fredag 2. oktober 2009

156) 1. Kor. 1, 29-31 D.

.

IV. Kristus er vår FORLØYSING.

1. Kor. 1, 30.

Dette tyder forløysing er utfriing fra alt i denne verden som ikke er av Gud. Berre Kristus er i stand til å fria oss ut frå det vonde.

Forløysing har vore tolka på to måtar, og det kan slik tyda to ting:

A. Jesu død som kjøpte oss fri frå synda (Matthew Henry; F. W. Farrar i The Pulpit Comm.; Leon Morris).

B. Jesu atterkome som den endelege og fullstendige utfriing (S. Odland; J. Massie i The Century Bible; A.R.Fausset).

Erl. Danbolt kombinerer begge desse syna. Det gjer og G.G.Findlay i The Expositor's NT som seier dette er det vidaste av uttrykka her.

1. Forsoninga er forløysing. Mange bibeltolkarar ser ut til å halda på denne tydinga. Forløysing er samleordet for alt det Jesus gjorde, og her ser Paulus attende på sjølve grunnvollen for vår frelse. Det er Jesus på krossen. Der løyste han oss ut frå synda sin dom, straff og det ævelege helvete. Og han har løyst oss frå synda si makt til siger i livet.

Calvin seier det slik: "Om nokon spør korleis Kristus har gitt oss forløysinga, svarar eg at han var sjølv prisen som vart betalt for vår forløysing".

Og Bibelen er full av ord som seier det. Det er hovudbodskapen i Skrifta. Jesus døydde for oss for å fria oss ut frå alt vondt. Forløysinga sett på denne måten er langfredag på Golgata.

Likevel. Ligg ikkje dette bak alt som er sagt om rettferdiggjering og helging? Me kan ikkje tala rett om nokon av dei utan å byggja på Jesu død. Me ser og at dette ordet kjem til slutt i ei logisk rekkefylgje: frå visdomen me treng for å sjå frelsa, til rettferdiggjeringa og helging som neste trinn. Det siste vert då naturleg utfriinga frå denne vonde verda ved Jesu kome.

2. Jesu atterkome.

I hovudsak tyder dette at me skal friast ut frå denne verda og kome heim til himmelen. Bibelen seier mange ting om dette emnet, og det viser kor viktig det er. Men emnet høyrer og til dei som kristne er mykje usamnde om. Difor skal me alltid trø varsamt i slike emne. Men emnet er stort, og det er uråd å få med alle deler her.

Me skal likevel nemna noko viktig om Jesu kome andre gong.

1) Bibelen seier han kjem att. Og det slår ned vår tvil på om han kjem. Det er med andre ord ikkje ei kyrkjelære eller mennesketankar. Det er ikkje ein gong eit tolkingsspørsmål. Bibelen er klår når han seier at Jesus vil koma att ein gong.

Om ein reknar etter, finn ein Jesu atterkome omtala over 300 ganger i NT. Det syner utan tvil at dette er eit hovudemne i Skrifta. Gud vil at det skal verta forkynt. For ordet om hans atterkome har både ein vekkjande og ein helgande verknad på menneska.

Det siste Jesus seier i Bibelen er denne lovnaden: Ja, eg kjem snart. Op. 22, 20. Og når han kjem, skal frigjera dei truande frå den vonde verda.

Paulus skriv mykje om det, m.a. i 1. Tes. 4, 17: Me skal rykkjast opp i skyer opp i lufta for å møta Herren. Det vert altså eit møte mellom Kristus og alle dei truande, og dei som er i gravene. Det blir ein veldig dag.

Fleire likningar av Jesus talar om dei siste tider. Dei vert nok tolka på fleire vis, men poenget er klart hjå dei fleste: Jesus kjem att, som brudgom, om natta - men til sovande kristne. Eg ser det slik at Bibelen ikkje fortel om ein vaken, levande kristenflokk i den siste tid. Han fortel om sløve kristne som liknar kyrkjelyden i Laodikea, Op. 3, 14ff.

