mandag 26. oktober 2009

175) Rom. 4, 3-5.

-->
.
Rom. 4, 3-5.
To slag.
.
Her skriv Paulus om to slags menneske. Bibelen gjer i grunnen det mange ganger, men det kan seiast på ulike måtar. Denne gongen skil han folket med omsyn til gjerningar. Nokre har gjerningar og andre har ikkje det, skriv Paulus her. Og han nyttar Abraham som døme.
.
Nå er det nok slik at alle menneske gjer noko, slik sett har me alle gjerningar. Spørsmålet er kva slags gjerningar eller kva legg me i dei? Det handlar om religion. Og ”gjerningar” blir her sett i samband med tilhøvet til Gud. Kan det me gjer, gje oss kontakt og samfunn med Gud?
.
A. Den som har gjerningar.
Den eine gruppa menneske reknar her med gjerningar. Dei har gjerningar, skriv Paulus. Difor reknar dei med sitt eige liv når det gjeld frelse.
.
Desse menneska lagar seg sjølv ei rettferd av sitt eige liv. Frelsa blir menneskeverk. Han tenkjer kanskje først og fremst på sitt eige folk, særleg farisearane. I kap. 10, 3 skriv han: Dei søkte å grunna si eiga rettferd og gav seg ikkje inn under Guds rettferd. Slik tok dei Mose lov bokstavleg i v. 5: Det menneske som gjer desse ting, skal leva ved dei. Dei tenkte ikkje over om dei verkeleg kunne halda lova rett.
.
Gjerningane her kan vera eit fint og godt liv med ei god oppseding. Dei er høflege og hjelpsame og dømer ingen. I denne flokken finn me ikkje fyll og drikk og ytre grove synder. Ingen veit kva som er skjult og ikkje kjem fram i dagen. Men den ytre sida er dei nøye med.
.
Eller det kan vera religiøse menneske av ulik slag. Dei går i kyrkja og tek del i seremoniar, av og til kan dei og koma innom bedehuset på ein fest el.l. Nokre les litt religiøs litteratur og ber sitt Fadervår. I det ytre brukar dei gjerne å seia at dei held seg til sin barnelærdom. Ja, nokre kan gå eit steg lenger i religiøsitet: Dei ofrar pengar til kristne føremål og gode humanitære organisasjonar. Dei kan vera med i kristne foreiningar og hjelpetiltak. På spørsmålet:Er du kristen, vil ofte svaret vera: Ja.
.
Mellom desse menneska er det noko som alltid manglar. Dei kjenner ikkje til kva nåde er, eller dei msibrukar nåden. Det skjer t. d. ved at dei tenkjer og seier: Eg gjer så godt eg kan, og så kjem Gud med sin nåde og gjer resten. Frelsa blir ei blanding av deira eigne gjerningar og litt Guds nåde. – Giud har aldri sagt at det er rett.
.
For Bibelen er klår på dette: Eit syndig menneske blir berre frelst av rein nåde. Ef. 2, 8: Av nåde er de frelste, ved tru, og det er ikkje av dykk sjølv. Ein som ikkje er slik, kan ikkje bli frelst om han er aldri så godt og snill. Den som reknar med sine gjerningar, får løn, står det. Og det er slik han har fortent. Kva fortener eit syndig menneske som løn? Døden, den evige, fortapinga. Det er slutten for alle gjerningskristne. Du er vel ikkje ein av dei? Kanskje du berre har nokre få, små gjerningar som du klynger deg til? Kasta dei frå deg, dei er duglause i Guds rike.
.
B. Den som ikkje har gjerningar.
Den andre gruppa er fattige menneske. Dei har ingen gjerning å visa Gud. Dei kjem nakne med ei stor syndegjeld.
.
Dei er ugudelege menneske. Mange av dei reknar seg som den verste syndar på jord, som Paulus. Og dei har ofte gjort mange synder, store synder, grove synder. I denne gruppa finn me og skikkelege folk som ikkje har brote norsk lov eller skjemt seg ut i samfunnet. Men Gud fekk syna dei korleis det var i hjarta. Då såg dei at dei ikkje elska Gud, men berre seg sjølv. Ja, dei unngjekk Gud og ville ikkje ha med han å gjera når han viste dei synda.
.
Når dei er utan gjerningar, tyder det at dei ikkje hadde gjort noko godt som Gud kunne bruka. Dei var heller misnøgde med seg sjølv og nokre fattige sjeler. Når dei fekk sjå seg sjølv rett i lys av Guds ord og Ande, merka dei at dei ikkje hadde ein rett anger over synda, dei var ikkje varme i bøna og hadde heller ikkje ei rett omvending til Gud. Det var i grunnen galt alt saman. Dei hadde berre ein tapskonto.
Skulle Gud handla rett med oss då, måtte han senda oss ned i fortapinga. 
.
I si åndelege naud og fattigdom såg dei opp til sin Frelsar og trudde at han kunne frelsa dei. Det var i grunnen det einaste dei gjorde. V. 5. Dei kunne ikkje stola på seg sjølv, men sette si von til Gud. Og då opplevde dei å få nåde. Gud sjølv tok dei inn til seg av nåde, utan at dei hadde noko med seg. Og det er slik Gud vil menneska skal koma, for me kan berre koma til han på denne måten. Det er vårt vitnemål som har gjort det.
.
Kva hender då?
Du får ei ny rettferd. Det livet du hadde levd sjølv, var jo nyttelaust og kunne ikkje brukast i himmelen.Det var din eigen svarte drakt. – Nå fekk du ei ny. For ein annan hadde betalt sine synder og kjøpt eit nytt liv til deg. Gud ga deg si eiga rettferd på grunn av Golgata, der Jesus døydde for dine synder.
.
Ved tru fekk du sjå det var ditt. Nå var det ikkje lenger gjerningar du tenkte på, det var trua som greip Jesu gjerning. Du fekk lov å tenkja at det var dei skrøpelege Jesus ville frelsa. Kap. 5, 6. Nå såg du at det var nett slik du var. Og nå syng du:
.
Jeg er et intet, men Jesus mitt alt.
Inntil i dag til i dag.
Han på min regning har skrevet betalt,
Inntil i dag til i dag.
.