fredag 30. oktober 2009

182) Rom. 1, 7.


SLIK ER DEI KRISTNE
Rom 1,7.

I v. 6 skreiv Paulus at romarane også var kalla til dette livet. Dei var heidningar, og Jesus var komen for dei. Evangeliet var for alle.

Men korleis er det så å vera ein kristen? Kva kjennemerke er det på dei, eller kva merkelapp kan me setja på ein kristen? For han skil seg radikalt ut frå alle andre, om han ER ein kristen. Det kan ikkje skjulast. Og dei kristne har i botn og grunnen vore nokså like til alle tider. Me er mykje lik Paulus om me lever i vår tidsalder.

Her er noko:

1. Me er elska av Gud. Utan det var me ikkje frelste. Det er sjølve grunnlaget for evangeliet. Det er ”hovudtittelen” på Guds born, seier Rosenius.

Bibelen seier at Gud elskar heile verda. Me har mange ord for det. Den vesle bibel er viktig, Joh. 3,16. Men også Moses skriv om det. Gud elskar den framande, seier han, 5. Mos. 10,18. Og Johannes har dette altomfatande ordet: Gud er kjærleik, 1.Joh.4,8.

Han elskar alle, til og med fiendane, dei som hata han og krossfeste han. Difor kan Johannes skriva: Sjå, stor kjærleik Faderen har vist oss, 1.Joh 3,1.

Dette kan ingen forklara eller skjøna. Men slik er Gud. Ein har sagt: Gud elskar avdi han elskar. Og det beste prov på hans kjærleik er nettopp Jesus: Ved dette vart Guds kjærleik openberra mellom oss, at Gud har sendt sin einborne Son til verda… 1. Joh. 4,9f. Legg merke til dette: Det er berre i Kristus Gud elskar menneska til frelse.

Likevel, Gud har ein serleg plass i sitt hjarta for sitt eige folk. ”Liksom han hadde elska sine eigne som var i verda, såleis elska han dei til det siste,” Joh.13,1. Ei mor elskar sine born meir enn noko, også det barnet som døydde. Slik er Gud. Me og kan elska mange me møter i livet, men ein serleg plass har våre aller næraste. Judas skriv: Hald dykk i Guds kjærleik medan de ventar, v. 21.

2. Me er kalla av Gud. Han innbyr oss til sitt rike. Me er kalla til frelse – frå synd og dom og evig død inn til hans velsigna rike. Og kallet skjer ved Ordet og Anden. Det er gjennom forkynninga av Guds ord at Anden dreg menneska til seg. Me skal ikkje venta på kjensler, at me føler me er kalla. Jesus vil ha tak i deg. Ordet seier. Det er kallet.

Gud er årsak og opphav til kallet. Han tek til. Difor er det eit nådekall. Me kan ikkje rosa oss av at nett me vart kalla. Gud har all ære for det.

a) Frelseskallet gjeld alle. Ikkje en så ussel er at ei Jesus har dem kjær, syng me. Me trur ikkje det er rett det Calvin og andre reformerte lærer: at ikkje alle kan bli frelste. Gud har utvalt ein del av menneska til frelse. Det finst inga ’forutbestemming’ til fortaping. Me har mange Guds ord for at alle kan bli frelst. ”Gud – som vil at alle menneske skal verta frelst,” skriv Paulus. 1.Tim. 2,4. Det er eit sterkt Guds ord for at også du kan bli frelst.

b) Gud kallar syndarar til seg. Luk 15,2 seier så fint: Denne mann tek imot syndarar… Og Jesus seier: Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men for å kalla syndarar. Mat. 9,13. Alle er syndarar både i arv og i gjerning. Difor gjeld det. Men ikkje alle vil erkjenna si synd. Når Anden skal kalla oss, har han mykje strev med å visa oss vår synd. Gjerningane er kanskje det minste når me får sjå inn i vårt indre hjarta. Den som då erkjenner alt og ropar på nåde og hjelp, er nær Guds rike. Dei som etter hans råd er kalla, står det. Rom.8,28.30. Gud har bestemt det frå æva av.

c) Men Gud kallar til omvending. Han elskar alle, også dei djupast falne. Men han vil ikkje at me skal vera der eller leva som før. Han veit det vil bli til øydelegging for oss. Den einaste vegen ut, er å venda om frå mørke til lys. Rom.2,4 fortel at ”Guds godleik driv deg til omvending”. Og døyparen tala sterkt om dette, Mat.4 og Luk 4. Omvending tyder eit nytt sinn. Noko må skje på innsida vår. Og det kan berre Gud gjera. Difor er omvendinga eigentleg Guds verk, når me går til Jesus med alt.