2) Jesu atterkome er verda si von. Han kjem for å gjera oss fri, til og med skapningen skal frigjerast. Den sukkar etter ei utløysing, Rom. 8, 19. Kor mykje meir gjeld ikkje det dei truande.

Dei truande er forløyst ved Jesus død. Men me lever i ei vond verd, ei verd som er bunden i Satans lekkjer. Jesu atterkome tyder at me skal løysast ut or denne verda og alt som høyrer til den.

Kva skal Jesus løysa oss ut frå?

Verda

a) Han skal løysa oss ut frå den vonde verda. Gal. 1, 4 seier føremålet med at han gav seg sjølv for våre synder, var å "fri oss ut frå den noverande vonde verda". Uttrykket "han gav seg sjølv" kan tyda fleire ting. Men her må det tyda at han gjekk i døden for oss ettersom han brukar uttrykket "for våre synder". Berre døden kunne vera soning for synda.

Føremålet var å fria oss ut frå den vonde verda.

- Verda er vond. Ordet for verda som er nytta her, er "aiån" som tyder tidsalder. Her er ordet brukt om "tiden mellom skapelsen og verdens ende" (D.A.Frøvig). Denne tida er fylt med mykje vondt. Alle har sett litt av det, og det har truleg ikkje minka med åra. Metodane og uttrykket for det vonde kan endrast, men det vonde er like vondt nå som før. I uttrykket verda ligg og menneska. Dei er vonde. Dei er ei ytre årsak til at tida før Jesu kome er vond på grunn av alt det vonde dei gjer mot andre menneske.

- Jesus døydde for å fria oss ut or den. Her tenkjer han på dei truande. Dei vert med i denne frigjeringa. Og den tok til med Jesu første kome og var med i Golgataverket. Men så lenge dei kristne er på jorda i denne vonde tida, er dette frigjeringsverket ikkje fullført. Den endelege utløysinga står att og fell saman med Jesu kome.

Dei kristne har lett for å verta påverka av verda, både i tenkjemåte og levesett. Då vert me verdslege. Eit viktig kjenneteikn på den verdslege tanken er å innretta seg heilt for dette livet. Då vert me sløve som kristne og gløymer den vesentlege oppgåva: å vinna menneske for himlen. Difor skal ein kristen aldri gløyma at han er ein framand og utlending på jorda. Me skal ikkje vera her alltid.

For ein ærleg kristen vert det ofte ein tung tanke når han merker at verda grip tak i han. Han veit han står i fare for å missa både velsigning og livet i Gud. Her vil tanken på ei utløysing frå alt dette, verka frigjerande og vera til oppmuntring. Hald ut, du vert snart fri!

Me synest å sjå at tilstanden i verda vert verre til nærare enden med kjem. Den vert så å seia mogna fram til domen. Dette vil kulminera med Anti-Krist og den store trengsla. Då vil nok mange truande lengta bort fra denne verda, for då ser dei ope og klårt at ho er fiendsk. I vår tid er verda lumsk og lurer mange med fin tale.

Ein gong Jesus tala om dei siste ting, sa han noko om dette. Han har tala om teikn før si kome, om trengsel og fortviling. "På jorda skal folk gripast av redsle og rådløyse når hav og brenningar brusar... For himmelkreftene skal skakast" (Luk. 21, 25f.).

Då legg han til, med tanke på dei kristne i den siste tid: "Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar" (v. 28). Her er same ordet brukt for utløysing. Når trengsla vert stort og det er vonde tider i verda, då kan me lengta heim. Det har Jesus gjeve oss lov til.

Lekamen.

b) Me skal løysast ut frå ein skrøpeleg lekam. Så lenge me er her på jorda, er me bundne til lekamen vår. Bibelen kallar han ein nedringslekam.

Me veit det alle og har sett det: Nokre menneske har ein ekstra skrøpeleg lekam. Dei er bundne til sjukeseng, mykje medisin og får ein ganske snever omgangskrins. Få kjem på vitjing og dei næraste kan verta irriterte og slitne. Unge kan sitja på gamleheim eller mellom senile. Menneskeverdet slik me vanlegvis tenkjer, er heller redusert.

