fredag 23. oktober 2009

169) Rom. 8, 31-35

Kven vil anklaga oss?

Rom 8, 31-35.

Her er fleire spørsmål: Kven er mot oss, kven vil anklaga, kven fordømer, kven vil skilja oss. Det er ikkje galt å stilla spørsmål, men me må finna rett svar. Og: Her gjeld det oss, truande, Guds folk, arbeidarar, misjonærar. Me er i denne situasjonen! Meir utsett enn nokon.

.

Merk: her er alle svar: Kristus. Alt har si løysing der. Når me er nær han, er alt anna lite, ubetydeleg og unødvendig. Jesus er testen på Gudsforholdet.

Kven er våre fiendar?

.

- Som kristne har me fiendar. I krig er det viktig å kjenne dei, og vita strategien deira.

.

a) Satan. Han er løgnar og forførar. Han kjem som ei brølande løve eller som lysets engel. Ingen kan bedra som han. Han har fleire namn: i 1.Pet.5,8; løve. 2. Kor. 11,14: Lysets engel. Joh.8,44 far.

Ef.2,2: hovdingen over maktene i lufta, den ånda som verkar...

Ef. 6: maktene, herrevelde, vondskapens åndehær i himmelrommet.

.

Ta han på alvor.

Han er vår fiende, han har svore: Du skal gå fortapt, i helvete. Han anklagar dag og natt, Åp. 12.10. Det er eit merke på gudsliv.

.

b) Verda. Det er menneska og alt i verda. Den berusar oss, anklagar og dømer. Det gjeld også medkristne.

Verda vil at dei kristne skal bli verdslege! Då føler de seg ikkje dømde! Ein gudfryktig kristen er ein dom over verda. Me er salt på same tid som me er lys.

.

c) Kjøtet, er du sjølv. Den falne natur anklager oss. Songen seier: "Verste fienden ber du djupt i din eigen barm".

Jak. 1,14: Kvar den som vert freista, vert dregen og lokka av si eiga lyst. Det er vårt indre, kjøtet, den falne natur.

Får fienden fridom, vinn han siger. Du vil fortvila, gi opp, sløvna og sovna. Dette er anfektinga. Det er ikkje sjølvsagt å vera ein kristen. Det er og blir ein kamp.

.

d) Vranglærarar. Dei har gjort stor skade i Guds rike. Også vanlege menneske kan gjera skade. Dei er mot oss og anklagar oss.

.

For støtt der nordmenn lyt vera med, når Noregs merke skal hoggast ned. (Per Sivle) (Slaget ved Svolder.)

Ikkje berre vrang lære, men det fører til sløvt liv og verdslegdom. Det blir ein verdsleg, avstumpa kristendom. Dei forkynner ein lettare veg, tar bort alvoret, ansvaret, og det spesielle.

.

Me har fått ein kulturkristendom nå, med miljø og trivsel som hovudsak. Det er mest som Christoffer Brun som var anti-pietist og folkehøgskulemann der det nasjonale ofte hadde stor vekt i det religiøse.

.

- Me bør heller anklaga oss sjølve når me syndar. 1. Kor. 11,31: Dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde. Gå til Gud med det. Kva skjer då?

Svaret kjem i v. 33: Gud er den som rettferdiggjer syndaren. (NO.78: frikjenner). Det er klårt sagt i Bibelen. Då er me fri.

Pontoppidan seier til spørsmål 503: ”Hva er rettferdiggjørelsen: Den består i at den treenige Gud av bare nåde frikjenner en botferdig og troende synder både fra synden og dens straff, og i stedet tilregner ham Kristi rettferdighet. Ja, anser ham i Kristus som om han aldri hadde syndet.”

.

Å bli frikjent er berre halve saka. Me blir også tilrekna ei ny, fullkomen, rettferd. Me er kledd i ein ny drakt som gjeld i himmelen så vel som på jorda. Kor har Gud bevist det? Kva er svaret?

.

1) Kristus er død. Døden er synda si løn. Den tok Jesus på Golgata. v. 32;34. Joh.19,30: Det er fullbrakt, sa Jesus på krossen. Det er frelsens grunn. Han ga eit fullkome offer, då han tok synda sin dom, straff – og gjorde det i vår plass. Det er ingen grunn til anklage. For det er synda Djevelen kjem med! "Sønnen betalte, la det være nok, barn er du, barn får du være." Klyng deg til det i anklagen!

.

2) Noko meir: oppstoda. Det tyder at Jesus lever nå.

Gud viste Satan og alle menneske: Frelsa er godkjent, Gud er fornøgd. Oppstoda er kvittering på det.

Guds son behøvde ikkje å vera i grava. Hans gjerning var gjort, og den var fullkomen. Oppstoda er siger. "Jeg levende så ham i hagen og aldri så skjønn jeg ham så. I 2.Tim.1,12 les me: Eg veit på kven eg trur. Det var Paulus sitt vitnemål. Og Job seier i Job. 19.25: Eg veit at min gjenløysar lever.

.

Paulus skriv i Fil.3,10: Han vil kjenna krafta av hans oppstode. Rosenius skriv om Rom. 8, 34: "Når Kristus døde for våre synder, gjaldt det for Gud som om vi selv var døde for syndene, og som om vi var oppstått rettferdige. Selve rettferdigheten består deri at stedfortrederen er rettferdig.”

.

Kva tyder det? Gal. 2, 20: Kristus lever i meg, eit nytt liv. Me lever eit heilt nytt liv som kristen. Jesus er ein levande frelsar – ”han går ved vår side, og leder vår gang.”

.

c) Jesus ber. Han er ved Guds høgre hand, der er han vår representant. Når me er trøytte, og ikkje klarar meir, kjem han oss nær. I Heb. 7,25 les me: han lever alltid for å gå i forbøn for oss. Og i Heb.9,24 står det: Nå openberrar han seg for Guds åsyn for vår skuld.

.

Da taper Satan. Ein song er slik: ”Jeg har en bror som ved Guds side, vet om min sak og ber for meg. Jeg har en nådestrøm så vide, som himlens hvelving strekker seg.”

- Og svar på vranglæra? Det er alltids! Det tyder her: Me må bøya seg for Guds ord og lære, vera viljug å gå hans veg, og å arbeida i misjonen på hans måte. Jak. 4, 15: I staden for å bestemma sjølv, skulle me seia: Om Herren vil! Det gjorde Jesus i Getsemane. Mark. 14, 36.

.

Til slutt: Her er dette sanning kap. 8,1: Det er inga fordøming for dei som er i Kristus. Er du i Kristus, då er du fri. Det er spørsmålet.