3. Guds born er heilage. Det er eit vakkert namn, men ikkje lett å skjøna her i den syndefulle verda. Er det verkeleg sant? Me kjenner nok lite til det i vårt eige hjarta.

Ordet heilag (gr. hagiois) tyder å vera utskilt frå det verdslege til teneste for Gud. ”Dette er hovudtrekket hos Guds folk uten unntagelse,” skriv Rosenius. Han kan me altså prøva oss. Her er alle kristne like, så sant me er sanne kristne.

Der er eit skilje med synda og verda. Du er ikkje slik som dei. Og du har fått eit nytt selskap og ei ny interesse. Guds rike. Jesus er blitt livet, Fil. 1,21.

Men ein kristen merkar snart at han ikkje er i stand til å gjera noko av dette heilt. Han ser meir og meir av sine brist og manglar. Me greier ikkje å skilja oss heilt frå det vonde, og stilla oss heilt til teneste for Gud. Me er

Då er det godt å høyra at Kristus vil gjera det og for oss og i oss. ”Eg helgar meg for dei, så dei og skal vera helga i sanning.” Slik ber han i Joh.17,19. Difor er det og nokre som omset Rom.1,7 her slik: Ikkje: kalla og heilage, men: kalte hellige (Gunnes) eller: kalla til å vera heilage (NIV). Me har fått eit kall også til vera heilage. Prof. Olaf Moe tolkar det også slik. Og S. Odland skriv som tolking: ”Likesom Israel i G.T. kalles et ’hellig’ folk, fordi det av Gud var tatt ut av folkenes store mengde og gjort til hans eiendomsfolk, således er i den nye pakt alle troende ’hellige’.” Og O. Moe skriv som tolking: ”Hellig står nemlig ikkje i etisk betydning: rene, uplettede av all synd, men nærmest religiøst: uttatt av verden og innvidd til Guds eiendom.”

Det er altså ikkje tale om kor mykje me er innvigd til Gud, eller kor mykje me tenar han, eller kor reine me er blitt frå synda i dagleglivet. Dette vil aldri bli fullkome her på jord.

Me er kalla til å vera heilage, då ligg grunnen hjå Gud som kalla oss. Hovudsaka i dette verset er då at Gud har teke oss ut frå synda og gjort oss til sine born. Det er av berre nåde på grunn av hans verk. Det er plasseringa det er tale om her. Gud har plassert oss i sitt rike.

4. Helsinga er nåde og fred. Me vart frelste av nåde, det motsette av alt vårt eige. Men me treng nåden heile livet. Det er ikkje berre porten, men heile vegen fram. ”Det var nåde ifra Gud den hele vei.” Me lever kvar dag på nåde.

Her ligg også ein fåre. Me kan bli freista til å tru at me klarar det sjølv. Me kan evangeliet og kjenner vegen. Her kan nokon bli sjølvgod og sjølvhjelpt. Paulus vil visa dei: Me er like hjelpelause nå som første gong. Alt må vera av Han, utan vår forteneste.

Og fred. Ikkje politisk fred og ikkje alltid fred med alle menneske – sjølv om det er målet. Jfr. Kap. 12,18. Rosenius skriv om denne fred: ”Ordet fred betyr for det første at i vårt forhold til Gud er uvennskapet opphevet, for det er skjedd en forlikelse. For det andre har sjelen visshet om det, og derfor har den nå ro i samvittigheten og en god fortrolighet til Gud.” Og Luther seier: ”Desse to korte orda omfatar heile det kristne livet. Nåden er syndsforlating, og fred er eit glad og sælt samvit.” Fred er eit rett tilhøve til Gud, og at eg får tru dette og er lukkeleg i livet med Jesus. Fleire ting kan forstyrra denne siste freden, men det endrar ikkje tilhøve til Gud når eg lever i nåden.
.