Det er umogeleg å tenkja seg inn i all den liding slike menneske har. Ofte teier dei og lir i det stille. Dei vil ikkje leggja sine sorger over på andre. Dei hadde og draumar om eit fint liv, og mykje dei ville gjera og vera med på. Så brast alle voner, kanskje i tidleg alder. Då er det ikkje lett å leva.

Paulus seier nå at Jesus skal gjera noko med ein slik lekam. Ordet i Fil. 3, 21 må dekka alle former for sjukdom og vondt i lekamen: Jesus "skal omskapa fornedringslekamen vår og gjera han lik herlegdomslekamen sin", seier han. Her vert vår lekam stilt opp i motsetnad til Jesu fullkomne lekam. Og vår lekam har heller ingen feil i det himmelske rike.

Det kjem ein dag som du lidande bror og søster kan sjå fram til: Jesus kjem og gjer slutt på alt det. Sume kan tru at det er ei fatig trøyst i denne tida. Men trua kan sjå og må sjå lenger. Ho ser inn i det fullkomne. Då vert alt nytt.

Kjøtet.

c) Jesus skal også fria oss ut frå vår gamle natur med alle dei lyster og syndige dragningar det har. Bibelen kallar det kjøtet. Og det er eit godt namn. Like nær som kjøtet er oss, like nær er det vonde i oss. Me slepp aldri fri så lenge me er her på jorda.

Det må vera den Paulus tenkjer på i Rom. 7 når han talar om syndelova og dødens lekam, v. 23-25. Han seier han er kjøtleg og seld under synda. Han er så bunden av synda i seg at han gjer det han hatar og at han ikkje maktar å gjera det gode. Ja, synda bur i han.

Dette er ikkje eit uomvendt menneske sin tale. Det er ein kristen i kamp mot synda og si eiga falne natur. Og det er ein større og hardare strid enn ytre fiendar og ein skrøpeleg lekam. Kjøtet må me alle strida imot.

I Rom. 8 ser han løysinga, frigjeringa i Kristus. Og då bryt han ut i djup lengting: "Vi og sukkar med oss sjølve, medan vi lengtar etter barnekåret vårt, (som er) utløysinga av lekamen vår" (v. 23).

Satan.

d) Han skal løysa oss frå Djevelen og alt hans vesen. Satan angrip alle kristne før eller seinare, men han gjer det på ulik måte. Me har alle våre svake sider, og Satan angrip oss der. Han er lik ein dyktig general i krig: han set inn sine angrep der han ser fienden har eit dårleg forsvar. Og han kjem uventa, med lumske angrep og lokkar byttet til seg.

Job er eit døme på det. Korleis kunne han tenkja at Satan ville ta alt han åtte? Det var sikkert ikkje i tanken hans. Men så slo han til.

Slik kan han møta oss og. For Djevelen går ikring som ei brølande løve, seier Peter. Difor er det grunn til å vere edrue og vake. Nokre gonger kler han seg som ein engel frå Gud, kjem stille og audmjuk slik at få merker det er den vonde. Då er han fårlegare enn nokon gong.

Dette minner han og korintarane om, 2. Kor. 11, 14f. Satan skaper seg om, står det. Han har makt til å stå fram på fleire måtar og har mange slags klede.

Igjen må me seia: Den ærlege kristne veit kor lett han kan falla og svikta. Mange har gjort det før, store, sterke Guds menn har falle for "djevelens lumske åtak" (Ef. 6, 11).

Då kan den truande løfta blikket og sjå framover - mot utløysinga. Det vert ein god dag når alle åtak er slutt. Når djevelen ikkje lenger kan nå meg. Og han ikkje meir får bruka andre menneske til å såra og øydeleggja både namn og rykte. Då er eg heime, frelst og fri.

Då kan me seia med endå større sanning: Det gamle er borte, sjå alt er blitt nytt.

Det siste spørsmålet nå vert dette: Er du klar til å møta Jesus i dag? Har du gjort opp alt slik at døra inn til himmelen er open? Den opnar seg berre for dei som trur på Jesus og lever i Guds nåde.