fredag 2. oktober 2009

160) 1. Kor. 1, 18.

Ordet om korset. 1.Kor. 1,18.



Korset deler verda i to. Slik er det og i Rom1,16. Dette er det eigentlege skilje mellom kristendom og alle andre religionar og livssyn. Og det må me halda fast på i tanke og samtale med folk. Alle andre ulikheter er sekundere og eigentleg ikkje viktige.


Vårt tilhøve til korset avgjer også vår eigen stilling som kristne. Er eg ein sann kristen eller ein hyklar. I vår ungdom brukte me å gå med gullkors på jakka. Slik viste me at me ville til himlen, og at me ikkje skamma oss over det. Men korset må ha meir å seia for oss, det er vår frelsesgrunn. Den må me få sjå. Og den er eigentleg vårt frelsesinnhald og vona ved død og dom.

Men her skiljer folket seg, skriv Paulus.


A. Dårskap. For nokre er korset ein dårskap, til anstøyt. Folk kan tåla mykje anna, god tale om Gud og hans kjærleik o.a. Menneskeord og fornuft er bra. Men ikkje ordet om korset. Det irriterar og dømmer oss. – I 2.Kor.4,3-4 skriv Paulus at denne verdens gud har forblinda dei vantru slik at dei ikkje skal tru. Det er frukta av djevelen sitt verk frå Eden og seinare. Og den ligg i alle menneske som ein arv, dvs. kjøtet. Den russiske astronauten Titov sa etter første tur i verdsrommet: Eg såg ingen gud, og eg trur ikkje der er nokon gud. Diktaren A. Øverland skreiv si trusvedkjenning slik: Der er ingen gud, inga forsoning og ikkje ei æva. Slik er det naturlege sinn. Fil.3,18f. –


B. Kraft. For andre – oss seier Paulus: er det ei Guds kraft. Det gjeld alle frelste i alle land. Og slik har det vore til alle tider. Dei som vart frelste og fekk tilgjeving for synda, såg det. Det blei sentrum i vårt liv. Det hende slik: Me såg me var syndarar, me sank ned for Gud, trøytt av synda og gav opp vår motstand. Der fekk me tru at Jesus tok vår synd, han hadde sona den på korset. Nå vart det redninga. Det er krafta. Berre han kan hjelpa. Og krafta til frelse blir sterkare til meir du får sjå inn i kva den tyder.

Kva tyder då korset, kva fortel det oss?


1. Eg er ein syndar. For Jesus døde for meg på korset. Då må eg vera mellom syndarane. Og eg er ein dødsdømt person, slik Jesus var det. Bibelen seier mykje om synd, og den fortel at me alle er medrekna der. Det byrja ved syndefallet. Adam og Eva fall og drog alle menneske med seg i fallet. Borna deira vart etter alt å døma fødde utafor hagen, etter at synda hadde smitta dei, Difor seier Paulus:Alle har synda, Rom.3,23. Og prof. skriv: Den sjel som syndar, han skal døy, Esek.18,4. Rom 5,6.8 seier også: Kristus døde for ugudelge, og medan me endå var syndarar. Og Rom.6,23 er klårt: Synda si løn er døden.

Det beste prov på at du og eg er syndarar, er Jesu død på kroset. Utan vår synd, hadde Jesus aldri kome til korset. Og difor dømer korset oss, det minner oss om kven me er. Og det forargar folk flest. Du og eg er som røvaren: me fortener å døy. Luk.23,41.

2. Korset fortel også at Gud elskar oss. Det var Guds kjærleik som førte han til korset. ”Din kjærlighet har bundet deg å få oss løst igjen.” Den lille bibel er klår: Så har Gud elska verda at han ga… Joh.3,16. Guds kjærleik ser du på korset, kor stor den er og kor høgt han elska oss. Difor sto det i ei omsetjing: Så høgt har Gud elska verda (Ungd.oms. 1959). I Rom.5,8 såg me det og: Gud syner sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss… Korset er provet på hans kjærleik. Så høgt elska han verda. For der er også hans verste fiende med. Alle er innskrivne i Guds kjærleiks register. ”Det var han svært å tenke på at verden under skulle gå, det skar hama i hans hjerte.” Om det berre var ein syndar på jord, ville han gått denne vegen.

Men det er viktig å merka seg: Det er berre på korset Gud elskar oss. Kjem me utanom korset, er me under Guds dom og vreide. Guds kjærleik er ikkje klapp på skuldera og venlege ord: det er ikkje så fårleg, me skal ordna dette. Guds kjærleik er ein bestemt veg heim til Gud. Der må me gå om me skal nå målet.

3. Me ser at synda er borte. Ofte ser me ikkje det straks. Gud fører oss inn i kamp der me må sjå meir av oss sjølv før synet på korset klårnar. Men når du ser det, vert frelsesgrunnen ikkje di eiga oppleving av det eller kjensler. Du får festa lit til korset, der skjedde det og der ligg grunnen. Den er 100 % ssikker og vil alltid stå fast, same kva eg kjenner og opplever og kor syndig er ser meg. Alltid får eg koma attende til korste. Jesus betalte kvart øre. Skuldbrevet er nagla til korset (Kol.2,14), straffa låg på han (Jes. 53,5). Det blir sant for deg og det døyparen sa: Sjå der er Guds lam som ber verdsens synd. Joh.1,29. Og Peter sine ord blir dine: Han som bar våre synder på lekamen sin opp på treet, 1.Pet.2,24. Dette er evangeliet.

Fordi alt er gjort ferdig, fortel korset at det har makt til å frigjera og løysa deg. Det er ordna. Me kan ta imot.

Cromwell dømde ein mann til døden for eit brotsverk i krig. Kyrkjeklokkene skulle ringa som teikn på at han skulle drepast. Kona gjekk opp i kyrkjetårnet og heldt kring kolben då dei skulle ringa. Hendene var knuste mot malmen. Dermed kom det ikkje ein lyd frå tårnet. Ho vart henta til Cromwell, og ho ba om nåde for mannen. Kvifor skulle eg gjera det? sa han. Sjå på desse hendene mine, herre, dei er knuste .- For eg elskar denne mannen. Ved ein slik kjærleik bøygde han seg og frikjende. Slik er Gud. Sonen vart knust i vår stad.

Utan korset er me fortapte. Difor treng heile, verda bodskapen. Difor må det forkynnast. Krafta er stor nok for alle. Korset er vår sjanse og kristendommen si framtid.

.