – til evig død. – Og her vil Gud ha oss, få oss til å kapitulera og så ropa og be om nåde. Nokre opplever dette sterkare enn andre, men det same skjer i alle som blir fødde på nytt: Me må gi opp over overgi oss til Gud.
.
3) Det gjorde Gud. Nå ser du Guds gjerning. Han har ordna frelsa nett for dei som må gi opp. Heile frelsa er Guds verk. 2. Kor. 5,18: Alt dette er av Gud. 1. Kor. 1,30: Det er hans verk. Difor får Han all ære.
.
Korleis gjorde han dette store verk? V. 3b seier det. Ros. skriv om det: Her ser me høgda og djupna i den guddommelege kjærleiken. 1. Joh. 4,9. Heile evangeliet ligg her. Frelsa er heilt Guds verk, etter Guds plan og på hans måte.
.
a) Gud sende sin Son – inkarnasjonen: Gud blei menneske, men utan synd (likning). Han er både Gud og mann – det var eit under som skjedde julenatt.
.
b) Jesus var Guds utsending, med eit mandat, eit oppdrag Mat. 26,39: som du vil.
.
c) For synda si skuld – difor kom han. Ikkje som lærar, gjera under, visa oss Guds kjærleik, hjelpa oss å leva betre! Han skulle ordna opp med synda, det er hovudsaka i kristendom.
.
d) Fordømde synda i kjøtet. Det er påske, korset, forsoninga. Den dom som låg på oss og som me burde tatt, den tok Jesus på seg. Og det var fordøminga i fortapinga til evig tid. Noko mindre ventar ikkje menneska. Jesus vart gjort til synd, han vart ei forbanning, det behaga Gud å knusa han… Mange slike sterke ord finn me om Jesu gjerning og død.

.
Difor blir det sterkt når v. 1 seier: Det finst inga fordøming. Domen er jo allerede eksekvert, straffa er sona, gjelda er betalt – og den skal ikkje betalast fleire gonger.
.
Det tyder at eg er fri. Alle Guds ”krav” er nå oppfylde i oss truande, v. 4. Framfor Gud er me slik Gud vil ha oss, for me er kledde i Kristi rettferd. Noko større og betre kan me ikkje få.
.
Når me veit og trur det, kan me vera visse på at ingen ting skal kunna skilja oss frå Kristus, v. 38. Ja, me kan jubla: me vinn meir enn siger, v. 37. For Gud har bevist at han er på vår sida, ved å ikkje spara noko, heller ikkje Sonen, for å frelsa oss, v. 32.